Vedtekter til bygningsloven for Fusa kommune.

DatoFOR-0000-00-00-94
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1994-07-05-766
Endrer
Gjelder forFusa kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fusa

Kapitteloversikt:

Endret 9. april 1987 nr. 419, 31. juli 1989 nr. 757, 5. juli 1994 nr. 766.

9. nov. 1976
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga den har hatt.

Kommunen skifter utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og skiftinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette høvet og med høvet til å få prøva kommunen si avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen dagfell til betaling 3 månader etter han er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det verta fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overdra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som då vert sameigarar i same høve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2 første punktum gjeld tilsvarande.

(II 1976 s 418)

9. nov. 1976
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert frådelt før ho har veg-, vass- og kloakksamband som nemnd i § 67.

(II 1976 s 418)

9. nov. 1976
Til § 67.

På tomt i regulert strøk kan det berre byggjast dersom:

a.Opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den sida av tomta der ho har sin atkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1 første leden, og
b.Hovudkloakk, heri i tilfelle også særskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr med større diameter ennn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet og brannstyret godta vassforsyning frå annen vassleidning.

Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Veg, hovudkloakk og hovudvassleidning som er lagt av grunneigarar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første led a.

(II 1968 s 418)

9. nov. 1976
Til § 69 nr. 3.

I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mon trongen for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(II 1976 s 418)

9. april 1987
Til § 69 nr. 4.

Bygningsrådet kan samtykke i at det i staden for parkeringsplass på eigen grunn eller på fellesareal vert innbetalt ein sum til kommunen for kvar manglande plass for bygging av parkeringsanlegg.

Satsane for innbetaling for parkeringsplass vert fastsett av kommunestyret i samband med den årlege budsjetthandsaminga.

(II 1987 s 280)

31. des. 1969
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1969 s 80)

31. des. 1969
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av fårleg eller sjenerande art blir lagt innafor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 80)

9. nov. 1976
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal, utanom reglane i bygningslova sine kapitel III og IV og § 65, også gjelda §§ 66, 68, 71, 74 nr. 2, 88, 89, 90, 91, 93 og 94 samt kapitel XV og XVI.

(II 1976 s 418)

1. des. 1970
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Fusa kommune ikkje tillete å frådele tomt for, eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna på å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.

Der generalplan m/vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for, eller oppføring av bygningar som nemnt berre skje etter disposisjonsplan som er handsama i bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for, eller gje utsetting med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for enkelttomtar når særlege grunnar talar for det.

2.For slike bygningar som nemnt under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93. 94. 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttala seg, avgjer fylkesmannen i tviltilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1970 s 1519)

5. juli 1994 nr. 766
Til § 107 fyste ledd.

I

1)I heile kommunen gjeld at skilt, reklamearrangement, o.l. ikkje kan setjast opp utan etter samtykke frå bygningsrådet. Ved handsaming gjeld §§ 94 og 95 tilsvarande. Samtykke kan berre gjevast inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom. I bustadområde er reklamearrangement ikkje tillete.
2)Skilt skal vera samstemde med fasaden på bygget. Fargar og hovudoppdeling av fasaden på bygget og nabobygga skal respekterast. Markiser og uthengskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast tilstrekkelig høgt på fasaden. Uthengskilt skal maksimalt stikka 1,0 m ut frå fasaden og storleiken skal ikkje overstiga 0,5 kvm.

II

Vedtekta trer i kraft 1. august 1994.

(II 1994 nr. 6)

4. juli 1986 nr. 1668
Til § 117.

I Fusa kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje frådelast tomt til eller førast opp fritidsbusetnad (fritidsbustad og tilhøyrande uthus), utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen, eller reguleringsplan.

(II 1986 s 564)

31. juli 1989 nr. 757.
Til § 117.

Fusa kommunestyre har 15. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 4. juni 1986 nr. 1668 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 31. juli 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 238)