Vedtekter til bygningsloven for Fedje kommune.

DatoFOR-0000-00-00-72
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1985-07-29-1532
Endrer
Gjelder forFedje kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fedje

Kapitteloversikt:

26. juni 1985 nr. 1273
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I

Denne generaplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 14. juni 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 26. juni 1985.

II

Vedtekta gjeld heile kommunen, med unntak for område der det ligg føre reguleringsplanar.

III

Vedtektsområdet er vist på følgjande kart i målestokk 1:5.000, datert 22. september 1982 og med Miljøverndepartementet si påteikning 26. juni 1985.

Arealbruksplan M = 1:5.000

Arealbruken er slik:

1.Byggjeområde.

Detaljert arealbruk som vist på ovannemnde arealbruksplan.

2.Jord-/skog- og naturområde.

Desse femnar om dei areala som ikkje er avgrensa av føremål nemnde under pkt. 1.

IV

Innanfor dei områda som det er vist til under pkt. III, kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den bruken som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 375)

7. mai 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farlig eller særlig sjenerende art blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 574)

29. juli 1985 nr. 1532.
Til § 82.
1.Oppføring av hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, kan i dei områda som er skraverte på kart datert 23. november 1983 i M 1:10.000 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 29. juli 1985 berre skje i samsvar med stadfesta reguleringsplan.

Det same gjeld for frådeling og bortfesting til slikt formål.

2.I kommunen kan dei tiltak som er nemnt i nr. 1 ikkje skje innafor dei forbodsområda som er vist på ovanfornemnde kart i M 1:10.000. Det same gjeld vesentlege endringar av slik bygning som nemnt, t.d. tilbygg.
3.For bygningar som nemnt i pkt. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og §§ 65 og 68 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 87, 93, 109 og kap. XV og XVI.
4.Unnateke frå forskriftene ovanfor er bygging i samsvar med byggetillatelse gjeve av bygningsrådet før denne vedtekt tek til å gjelda.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unntak frå forskriftene i denne vedtekta.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Fedje kommune, stadfesta 7. mai 1968, oppheva.

(II 1985 s 555)