Vedtekter til bygningsloven for Gaular kommune.

DatoFOR-0000-00-00-98
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-12-1335
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Gaular

Kapitteloversikt:

23. okt. 1980
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har fått hand om grunn til eller opparbeidd sams utkøyring, sams gardsplass eller anna sams areal til fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunen sine utgifter. Kommunen delar utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som er nemnt i første lekk i høve til nytteverdet for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjon og fordelinga føretakast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette og at det er høve til å prøva kommunen si avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det fastsetjast at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overføra anlegget utan verderlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same høve som er fastsett for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2 første punktum, gjeld tilsvarande.

(II 1980 s 799)

23. okt. 1980
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre delast eller byggast på dersom:

a.Der er opparbeidd og godkjend veg til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert lagt ut og veg opparbeidd i større bredde enn fastsett i § 47, nr. 1 første leden, og
b.Hovedkloakk, medrekna i tilfelle også serskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godtaka kloakksamband til annan hovedkloakk.
c.Hovedvassleidning fører til og langs eller over tomta.

Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet og brannstyret godtaka vassforsyning frå annen vassleidning.

Kommunen kan gjeva reglar for utføringa.

Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likvel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full bredde etter første leden a.

(II 1980 s 799)

23. okt. 1980
Til § 69 nr. 3.

I busetnadsplaner og reguleringsplaner skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I det mon trongen for slike anlegg er stetta på tilstøytande areal må dette dokumenterast.

Anlegga må visast samla med avkøyrsler, køyrevegar, gangvegar og friareal.

1.Busetnaden skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på felles areal for minst 1 bil for kvart husvære. For hybelbygg krevst tilsvarande for annankvar hybel.
2.Forretningsbygg, industri- og lagerbygg, institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, skular, idrettsanlegg og andre bygningsanlegg der serskilde tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha turvande oppstilingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringstilhøve.

Vedtekten trer i kraft straks.

(II 1980 s 799)

21. mars 1985 nr. 719.
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- eller skogbruk innan det regulerte området Bringelandsåsen kortbaneflyplass skal forutan reglane i § 81 fyrste leden også kapitel XIII i bygningslova gjelde.

Vedtekta vert sett i kraft straks.

(II 1985 s 229)

21. mai 1981
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre er det i kommunen ikkje tillete å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus, eller frådele eller bygsle bort tomter til slikt formål. Der det ligg føre generalplan med stadfesta vedtekter, kan slike bygningar berre førast opp etter stadfesta reguleringsplan eller etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
2.Bygningar som nemnt i pkt. 1, kan ikkje oppførast nærare vassdrag enn 100 m rekna i horisontalplanet ved middels vasstand eller nærare veg open for allmenn ferdsel enn 30 meter.
3.For bygningar som nemnt i pkt. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelde, § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, 73, § 74 nr. 2, §§ 87, 93, 94, 95, 98, 109, kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49. For hyttegrender, hyttkonsentrasjonar skal også § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.
4.Bygningsrådet kan utferde rettleiande reglar for hyttebygging, jfr. bygningslova § 74 nr. 2.
5.Når serlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet etter grunngjeven søkand gje dispensasjon frå reglane ovanfor.

Det kan setjast vilkår for dispensasjonen.

Før det vert gjeve dispensasjon frå pkt. 1 eller 2 i vedtekta, skal generalplannemnda få kopi av søkanden og ha høve til å gje fråsegn.

(II 1981 s 413)

12. juni 1986 nr. 1335.
Til § 117.

Kommunestyret har 12. juni 1986 i medhald av § 117 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 vedteke å innføre mellombels plankrav for arbeid og tiltak som nemnd i §§ 84 og 93 i same lova. Det same gjeld for andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Vedtaket gjeld frå det tidspunkt plan- og bygningslova vert sett i verk.

(II 1986 s 441)