Forskrift om vedtekt til § 24 i lov om brannvern m.v., Surnadal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1988-06-21-1088
PublisertII 1988 s 569
Ikrafttredelse23.02.1989
Sist endret
Endrer
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1987-06-05-26-§3
Kunngjort
KorttittelForskrift til brannvernloven, Surnadal

I medhald av § 3 i lov om brannvern m.v. av 5. juni 1987 nr. 26 har Surnadal kommunestyre 5. mai 1988 vedtatt vedtekt til § 24 i brannlova. Vedtaket er godkjent av fylkesmannen i Møre og Romsdal 21. juni 1988. 

Vedtekta lyder slik:

I medhald av § 3 i brannlova blir det i Surnadal kommune innført vedtekt til § 24 i lova om at det skal utførast vanleg brannsyn i bygningar som ikkje er omfatta av §§ 22 og 23 i lova.

Det vanlege brannsyn skal utførast av feiarane samstundes med vanleg feiing.