Vedtekter til bygningsloven for Eidfjord kommune.

DatoFOR-0000-00-00-58
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-09-15-1886
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Eidfjord

Kapitteloversikt:

Endret 23.01.1981, 22.11.1985 nr. 2138

9. juli 1976
Til § 1 i lov av 21. des. 1956
1.Fråskiljinga av tidlegare Eidfjord kommune frå Ullensvang kommune i Hordaland fylke, som eigen heradskommune, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vera Eidfjord.
3.Kommunestyra i den nye Eidfjord kommune og i attverande Ullensvang kommune skal i perioden 1. januar 1977 - 31. desember 1979 ha i same følgd 17 og 25 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Eidfjord alt rekna som fråskild.

Manntalet vert førd av noverande manntalsførar i Ullensvang kommune, men særskilt for den nye Eidfjord og attverande Ullensvang kommune. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunvallova.

Valstyret for attverande Ullensvang kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Eidfjord kommune skal vera samansett av eit formannskapsmedlem som bur i området, supplert med 4 representantar valde blant kommunestyremedlemmene frå dette område, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ullensvang.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunstyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - følgjande unntak:

-I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.
-I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.
-I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.
-I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.
-I § 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.
4.Fylkesmannen i Hordaland kaller det nyvalde kommunestyret i den nye Eidfjord kommune inn til konstituerande møte snarast råd er etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra fråskiljinga av Eidfjord ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ullensvang kommune.
6.Budsjetta for den nye Eidfjord kommune og for attverande Ullensvang kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ullensvang kommune, skal framleis gjelda i den fråskilde Eidfjord kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 27 og 79 i domstollova, vert haldne i den nye Eidfjord kommune og i attverande Ullensvang kommune i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjon trer i kraft straks.

(II 1976 s 203)

22. nov. 1985 nr. 2138.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Eidfjord kommune vedteke av kommunestyret 2. mars 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet.

II

Vedtekta gjeld for heile kommunen med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet er vist på fylgjande kart i målestokk 1:100.000, 1:10.000 og 1:5.000, datert 1. juni 1983.

-oversiktskartM=1:100.000
-Soneplan 1 for Nedre EidfjordM=1:5.000
-Soneplan 2 for BuM=1:5.000
-Soneplan 3 for ErdalM=1:5.000
-Soneplan 4 for SimadalM=1:5.000
-Soneplan 5 for Øvre EidfjordM=1:5.000
-Soneplan 6 for VivelidM=1:10.000
-Soneplan 7 for SysendalenM=1:10.000

Arealbruken er slik:

1.Byggjeområde

Arealbruk som vist på ovannemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfattar dei areala som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under punkt 1.

IV

Innanfor dei områda som er omtala under nr. II og nr. III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak skal saka leggjast fram for formannskapet til fråsegn.

VI

Denne vedtekta tek til å gjelda straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 827)

23. des. 1980
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald til reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har fått hand om grunn til eller opparbeiddd sams avkøyring, sams gardsplass eller anna sams areal til fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen sine utgifter. Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første lekk i høve til nytteverdet for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjonen og fordelinga føretakast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med at det er høve til dette og med høve til å prøva kommunen si avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det fastsetjast at betaling heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen oveføra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same høve som er fastsett for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2 første punktum, gjeld tilsvarande.

(II 1980 s 934)

23. des. 1980
Til § 76

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass for oppstilling av bil.

(II 1980 s 934)

23. des. 1980
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farlege eller særleg plagsomt slag vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(II 1980 s 934)

23. des. 1980
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal forutan reglane i bygningslova, kap. III og IV og i § 65 gjelda desse: § 66 nr. 2, 68, 74, 93, 94 og 109.

Vedtektene trer i kraft straks.

(II 1980 s 934)

11. feb. 1986 nr. 371.
Til § 82.
1.Oppføring av hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, med tilhøyrande uthus, og frådeling eller bortfesting av tomter til slikt føremål, kan i område som er avsett til dette i godkjent generalplan berre skje i samsvar med reguleringsplan.
2.I kommunen er det ikkje tillate å føre opp bygningar som nemnt i nr. 1 innafor dei forbodsområda samt område 1 -Bu som er vist på kart i M=100.000 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 11. februar 1986. Det same gjeld frådeling eller bortfesting av tomter til slike bygningar, og vesentleg endring av slik bygning som nemnt t.d. tilbygg.
3.Utanom dei områda som er nemnt i nr. 1 og 2, kan bygningsrådet gje løyve til frådeling av eller bygging på einskildtomter.
4.For bygningar som nemnt i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og §§ 65 første ledd og 68 også gjelde §§ 63, 65 andre, tredje og fjerde ledd, 66 nr. 1, 70 og 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene i denne vedtekta.
6.Denne vedtekta tek til å gjelde straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Eidfjord kommune, stadfesta 23. januar 1981, oppheva.

(II 1986 s 109)

15. sept. 1986 nr. 1886
Til § 117

I Eidfjord kommune kan det i 3 år frå ikrafttreding av plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i lovas §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse føresegnene.

(II 1986 s 630)