Vedtekter til bygningsloven for Finnøy kommune.

DatoFOR-0000-00-00-74
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-07-630
Endrer
Gjelder forFinnøy kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Finnøy

Kapitteloversikt:

Endret 29. mai 1986 nr. 1320, 7. juli 1989 nr. 630.

6. mai 1982 Nr. 917.
Til § 21 første ledd bokstav a.
I.Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Finnøy kommune, vedteken av Finnøy kommunestyre 31. mars 1981 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet 6. mai 1982.
II.Vedtekta omfattar heile kommunen, med unnatak for område der det ligg føre stadfesta reguleringsplan.
III.Vedtektsområdet er vist på kart i målestokk 1:50.000, datert mars 1981 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning 6. mai 1982.
1.Byggeområde

Detaljert arealutnytting er vist på kart i målestokk 1:10.000, datert mars 1981 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning 6. mai 1982.

2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnd under pkt. 1.

IV.Innanfor dei områda som er nemnde under III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeliggjere den utnyttinga som er føresett i planen.
V.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet etter at formannskapet har hatt høve til å uttale seg, gjere unnatak frå vedtekta.
VI.Denne vedtekta tar straks til å gjelda og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1982 s 386)

14. okt. 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strok vert fråskild før den har atkomst og kloakkforbindelse som nemnt i § 67.

(I 1966 s 1615)

14. okt. 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan bare verta bebygd dersom:

a.opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den sida av tomta der den har sin atkomst. Det kan ikkje krevjast at det vert utlagd veggrunn og veg opparbeidd i større breidd enn det som er fastsett i § 47 nr. 1, første ledd og
b.hovedkloakk, og i tilfelle og særskilt overvassleiding, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gi reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar), vert halden vedlike av kommunen frå det tidspunkt då anlegget er ferdig og godkjent, og fell då til kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å ta over veg som ikkje er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1966 s 1615)

14. okt. 1966
Til § 69 nr. 3.

I bebyggelsesplanar og reguleringsplanar skal det gjerast reide for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den grad behovet for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette verta dokumentert. Anlegga må visast i sin sammenheng med kjørevegar, gangvegar og friareal.

(I 1966 s 1615)

14. okt. 1966
Til § 76.

Bygningsrådet kan forlanga at det vert avsett plass til garasje og andre fellesanlegg som er nødvendige til bruk av eigedomen.

(I 1966 s 1615)

14. okt. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 1615)

14. okt. 1966
Til § 81.

For driftsbygningar for jord og skogbruk og for pelsdyrhus skal, forutan reglane i bygningslovens kap. III og IV og i § 65, også gjelda §§ 68, 77.1, 93, 94, 95 og 96, samt kap. XV og XVI.

(I 1966 s 1615)

3. jan. 1985 nr. 34.
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, fritidshus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus kan berre førast opp i dei områda som i generalplan for Finnøy kommune, godkjent av Miljøverndepartementet 6. mai 1982, er vist som hytteområde. Det same gjeld frådeling og bortfeste av tomter for nemnde bygningar samt vesentleg endring (t.d. tilbygg eller påbygg) av eksisterande bygningar.
2.Bygningar som nemnde i nr. 1 kan berre førast opp etter reguleringsplan.
3.For bygningar som er nemnde, skal forutan føresegnene i kap. III og IV og §§ 65 og 68 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 96, 109 og kap. XV og XVI.
4.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå denne vedtekta.
5.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Finnøy kommune, stadfesta 16. februar 1976, oppheva.

(II 1985 s 3)

29. mai 1986 nr. 1320.
Til § 117.

I Finnøy kommune kan det i 3 år frå ikrafttreden av plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77 eller inntil det ligg føre godkjend kommuneplan ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nevnt i same lov §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend plan etter veglova er unntatt frå desse bestemmelsane.

Forskrifta tek til å gjelde frå same dato som plan- og bygningslova vert sett i kraft.

(II 1986 s 432)

7. juli Nr. 630.
Til § 117.

Finnøy kommunestyre har 25. mai 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 29. mai 1986 nr. 1320 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Rogaland har 7. juli 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 196)