Vedtekter til bygningsloven for Førde kommune

DatoFOR-0000-00-00-96
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2004-11-25-1586
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Førde

Kapitteloversikt:

Endret 2 feb 1987 nr. 151, 28 juni 1989 nr. 507, 6 juli 1990 nr. 561, 12 des 1991 nr. 1008, 15 mai 1995 nr. 452, 25 nov 2004 nr. 1586.

7. oktober 1966
Til § 49 nr. 2.

I medhold av § 4 i bygningsloven av 18. juni 1965 stadfester departementet vedtak av Førde kommunestyre i møte den 24, mars 1966 om vedtekt til bygningslovens § 49 nr. 2 for førde kommune, Sogn og Fjordane fylke. I vedtekten er lagt til grunn utgiftsoverslag etter faste priser ved utlikning av refusjon for utgifter til veg og kloakk i henhold til normalvedtektens tabell 1 og 2 klasse I og II.

(I 1966 s 1552)

26. juli 1969
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i først ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjonen og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang og med adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anleget, kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2, første punktum, gjelder tilsvarende.

(I 1969 s 986)

26. juli 1969
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk fraskilles før den har atkomst og kloakkforbindelse som nevnt i § 67.

(I 1969 s 986)

26. juli 1969
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan bare bebygges dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin adkomst.

Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsatt i § 47 nr. 1, første ledd, og

b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1967 s 986)

25. november 2004 nr. 1586
Til § 69 nr. 3
1.I reguleringsplanar skal det, i det omfang kommunen krev det, gjerast greie for plassering av anlegg som er nemde i § 69 nr. 1. Ved søknad om tiltak kan kommunen kreve at tiltakshaver utarbeider utomhusplan. Anlegg skal visast i sammanheng med kjøyrevegar, gangvegar og friareal.
2.Kommunen kan godkjenne oppstillingsplassar for bilar rimeleg nært utafor eigen eigedom. I slike tilfelle skal kommunen kreve at tiltakshaver legg fram tinglyst avtale, som ikkje kan endrast utan at behovet for parkering vert dekt av alternative oppstillingsplassar
3.For oppstilling av bilar og syklar gjeld slike krav: 
Type verksemdEiningAntal biloppstillingsplasserAntal sykkelplassar
1. Bustad
Alle typer ordinære bustaderPer m² BRA0,0170,017
OmsorgsbustaderPer m² BRA0,0080,008
2. Næringsverksemd
ForretningPer m² BRA0,0300,005
KontorPer m² BRA0,0200,005
Industri og verkstadPer m² BRA0,0100,002
LagerPer m² BRA0,0050,002
Hotell, gjestegiveri, restaurantPer m² BRA0,0200,002
3. Anna verksemd
Kino, forsamlingslokale, kyrkjePer m² BRA0,0500,002
SmåbåthamnPer båtplass0,4500,35
 
4.Areal skal reknast som BRA i samsvar med NS-3940. Det krevst ikkje oppstillingsplassar for bygningsareal som vert nytta til parkering. Ved utrekning av oppstillingsplassar skal det nyttast desimaltal. Det endelege kravet til oppstillingsplassar skal rundast av oppover til næraste heiltal.
5.I tillegg til oppstillingsplassar for bilar og syklar skal tomta ha laste- og manøvreringsareal for vare- og lastebilar.
6.Kommunen fastset krav til oppstillingsplassar for bilar og syklar for andre bygg og anlegg etter særskilt vurdering.
7.Utforming av bil- og sykkelplassar skal vere i samsvar med Statens Vegvesen normaler for veg og gateutforming, detaljkapittel om parkering.
8.Ved etablering av oppstillingsplassar for bil i fellesanlegg gjeld krav som er 25% lågare enn det som går fram over. Reduksjonen for den einskilde deltakar kan likevel ikkje vere større enn summen av reduksjon for dei andre deltakarane i fellesanlegget. Eventuell frikjøp av plassar skal reknast som differanse mellom det kravet den enkelte deltakar har ved fellesløysing og dei fysiske plassane vedkomande har. Eksklusive oppstillingsplassar vert ikkje godkjent som fellesanlegg Avtale om fellesløysing skal godkjennast av kommunen og tinglysast på dei aktuelle eigedomane.
9.Krav til biloppstillingsplassar for forflytningshemma bilførarar skal vurderast særskilt, slik at om lag 1% av biloppstillingsplassane vert stilt til rådvelde for denne gruppa.
10.Kommunen kan etter særskilt vurdering skjerpe eller lempe kravet til oppstillingsplassar ved handsaming av søknad om tiltak og gjennom reguleringsplan.

(II 2004 hefte 6).

12. des. 1991 nr. 1008
Til § 69 nr. 4

Fastsett av Førde kommunestyre 12. desember 1991 med heimel i plan- og bygninglova av 14. juni 1985 nr. 77 § 69 pkt. 4.

Frikjøp frå plikta til å bygge parkeringsplass på eigen grunn.

1.Bygningsrådet kan samtykke i at det i staden for å bygge parkeringsplass på eigen grunn vert innbetalt eit beløp pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg.

Bygningsrådet fastset ved vedtak talet på manglande parkeringsplassar som det skal betalast frikjøpsmidlar for i samsvar med denne vedtekta.

2.Beløpet vert fastsett til kr 50.000,- pr. plass.

Frikjøpsbeløpet vert indeksjustert med grunnlag i SSB's indeks for boligblokk, basisindeks pr. 15. januar 1992.

Indeksjusteringa vert gjort ein gong pr. år, første gong 15. januar 1993.

3.Beløpet skal betalast av byggherrane som har fått byggeløyve med atterhald om innbetaling til frikjøpsordning.
4.Byggherren er skuldig kr 50.000,- pr. manglande plass frå den dato bygningsrådet handsamar og godkjenner søknaden om byggeløyve.

Byggherren skal dokumentere at han er i stand til å betale inn frikjøpsbeløpet, bankgaranti kan krevast.

5.Byggherren skal betale inn frikjøpsbeløpet før han får bruksløyve/ferdigattest, jfr. plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 § 99.

(1992 307)

26. juli 1969
Til § 76.

Bygningsrådet kan kreve at nødvendig garasjeplass skal være sikret for eiendommens behov.

(I 1967 s 986)

26. juli 1969
Til § 78 nr. 1

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1967 s 986)

26. juli 1969
Til § 82.

For oppføring av sportshytter, sommerhus, kolonihagehus o.l. bygninger som bare er beregnet på å bebos i kortere tidsrom, samt tilhørende uthus, skal foruten bygningslovens kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 70, 72, 73, 74 nr. 2 og § 94 jfr. 93.

(I 1969 s 986).

15. mai 1995 nr. 452
Til § 93 første ledd bokstav g:
g.oppsetjing og endring av skilt og reklame m.v. som nemnd i vedtekt til § 107, og som er større enn 0,5 m².

Forskrifta trer i kraft 15. juni 1995.

(II 1995 204)

15. mai 1995 nr. 452
Til § 107:
1.Føremål

Føremålet med vedtekta er å forme bruken av skilt og reklame slik at desse i størst mogeleg grad tek omsyn til utforminga av bygningane, fasadane, fargane og omkringliggjande miljø.

2.Søknad

Vedtekta gjeld for heile Førde kommune.

Skilt- og reklameinnretningar som er større enn 0,5 m² skal etter søknad i samsvar med pbl kap. XVI godkjennast av kommunen før oppsetjing.

Godkjenning kan gjevast inntil vidare eller for eit bestemt tidsrom.

Søknaden skal innehalde fargelagt, målsett illustrasjon som viser innretningen, og situasjonsplan som viser plassering i høve til grannegrense, vegar, bygningar, større tre og andre fysiske objekt.

Ved plassering inntil eller på bygning, skal søknaden innehalde fasadeteikningar av bygningen som skiltet skal plasserast på og som viser skiltet sin plassering på fasaden.

3.Som skilt - og reklameinnretningar inngår:
a.Fasadeskilt.
b.Lysreklame og anna reklamefremjande belysning (fasadebel.).
c.Tak- og gavlreklame, reklametavler.
d.Uthengskilt og vegvisarar.
e.Markiser.
f.Frittståande reklamesøyler og automater.
g.Reklame av kampanjemessig karakter (figurar, ballongar, transparentar, reklametavler, flagg og vimplar o.s.v.).
4.Områdeomsyn
a.I landbruksområder, åpent naturlandskap, kulturlandskap, parkar/friområder kan det ikkje førast opp frittståande ramklameskilt. På bygningar og anlegg i tilknyting til ovannemnde område kan det førast opp reklame som ikkje virkar dominerande eller skjemmande.
b.Innanfor særprega og historisk interessante miljø, kan det berre førast opp reklameinnretningar som er tilpassa miljøet sin karakter og historie.
c.Frittståande reklameinnretningar kan tillatast dersom dei er utforma spesielt for å passe inn i omkringliggjande miljø.
d.I reine bustadområder kan det ikkje førast opp reklameinnretningar. Mindre reklameskilt på forretningar, kiosker o.l. kan førast opp dersom dette ikkje er til ulempe for bustadane eller trafikksituasjonen i området.
e.Reklame skal ikkje være til ulempe for bustader.
f.På parkeringsplasser, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar førast opp dersom plasseringa tek omsyn til omkringliggjande miljø.
g.Skilt, markiser og anna som stikk fram frå tre, stolpar og husveggar og ut over fortau og annan offentleg grunn, samt reklame på laus og fast fot, må plasserast slik at det ikkje er til hinder eller kan innebære fare for omgjevnaden og spesielt med omsyn til rørslehemma, blinde og svaksynte.
5.Utforming
a.Skilt og reklameinnretningar skal utformast slik at dei stettar rimelege krav til utsjåande, både i høve til seg sjølv og i høve til bakgrunnen og omgjevnadene.
b.Skjemmande fargar og utførelse er ikkje tillate og kan krevjast endra slik at dei etter kommunen sitt skjøn er i samsvar med denne vedtekta.
c.Skilt kan godkjennast med vekslande (variabel) tekst. Skiftande fargar og blinkande lys vert ikkje tillate.
d.Skilt, forma som opne lysrøyrskilt med frittståande bokstavar e.l., kan plasserast over møne, takflate, takutstikk eller gesims. Tilsvarande vert skilt utforma som lysande kassar ikkje tillate.
e.Lyskassar skal utformast med blenda botn slik at berre teksten og eller eit eventuelt symbol gjev lys. Dominerande lyskassar vert normalt ikkje tillate.
f.For kvar verksemd kan godkjennast inntil eit uthengskilt og eit veggskilt. Unntak kan gjerast for verksemder som disponerer fleire fasader langs med fortau eller gate. Skiltet skal som regel plasserast i etasjeskiljet mellom 1. og 2. etasje.
g.Uthengskilt på bygningar o.l. kan godkjennast med utstikk inntil 1,0 m, og skal ha fri høgde over fortau på min. 2,50 m. Framspringet må ikkje vera lenger ut enn at det er min. 0,5 m fri horisontal avstand til fortauskant.
h.Markiser skal avgrensast til vindaugopningane.
6.Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.v.

Kommunen kan gi pålegg om å fjerna eller endra innretningar som nemnt i pbl § 107 fyrste og andre ledd. Vilkåret for slik pålegg er at innretningar er skjemmande i seg sjølv eller til ulempe for omgjevnaden. Slike pålegg må heller ikkje vere i motsetning til samtykke som tidlegare er gitt for bestemt tidsrom.

Innretning som kan medføre fare, kan kommunen påleggja fjerna.

Ulovleg oppsette skilt- og reklameinnretningar skal fjernast av eigaren. Kommunen kan syte for at innretningen vert fjerna på eigaren sin kostnad etter at eigaren har fått skriftleg varsel med frist for fjerninga, jf. plan- og bygningslova § 115.

Forskrifta trer i kraft 15. juni 1995.

2. februar 1987, 28. juni 1989 nr. 507, 6. juli 1990 nr. 561.
Til § 117.

I Førde kommune kan det i 3 år, rekna frå iverksetjinga av lov nr. 77, plan- og bygningslov av 14. juni 1985, ikkje setjast igang arbeid eller tiltak som er nemnde i §§ 81, 84, 86a og 93 i same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen til kommuneplan eller i reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend vegplan etter veglova av 21. juni 1963 § 12, er unnateke plankravet etter første ledd. 

Førde kommunestyre har 10. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift 2. februar 1987 nr. 151 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 28. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1990. 

Med heimel i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd siste punktum, har Førde kommunestyre 20. juni 1990, gjort vedtak om lenging av forskrift av 28. juni 1989 nr. 507. Lenginga gjeld for tidsrommet fram til 1. juli 1991. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 6. juli 1990 med heimel i plan- og bygningslova § 117 1. ledd, siste punktum, og delegeringsvedtak av 3. februar 1989 frå Miljøverndepartementet gjeve samtykke til lenginga. Forskrifta gjeld frå 1. juli 1990.

(II 1987 87, 1989 153, 1990 207)