Vedtekter til bygningsloven for Fjell kommune

DatoFOR-0000-00-00-77
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1990-08-31-711
Endrer
Gjelder forFjell kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fjell

Kapitteloversikt:

Endret 30. oktober 1986 nr. 2092, 31. august 1990 nr. 711.

17. okt. 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga han har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leddet i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 1634)

17. okt. 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk blir skilt ut før den har åtkome og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1966 s 1634)

17. okt. 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har åtkome. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full bredde etter førsta ledd, a.

(I 1966 s 1634)

31. august 1990 nr. 711
Til § 69 nr. 3.

I utbyggingsplanar, reguleringsplanar og ved søknad om byggeløyve skal det visast areal for tilfredsstillande opphaldsareal i det fri som til dømes leikeplass for barn, for avkjørsel og for parkering for bilar, motorsyklar og syklar. I den grad trongen kan dekkast på naboeigedom må dette dokumenterast.

Anlegga må visast i samanheng med kjørevegar, gangvegar og friareal.

Bygningsrådet avgjer når dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1 skal opparbeidast, og kan setja som vilkår for byggjeløyve at anlegga er opparbeidde.

Areala og anlegga som vert bygd skal haldast forsvarleg ved like.

1.I bustadstrøk skal det vera plass til ein garasje pr. husvære. Inntil garasjen vert bygd skal plassen vera opparbeidd som oppstillingsplass.

I tillegg skal det opparbeidast ein biloppstillingsplass pr. husvære.

For mindre husvære, hyblar o.l. med inntil 65 m² bruksareal (BRA) vert det ikkje krevd garasje.

2.Tomtar til næringsformål skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomtar etter følgjande fordeling:
A.For butikkar, butikksenter o.l.: 1 plass pr. 25 m² bruksareal (BRA), minimum 10 plassar.

For kontor: 1 plass pr. 50 m² bruksareal (BRA).

B.For verkstad- og produksjonsbygg: 1 plass pr. 50 m² bruksareal (BRA), minimum 6 plassar.

For lagerbygg: 1 plass pr. 100 m² bruksareal (BRA).

I tillegg kjem naudsynt areal for varelevering, av- og pålessing.

3.Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokaler, idrettsanlegg m.v., samt andre bygningsanlegg der spesielle tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha oppstillingsplass for bilar og ut- og innkjørselstilhøve etter bygningsrådet sitt vedtak i det einskilde tilfelle.
4.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal opparbeidast etter behov.

Vedtekta trer i kraft 1. oktober 1990.

(II 1990 279)

17. okt. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt området eller del at dette.

(I 1966 s 1634)

17. okt. 1966
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal, forutan reglane i bygningslova kapitla III og IV og i § 65, også gjelda §§ 66 nr. 2, 71, 74 nr. 2, 93 og 94 samt kap. XV og XVI.

(I 1966 s 1634)

22. febr. 1971
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Fjell kommune ikkje tillete å frådela tomt for eller føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus, m.v.

Der generalplan med vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnt under nr. 1, berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.

Fylkesmannen kan etter framlegg får bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda gjera unntak for einskildtomter når serlege grunnar talar for det.

2.For slike bygningar som nemnt under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65, også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1971 s 246)

28. april 1980
Til § 85.

Oppstilling av campingvogner, også for kortare tid enn 3 månader, er berre tillate på område som er godkjent for føremålet av bygningsrådet. Godkjenning kan berre gjevast når oppstilling av campingvogner etter bygningsrådet sitt skjønn ikkje vil vera til ulempe for omgivnaden i vesentleg grad, og heller ikkje skjemma området i nemneverdig grad. Bygningsrådet kan setja vilkår for godkjenninga og også gjera denne tidsavgrensa. Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende. Denne vedtekta gjeld ikkje oppstilling av ei enkelt campingvogn, jfr. likevel § 104 i bygningslova.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 352)

30. oktober 1986
Til § 117.

Vedteken av Fjell kommunestyre 30. oktober 1986.

I Fjell kommune kan det i 3 år frå lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 med endring av lov av 20. juni 1986, vert gjort gjeldande, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak, som nemnde i §§ 81, 84, 86 a, 86 b og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet, før det aktuelle området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller i reguleringsplan. Det same gjeld frådeling eller andre tiltak som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 712)