Vedtekter til bygningsloven for Etne kommune

DatoFOR-0000-00-00-66
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1984-09-24-1705
Endrer
Gjelder forEtne kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Etne

Kapitteloversikt:

30. juli 1974
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for kommunen sine utgifter til veg og kloakk skal leggjast til grunn dei prisar som fylgjer av tabell 1, klasse I i Kommunal- og arbeidsdepartementets si forskrift om faste prisar.

(II 1974 s 195)

7. febr. 1968
Til § 52.

Når kommunen i henhold til reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) helt eller delvis har ervervet grunn til, eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget, refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i første ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsettingen av refusjon og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang og med adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt, skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsene i § 46 nr. 2, første punktum gjelder tilsvarende.

(I 1968 s 263)

24. sept. 1984 nr. 1705.
Til § 69, nr. 3.

Etne kommunestyre vedtok 20. oktober 1982, sak 161/82, vedtekt til bygningslova § 69, nr. 3. Ved ein inkurie er dette vedtaket ikkje tidlegare sendt Norsk Lovtidend.

I samband med byggjemelding gjeld i Etne kommune følgjande reglar om avkøyring og parkering av bilar på eiga tomt eller på felles areal for fleire tomter:

1.Husvære skal ha biloppstillingsplassar etter følgjande reglar:

Einebustader: 1 biloppstillingsplass pr. bustadinngang.

Forretning: 1 biloppstillingsplass pr. 25 m² golvflate.

Kontor: 1 biloppstillingsplass pr. 50 m² golvflate.

Lager/industri: 1 biloppstillingsplass pr. 100 m² golvflate.

2.For bustadhus skal snuplass normalt vera vist på eigen eigedom.
3.For forretnings-, kontor-, industri- og lagerbygningar skal det i tillegg visast nødvendig areal for lasting, lossing og manøvrering. Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet dispensera frå dette kravet.
4.For andre bygningstypar, t.d. hotell, forsamlingslokaler, skular etc. fastset bygningsrådet i det konkrete tilfelle kor mange biloppstillingsplassar som skal krevjast.
5.Bygningsrådet kan når særlege høve ligg føre, dispensera frå dei ovannemnde krav.

(II 1984 nr. 1705)

15. sept. 1971
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Etne kommune ikkje tillete å frådele tomt for eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.
2.Der generalplan med vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnt under nr. 1 berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita eller gje utsetjing med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan etter fråsegn frå generalplanutvalet, og når serlege grunnar talar for det, gjera unntak for enkelttomter, og vidare unntak frå nr. 1 for spesielle område der det ligg føre disposisjonsplan godkjent av fylkesmannen.

3.For bygningar nemnt under nr. 1 skal foruten bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjoner, skal § 66 nr. 2 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om sameling av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon etter denne vedtekt.

4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1971 s 1234)

11. jan. 1982
Til § 93.

Hobbyveksthus med grunnflate inntil 10 kvadratmeter kan førast opp utan søknad om byggeløyve.

(II 1982 s 19)