Vedtekter til bygningsloven for Fitjar kommune.

DatoFOR-0000-00-00-75
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1996-09-18-928
Endrer
Gjelder forFitjar kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fitjar

Kapitteloversikt:

Endret 21. oktober 1986 nr. 2021, 31. juli 1989 nr 756, 2. juli 1990 nr. 558, 18 sep 1996 nr. 928.

13. feb. 1968
Til § 52.

Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1, punkt f) heilt eller delvis har tileigna seg grunn til, eller opparbeidd sams avkjørsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eiegdomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget refundera kommunen sin utlegg til dette.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) etter den nytte kvar eigedom har av anlegget.

Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjon, og delinga av denne, føretakast ved skjøn.

Eigarane skal gjerast kjend med dette, og likeeins med at der er høve til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjøn etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling etter at den endleg er fastsett. For eigedom som ikkje med ein gong heilt eller delvis får full nytte av anlegget, kan det avgjerast at betalinga heilt eller delvis skal utsetjast.

(I 1968 s 299)

13. feb. 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strok vert skild frå før tilkomst og kloakksamband er ordna som nemnt i § 67.

(I 1968 s 299)

13. feb. 1968
Til § 69 nr. 3.

I byggplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1.

Dersom dei turvande anlegg av dette slag er dekt ved tilstøytande areal skal dette dokumenterast.

Anlegga må visast i samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1968 s 299)

13. feb. 1968
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1968 s 299)

13. feb. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av serleg sjenerande art vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

13. feb. 1968
Til § 81.

For driftsbygningar for jord og skogbruk skal, utanom reglane i bygningslova kapitla III og IV og i § 65, også gjelda §§ 66 nr. 2, 71, 74 nr. 2, og 94, jfr. § 93. Likeeins skal kap. XV og XVI gjelda.

( I 1968 s 299)

26. juni 1986 nr. 1376.
Til § 82.
1.Oppføring av hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er rekna med skal nyttast i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, er ikkje tillete innanfor dei forbodsområda som er vist på kart i målestokk 1:20.000 og er gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 26. juni 1986.

Det same gjeld frådeling eller bortfesting av tomter til slike bygningar, og vesentlig endring av eksisterande bygningar, til dømes tilbygg.

2.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Fitjar kommune, stadfesta 22. februar 1971, oppheva.

(II 1986 s 484)

18. september 1996 nr. 928
Til § 85 tredje ledd.

Fastsett av Fitjar kommunestyre 18. september 1996 med heimel i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 § 85, 3. ledd.

§ 1.Denne vedtekta er heimla i plan- og bygningslova § 85 og gjeld for den delen av Fitjar kommune som er omfatta av kommunedelplanen for Fitjarøyane, datert den 23. april 1991, sak K-14/91.
§ 2.Vedtekta gjeld plassering av campingvogner, bubilar, bustadbrakker o.l. som nemnd i § 1 ovanfor.
§ 3.Det er forbode å plassera campingvogner, bubilar, bustadbrakker m.v. som nemnd i § 2 i planområdet.

Forbodet gjeld ikkje plassering på bustadeigedom der det er oppført småhus som vert nytta som heilårsbustad.

Forbodet gjeld heller ikkje for plassering på byggje- og eller anleggsplass.

§ 4.Etter å ha innhenta uttale frå andre særorgan og faste utval, kan bygningsrådet/fast utval for plansaker etter søknad når særlege grunnar ligg føre, dispensera frå denne vedtekta.

Av søkaden må følgjande framgå:

-Namn på grunneigar og søkjar
-Kva tidsrom søknaden gjeld for
-Plasseringsstad synt på økonomisk kartverk i målestokk 1:5000
-Eigedomen sitt gnr., bnr. og f.nr.
-Hygieniske tilhøve som vasstilhøve, utslagsvatn, toalettilhøve, tøming av toalett, fjerning av bos
-Kven som er naboar
-At det er gjeve varsel til naboane og om det ligg føre nokon innvending mot plasseringa frå desse.

Det kan ikkje i noko høve gjevast løyve til plassering slike stader:

-Verna område og område som det er gjort framlegg om å verna
-Nært opp til freda forminne og kulturminne
-Strandområde som er mykje brukt i fritidssamanheng
-Nedslagsfelt for vassverk og i nærområde for vassinntak
-Område som har særleg verdi for viltet eller som beiteområde for husdyr
-Dyrka jord
-Plantefelt.
§ 5.Ved handsaming av søknader etter § 4, skal bygningsrådet/fast utval for plansaker, før vedtak om plassering vert fatta, leggja fram saka til uttale for andre særorgan der dette er påkravd.

Bygningsrådet/fast utval for plansaker skal i si handsaming av søknaden òg sjå etter at plassering av campingvogn m.v. ikkje vert til hinder for allmen ferdsel eller friluftsliv eller på annan måte fører til vesentlege ulemper for omgjevnadane, herunder at landskapsbiletet ikkje vert vesentleg skjemma.

§ 6.Grunneigar/festar pliktar å fjerna campingvogna, bubilen, bustadbrakka m.v. innan den perioden det er gjeve løyve til plassering for, går ut.
§ 7.Brot på desse vedtektene kan straffast i medhald av reglane i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 kap. XVIII.
§ 8.Vedtekta tek til å gjelda straks den er vedteken av kommunestyret og er kunngjort i Norsk Lovtidend, jfr. forvaltningslova § 39, jfr. § 38 bokstav c.

(II 1996 316)

21. oktober 1986, 31. juli 1989 nr. 756, 2. juli 1990 nr. 558.
Til § 117.

Kommunestyret i Fitjar har 21. oktober 1986 vedteke å innføre forskrift om mellombels plankrav etter bestemmelsane i § 117 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77.

Det mellombelse plankravet lyder slik:

I Fitjar kommune kan det i 3 år frå 1. juli 1986, når lov nr. 77 - plan- og bygningslova av 14. juni 1985, trer i kraft, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i lova sine §§ 81, 84, 86A, 86B og 93, samt frådeling til slike føremål utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse bestemmelsane.

Kommunestyret har knytt retningsliner til handsaminga etter forskrifta.

Forskrifta tok til å gjelde frå og med vedtaksdato. 

Fitjar kommunestyre har 20. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 21. oktober 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 31. juli 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1990. 

Forskriften1 lyder:

I Fitjar kommune kan det, fram til 1. juli 1990, etter lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje settjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i lova sin §§ 81, 84, 86 A, 86 B og 93, samt frådeling til slike føremål utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området inngår i arealdelen av kommuneplan eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling som vesentleg kan vanskeliggjere planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke for desse bestemmelsene. Kommunestyret sine retningslinjer er knytt til gjeldande vedtekt vil framleis gjelde.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.
 

Med heimel i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd siste punktum, har Fitjar kommunestyre 19. juni 1990, gjort vedtak om lenging av forskrift av 30. juni 1990 nr. 756. Lenginga gjeld for tidsrommet fram til 1. juli 1991. Fylkesmannen i Hordaland har 2. juli 1990 med heimel i plan- og bygningslova § 117 1. ledd, siste punktum, og rundskriv T-1/89 frå Miljøverndepartementet, samtykka til å forlenge ovannemnde forskrift.

Forskrifta gjeld frå 1. juli 1990.

(II 1986 s 699, II 1990 238, II 1990 205)