Vedtekter til bygningsloven for Bykle.

DatoFOR-0000-00-00-45
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1982-02-18
Endrer
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Bykle

Kapitteloversikt:

18. feb. 1982.
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre er det i kommunen ikkje tillate å føre opp fritidshus, sportshytter, kolonihagehus eller liknande bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom. Det same gjelde fårdeling og bortfesting av grunn til slike føremål.

Bygge- og deleforbodet gjeld ikke for disposisjonsplanar som alt er godkjende av fylkesmannen eller for bygningar som skal førast opp på tomt som alt er frådelt og som det er gjeve byggeløyve for.

2.Det er forbode å setje opp hytter nærmare vatn og vassdrag enn 50 meter.
3.For bygningar som nemnde under nr. 1 skal i tillegg til kap. III og IV og § 65 og § 68 i bygningslova også gjelde § 63, § 66 nr. 1, §§ 69, 70, 71, 72, 73, § 74 nr. 2, §§ 87, 89, 91,92, 93, 94, 96, 97, 109 og kap. VI, XI og XVI.

For hyttegrender eller hyttekonsentrasjoner skal § 66 nr. 2 gjelde.

4.Bygningsrådet kan utferda nærmare reglar for hyttebygging, jfr. § 74 nr. 2 i bygningslova.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet dispensere frå føresegnene ovanfor.

(II 1982 s 127)

26. okt. 1981.
Til § 85.

Oppstilling av campingvogner, telt o.l. også for kortare tid enn 3 månader, er berre tillatt på områder som er godkjent for føremålet av bygningsrådet. Godkjenning kan berre gjevast når oppstilling av campingvogner, telt o.l. etter bygningsrådet sitt skjønn ikkje hindrar den allmenne ferdsel og ikkje fører til vesentlege ulemper for omgivnaden. Bygningsrådet kan settje vilkår for godkjenninga og også gjere den tidsavgrensa. Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende.

Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak får vedtekta.

Denne vedtekta gjeld ikkje for oppstilling av ein einskild campingvogn, telt o.l. på tomt for heilårleg bustad, jfr. likevel § 104 i bygningslova, og heller ikkje for telt som kan berast over lengre strekningar.

Vedtekta tek til å gjelde straks. Frå same tid fell nogjeldande vedtekt til § 85 i bygningslova bort.

(II 1981 s 809)