Vedtekter til bygningsloven for Forsand kommune.

DatoFOR-0000-00-00-85
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-17-1341
Endrer
Gjelder forForsand kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Forsand

Kapitteloversikt:

12. juni 1985 nr. 1251
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Forsand kommune, vedteke av kommunestyret den 17. desember 1983, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet 12. juni 1985.

II

Vedtekta omfattar heile kommunen, med unntak for områder der det ligg føre stadfesta reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet er vist på kart i målestokk 1:50.000 dagsett 8. mars 1983, og gitt Miljøverndepartementet si påteikning 12. juni 1985.

1.Byggjeområde

Detaljert arealutnytting er vist på sonekart i målestokk 1:2.000 og 1:5.000, gitt Miljøverndepartementet si påteikning 12. juni 1985.

2.Friluftsområde.

Friluftsområde er vist på kart i målestokk 1:50.000, og gitt Miljøverndepartementet si påteikning datert 12. juni 1985.

3.Jord-, skog- og naturområde.

Desse omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnt under punkt 1 eller 2.

IV

Innafor dei områder som er nemnt under pkt. III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentlig grad vil vanskeleggjere den utnytting som generalplanen har som føresetnad.

V

Når særlige grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer sitt vedtak skal rådet leggja saka fram for formannskapet til fråsegn.

VI

Denne vedtekta tar straks til å gjelda og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 362)

19. sept. 1985 nr. 1754.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus kan berre skje i dei områda som er sett av til dette i godkjent generalplan, og berre etter reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål og vesentleg endring i eksisterande bygg som nemnde ovanfor.

2.For bygningar som nemnde under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III og IV og §§ 65 første ledd og 68 og gjelde §§ 63, 66, 70, 74 nr. 2, 93, 94, 96, 109 og kap. XV og XVI.
3.Denne vedtekta tek til å gjelde straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Forsand kommune stadfesta 11. mars 1976 oppheva.

(II 1985 s 671)

17. juni 1986 nr. 1341.
Til § 117.

I Forsand kommune kan det i 3 år frå iverksettjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnd i §§ 84 og 93 i same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

Forskriften trer i kraft frå plan- og bygningslovens ikrafttreden.

(II 1986 s 445)