Vedtekter til bygningsloven for Øygarden kommune.

DatoFOR-0000-00-00-446
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-24-1644
Endrer
Gjelder forØygarden kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Øygarden

Kapitteloversikt:

30. juni 1983
Til § 21, 1. ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt er knytt til generalplan for Øygarden kommune, vedteke av kommunestyret den 10. desember 1981, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet den 10. januar 1983.

II. Vedtekta gjeld heile kommunen med unntak for dei områda der det ligg føre endeleg reguleringsplan eller godkjent strandplan.

III. Vedtektsområdet er synt på kart i målestokk 1:20.000, dagsett den 30. juni 1981 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 30. juni 1983.

Arealbruken er slik:

1.Eksisterande byggeområde, som vist på kartet
2.Planlagte byggeområde
A.Bustadområde (kodene stemmer ikke)
1.Austmarka, Rong
2.Nordre Sæle, Sæle
3.Oen
4.Alvheim
5.Tennholmbakkane, Rong
6.Bakken
7.Tjeldstø
8.Skogsøy
9.Vik
B.Industriområde
1.Ljøsnesbukta
2.Eikeilen
3.Søre Rong
C.Hytteområde
1.Mekvatn, Nautnes
2.Langholmen, Herdlevær
3.Hernøytangen, Hernar
3.Jord- skog- og naturområde

Desse omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa for føremål nemnt under pkt. 1 og 2 ovafor.

IV. Innafor dei område som er nemnde under pkt. II og III ovafor kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnytting som er føresett i generalplanen.

VI. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå denne vedtekta etter at generalplannemnda har uttalt seg.

VI. Denne vedtekta tek til å gjelda straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1983 s 569)

24. juli 1970
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Øygarden kommune ikkje tillate å frådela tomt for eller å føra opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus, m.v.

Der generalplan med vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.

Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for unntak for enkelttomter når særlege grunnar talar for det.

2.For slike bygningar som nemnd under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttala seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.
5.Denne vedtekt trer i kraft straks.

(I 1979 s 1172)

24. juni 1986 nr. 1644
Til § 117.

I Øygarden kommune kan det i 3 år frå iverksetjing av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

Me gjer vidare merksam på at etter lovendring av 20. juli 1986 gjeld plankravet tilsvarende for arbeid eller tiltak etter §§ 81, 86 a og 86 b.

(II 1986 s 556)