Vedtekter til bygningsloven for Fjaler kommune.

DatoFOR-0000-00-00-76
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-494
Endrer
Gjelder forFjaler kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fjaler

Kapitteloversikt:

Endret 7. juli 1986 nr. 1537, 23. juni 1989 nr. 494.

2. jan. 1967
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for kommunens utgifter til veg og kloakk, skal legges til grunn utgiftsoverslag etter de faste priser som er fastsatt i departementets normalvedtekt tabell 1 og 2, klasse I og II.

(I 1967 s 236)

2. jan. 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i tilhald til reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidt opp felles avkjørsle, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget, refundere dei utlegga kommunen har hatt.

Kommunen delar utlegga på eigarane (festarane) slik som er nemnt i første leden i høve til nytta for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal refusjonen fastsetjast og delast ved skyn. Dette skal eigarane (festarane) gjerast kjende med. Dei skal og gjerast kjende med at dei har høve til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skyn og med fresta etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at han er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det gjerast vedtak om at betalinga heilt eller delvis skal utsetjast.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen utan vederlag føra over anlegget til eigarane. Dei vert då sameigarar i same høvet som er fastsett i refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, fyrste punkt, gjeld tilsvarande.

(I 1967 s 236)

2. jan. 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert fråskild før veg og kloakktilhøva er slik som nemnt i § 67.

(I 1967 s 236)

2. jan. 1967
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast på dersom:

a)veg - som er opparbeidd og godkjend - fører til og langs med den sida av tomta der det er tilgjenge. Ein kan ikkje krevja at det vert lagt ut veggrunn og arbeidt opp veg i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, fyrste leden, og
b)hovudkloakk - om turvande også ekstra leidning for vatn som renn over tomta - fører til og langs med eller over tomta. Ein kan ikkje krevja å få lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Med samtykke av helserådet kan bygningsrådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar), held kommunen vedlike frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å ta over veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter fyrste leden, a.

(I 1967 s 236)

2. jan. 1967
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at turvande garasjeplass skal vera sikra for eigedomen.

(I 1967 s 236)

2. jan. 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av fårleg eller sjenerande slag, vert lagde innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1967 s 236)

30. juli 1979
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre er det i kommunen ikkje tillatt å frådele eller bygsle bort tomter for, eller å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus.
2.Bygningar som er nemnd i nr. 1, kan i område det ligg føre generalplan med vedtekter, berre førast opp etter stadfesta reguleringsplan eller disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.Bygningar som er nemnd i nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 100 meter.
4.For bygningar som er nemnd under nr. 1. skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 første ledd også gjelde §§ 62, 63 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet dispensere frå reglane ovanfor.
6.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging.

(II 1979 s 334)

7. juli 1986 nr. 1537.
Til § 117.

I Fjaler kommune kan det i 3 år frå i dag ikkje settast i verk arbeid eller tiltak som er nemnde i §§ 84 og 93 i lov nr. 77 i plan- og bygningslova 14. juni 1985, utan at det er samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 539)

23. juni 1989 nr. 494
Til § 117.

Fjaler kommunestyre har 23. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift 7. juli 1986 nr. 1537 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 150)