Vedtekter til bygningsloven for Bø kommune, Telemark.

DatoFOR-0000-00-00-48
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1996-02-09-163
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Bø

Kapitteloversikt:

Endret 25 nov 1985 nr. 2150, 7 aug 1989 nr. 771, 9 feb 1996 nr. 163.

25. nov. 1985 nr. 2150.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Bø vedteke av kommunestyret 6. oktober 1983, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985.

II

Vedtekta omfattar heile kommunen, med unntak for dei områda der det foreligg reguleringsplan. Desse områda er vist på illustrasjonskart i målestokk 1:20.000.

Arealutnyttinga innafor vedtektsområdet er vist på kart i målestokk 1:50.000 og 1:10.000 (Generalplankart 1, 2 og 3) og gitt påteikning 25. november 1985 av Miljøverndepartementet:

1.Byggeområder:

Desse omfattar bustader, forretningar/kontor/hotell m.m., offentlege føremål, industri/lager, massetak og fritidsbustader.

2.Jord-, skog- og naturområder.

Desse omfattar dei areala i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnt under pkt. 1.

III

Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld, jfr. nr. II, kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnytting som er føresett i generalplanen.

IV

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak, skal saka leggjast fram for formannskapet til fråsegn.

V

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 840)

4. nov. 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald til reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har kjøpt grunn til eller opparbeidd sams avkjøring, gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere dei utgiftene kommunen har hatt.

Kommunen fordelar utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomane som nemnd i fyrste ledd, i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjon og fordelinga gjerast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette høvet og med høvet til å få prøvd avgjerda til kommunen ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje får full nytte av anlegget straks, skal det avgjerast at betalinga heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overdra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigararar i same høve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, fyrste punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1967 s 1759)

4. nov. 1967
Til § 62.
1.Ved utstykking av tomter skal oppmåling gjerast i heilekommunen i samsvar med § 62.
2.Tinglysing og innføring av dokument som gjev grunnboksheimel til eigedom eller festerett for minst 20 år, kan gjerast når det blir vist attest frå oppmålingssjefen at kart- og oppmålingsforretning er kravd og gebyr er betala inn. Oppmålingssjefen kan krevja at grensene i marka er fastlagde før slik attest vert gjeven.

(I 1967 s 1759)

4. nov. 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekte at tomt i regulert område vert skild før ho har veg- og kloakksamband som nemnd i § 67.

(I 1967 s 1759)

4. nov. 1967
Til § 69 nr. 3.

I bebyggelsesplanar og reguleringsplanar skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnd i § 69 nr. 1. I den grad trongen for slike anlegg er dekka på areal som ligg inntil, må dette dokumenterast. Anlegga må visast i samband med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1967 s 1759)

4. nov. 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan nekta at verksemder, anlegg, opplag og lager av farlig eller serleg sjenerande slag, blir lagde innafor kommunen eller deler av kommunen.

(I 1967 s 1759)

25.06.1974
Til § 82.
1.Frådeling - medrekna punktfeste - av tomter for og oppføring av sportshytter, sumarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som bare skal nyttast i kortare tidsrom og tilhøyrande uthus kan bare gjerast etter disposisjonsplan som handsama av bygningsrådet og godkjent av Fylkesmannen.

Fylkesmannen kan, etter framlegg frå bygningsrådet, frita for eller gje utsetjing med utarbeiding av disposisjonsplan for visse område.

I område der det ikkje skal vera konsentrert hyttebygging kan bygningsrådet når særlege grunnar ligg føre, gjere unntak frå plankravet i første ledd, for einskilde hytter. Det må i tilfelle liggje føre fråsegn frå generalplanutvalet om kva utnytting som er tenkt i området.

2.For bygningar nemnde under pkt. 1 skal forutan kap. III, IV og § 65 i bygningslova, også §§ 62, 63 nr. 1 og 2, 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 89, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI gjelde.
3.Bygningsrådet kan ferda ut nærare reglar om hyttebygging.
Til § 107.

1. Søknad

Innan heile kommunen må skilt, reklameinnretningar o.l. ikkje setjast opp utan at kommunen på førehand har gitt sitt samtykke. Samtykke kan berre bli gitt inntil vidare eller for eit bestemt tidsrom. Ved oppsetting av skilt eller reklameinnretning over 1,0 kvm. får føresegna om nabovarsel, jfr. § 94 nr. 3 i plan- og bygningslova, tilsvarande bruk. Førehandssamtykke etter første ledd krevjast ikkje for skilt, reklameinnretningar o.l. under 0,5 kvm som setjast opp flatt på byggverk eller innhegning. For lysskilt krevjast søknad uansett storleik. 

2. Reklameinnretningar. Områdeomsyn.

2.1 Kommunen kan sjølv utarbeide eller krevje utarbeidd ein samla skiltplan for eit avgrensa område under eitt.
2.2 I ope naturlandskap, kulturlandskap, parkar og friområde må det ikkje oppførast frittståande reklameskilt. På bygningar må det ikkje oppførast reklame som verkar dominerande.
2.3 Innafor særprega og historisk interessante miljø må det ikkje oppførast frittståande reklameinnretningar som ikkje er tilpassa miljøet sin karakter og historie.
2.4 I Bø sentrum er det ikkje tillate med frittståande reklameinnretningar som ikkje er utforma spesielt for å passe inn i tettstadbiletet.
2.5 I reine bustadområde må det ikkje førast opp reklameinnretningar. Mindre reklameskilt på forretningar, kioskar o.l. kan førast opp i den grad dette ikkje sjenerer bustadene.
2.6 På parkeringsplassar, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar ikkje førast opp dersom plasseringa ikkje tek omsyn til forholda på staden.
2.7 Lysreklame må ikkje oppførast med unntak av område regulert til forretningar, og elles i område som kommunen har bestemt. Lysreklame som er til sjenanse for bustader er ikkje tillate. 

3. Formingskriterium

3.1 Skilt og reklameinnretningar utførast slik at dei tilfredsstiller rimelege omsyn til venleik både i forhold til seg sjølve og i forhold til omgivnadene. Skjemmande fargar og utføring er ikkje tillate og kan krevjast endra. Fargar og hovudoppbygging av fasadar på bygget og nabobygga skal respekterast.
3.2 Skilt, reklameinnretningar o.l. skal ikkje vere til hinder for ferdsel eller til fare for omgivnadene på annan måte.
3.3 Skilt må ikkje plasserast på møne, takflate eller takutstikk.
3.4 Skilt og reklame i form av lyskasser er ikkje tillate. Uthengsskilt i form av lyskasser med tett front der berre tekst eller symbol blir gjennomlyst kan likevel tillatast når arealet på skiltet ikkje overstig 0,5 kvm. Gesimsar utforma som lysande kasser er ikkje tillate.
3.5 Løsfotreklame, som flyttbare innretningar for plakatar, vimplar, flagg osv. er ikkje tillate. Ved spesielle hendingar kan det bli gitt dispensasjon.
3.6 Ballongar og andre reklameinnretningar i lufta er ikkje tillate.
3.7 For kvar verksemd er det ikkje tillate med meir enn eitt uthengsskilt og eitt veggskilt. Kommunen kan gjøre unntak for verksemder som disponerer fleire fasader langs fortau eller gate.
3.8 Innan kommunen må det ikkje oppførast skilt eller reklameinnretningar med større samanhengande areal enn 7 kvm. Monterast fleire skilt eller reklameinnretningar nær kvarandre reknast den samla visuelle eksponeringsflata som eitt skilt.
3.9 Skilt skal ikkje vere eller verke samanhengande over heile eller store delar av fasaden. Skilt skal ikkje dekkje meir enn 1/4 av bygningen si horisontale fasadelengd, avgrensa til 4 m.
3.10 Uthengsskilt på bygningar o.l. skal ikkje ha større breidd enn 1,0 m og skal ha fri høgde over fortau/veg på minst 2,5 m. Framspringet må aldri vere lenger ut enn at det er minst 0,5 m fri horisontal avstand til fortauskant/vegkant. Største tillatte areal er 1,5 kvm. På freda eller verneverdige hus eller miljø skal maks storleik vere 0,6 kvm.
3.11 Markiser skal avgrensast til vindusopningar. Anna merking enn firmanavn eller logo skal ikkje brukast.
3.12 Transparentar må ikkje bryte med det arkitektoniske uttrykket på den bygning eller bakgrunn dei tilhøyrar. 

4. Fjerning av skilt, reklameinnretningar o.l.

Dersom det kan skje utan hinder av samtykke som er gitt for eit bestemt tidsrom, kan kommunen gi pålegg om å fjerne eller endre skilt, reklameinnretning o.l. når det etter kommunen sitt skjønn verkar skjemmande i seg sjølv eller i forhold til omgivnadene, eller verkar sjenerande på annen måte. Innretning som kan medføre fare kan i alle tilfelle krevjast fjerna ved pålegg frå kommunen. 

Forskriften trer i kraft f.o.m. 18. mars 1996.

7. aug. 1989 nr. 771.
Til § 117.

Bø kommunestyre har 25. mai 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 27. august 1986 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Telemark har 7. august 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Bø kommune kan det i 3 år frå og med den tid den nye plan- og bygningslova trer i kraft, ikkje settast i gang arbeid eller tiltak som nemnd i §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området går inn i arealdelen av kommuneplan eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som i vesentleg grad kan vanskeleggjera planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend vegplan etter veglova er unnateke frå desse føresegner.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 244)