Vedtekter til bygningsloven for Årdal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-453
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1983-03-30
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Årdal

Kapitteloversikt:

Endret 20.09.1993 nr. 977.

17. juni 1969
Til § 1 i lov av 18. juni 1965.

I medhald av § 1 i bygningslova av 18 juni 1965 fastsetter departementet at A/S Årdal og Sunndal Verk inntil vidare skal vera fritatt frå fyresegnene i § 94, 95 og 97 i bygningslova innanfor verket sine fabrikkområde i Øvre Årdal og på Årdalstangen i Årdal kommune. Kart som viser grensen for ovennevnte område ligg i departementet.

Fritakinga er gjeven på vilkår at bedriften sender melding til bygningsrådet for registrering av dei bygningar og anlegg som skal oppførast, og at bedriften sjølv syter for nødvendig godkjenning frå dei myndigheiter utanom bygningsrådet som bygningslova eller forskriftene til lova krev. Bedriften skal gjera bygningsrådet kjent med slike godkjenninger. Bygningsrådet skal påse at bygningar og anlegg av uvanleg høgd stettar krava i § 74 nr. 2 i bygningslova. Oppføring av anna enn reine industribygg eller -anlegg omfattast ikkje av fritakinga. Industriverksemda bør skiljast frå andre bygningar ved parkbelte. Fritakinga gjeld heller ikkje fasadar og ubebygd areal mot yttergrenser for området.

(I 1969 s 659)

9. juni 1977
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert fråskilt før tomta har tilkomst og tilknyting til vatn og kloakk somnemnt i § 67.

(II 1977 s 266)

9. juni 1977
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggast på dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tomta har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1 fyrste ledd, og
b.hovudkloakk, herunder i tilfelle og særskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakktilknyting til annan hovudkloakk, og
c.hovudvassleidning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet og brannstyret godta vassforsyning frå annan vassleidning.

Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Veg, hovudkloakk og hovudvassleidning som er lagt av grunneigar (festar) vert halden vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktarlikevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidd etter fyrsteledd a.

(II 1977 s 266)

9. juni 1977
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69nr. 1, I den grad trongen for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal, må dette dokumenterast. Anlegga må visast i samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(II 1977 s 266)

9. juni 1977
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at nødvendig garasjeplass skal vera sikra for eigedomen.

(II 1977 s 266)

9. juni 1977
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplegg og lager av farleg og særleg sjenerande slag blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(II 1977 s 266)

9. juni 1977
Til § 81.

For husvære til sæterbruk og skogsdrift skal bygningslova gjelda fullt ut, herunder også reglane i bygningslova § 81 fyrste ledd. Slike husvære kan ikkje oppførast nærare vassdrag (elv, bekk, tjern eller innsjø) enn 50 meter. Avstanden vert målt frå standlinja i horisontalplanet ved gjennosnittleg flaumvasstand.

Når det ligg føre særlege grunnar, kan bygningsrådet gjeva unntak frå reglane i lova. Dette høve til unntak gjeld likevel ikkje unntak frå reglane i kap. III og IV og i § 65 samt frå § 81 fyrste ledd utover det som følgjer direkte av denne bestemmelse.

(I 1977 s 266).

30. mars 1983
Til § 82.
1.Inntil vedtekter til godkjent generalplan eller endeleg reguleringsplan ligg føre, er det i kommunen ikkje tillate å frådela eller bygsla bort tomter for, eller å føra opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus.

Disposisjonsplan for Mannsbergi og disposisjonsplan for Sletterust, godkjent av fylkesmannen den 6. juli og 7. juli 1981, gjeld likevel.

2.Bygningar som er nemnde i nr. 1 kan i område der det ligg føre generalplan medvedtekter, berre førast opp etter endeleg reguleringsplan eller disposisjonsplan godkjent av fylkesmannen.
3.Bygningar som er nemnde inr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 100 meter målt i horisontalplanet vedmiddels flomvasstand, og ikkje nærare bekk enn 50 meter (bekk som synes på Norsk Geografisk Oppmålings kartserie 711).
4.For bygningar som er nemnde under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV § 65 førsøte ledd og § 68, også gjelda §§ 63,66 nr. 1, 70, 71, 72, 87, 93, 94, 96, 109 og kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet dispensera fr reglane ovanfor.
6.Bygningsrådet kan utferda rettleiande reglar for hyttebygging, jfr. § 74 nr. 2 i bygningslova.
7.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid verttidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Årdal kommune, stadfesta den 28. juni 1977, oppheva.

(II 1983 s 237)

20. sep. 1993
Vedtekten til § 107 første ledd skal lyde:

I heile kommunen gjelde at skilt, reklamearrangement o.l. ikkje kan setjast opp utan etter godkjenning av bygningsrådet. I bustadområde er reklamearrangement ikkje tillatt.

Uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast tilstrekkeleg høgt på fasaden.

Uthengsskilt skal maksimalt stikka 1,0 m ut frå fasaden, og storleiken skal ikkje overstiga 0,5 m².

Lysskilt skal skjermast slik at det berre er teksten og eventuelt symbolet som gjev lys, og må ikkje ha dominerande lyskassar.

Markiser skal avgrensast til vindaugsopningane og vera samstemte med fasaden på bygget. Av omsyn til trafikantane skal markisene vera foldbare.

(II 1993 689)