Vedtekter til bygningsloven for Fyresdal herred

DatoFOR-0000-00-00-95
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1980-06-09
Endrer
Gjelder forFyresdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fyresdal

Kapitteloversikt:

9. juli 1980
Til § 21, 2. ledd.
1.Denne generalplanvedtekt gjeld for heile Fyresdal kommune, med unntak av dei område som det føreligg stadfest reguleringsplan for, og dei område som det føreligg disposisjonsplan for, godkjend av fylkesmannen i medhald av vedtekt til § 82 i bygningslova.
2.Dei areal der denne vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på annan måte enn vanleg der arealet ligg, og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.

Det er soleis forbode å taka i bruk grunn til bygge- og anleggsverksemd som ikkje har tradisjonell tilknytning til jordbruk, skogbruk, jakt og fiske. Det kan heller ikkje foretakast omfattande grave- og fyllingsarbeid.

3.Når særlege grunner ligg føre, kan bygningsrådet, etter at formannskapet har uttala seg, gjere unntak frå vedtekta.
4.Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld i inntil 10 år fra stadfestinga.
4. okt. 1976
Til § 82.
1.Sportshytter, sumarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som skal nyttast til bustad i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, kan berre plasserast og førast opp etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gi utsetjing med disposisjonsplan for bestemte område.
2.For bygningar nemnde under pkt. 1 skal forutan bygningslovas kap. III og IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging.

(II 1976 s 303)