Forskrift om regulativ (gebyr) for handsaming av private regulerings- bebyggelsesplanar, reguleringsendringar og dispensasjonar, Ørsta kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1997-04-14-659
PublisertII 1997 285
Ikrafttredelse24.03.1997
Sist endretFOR-2004-12-16-1871 fra 01.01.2005
Endrer
Gjelder forØrsta kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§109
Kunngjort
KorttittelForskrift om gebyr for byggeplanar, Ørsta

Fastsett av Ørsta kommunestyre 14. april 1997 med heimel i plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 § 109. Endra 16 des 2004 nr. 1871. 

1. Handsamingsgebyr

Før saka vert teken opp til administrativ handsaming skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr 6.000,-. 

2. Arealgebyr for regulerings- og utbyggingsplanar

I tillegg til handsamingsgebyr skal det betalast eit arealgebyr for handsaming av framlegg til reguleringsplan eller utbyggingsplan (bebyggelsesplan) etter det samla arealet planen omfattar. Arealbruksføremål knytt til allmenne interesser, som til dømes spesialområde naturvern, friluftsliv og vilt kan trekkast frå utrekningsgrunnlaget. Unnatak kan også gjerast etter ei særskilt vurdering der kommunen ut frå planfaglege eller andre offentlege omsyn gjev pålegg om å utvide planområdet.

Arealgebyret skal betalast etter at planutvalet har gjort vedtak om utlegging til offentleg ettersyn, og før planen vert kunngjort. Dersom planutvalet avviser planen, skal det betalast 50% av arealgebyret med mindre forslagsstillar krev planen lagd fram for kommunestyret. 

2.1 Arealgebyret sin storleik:
a)Fast gebyr inntil 5.000 m² kr 16.000,-
b)For kvar påbyrja 1.000 m² mellom 5.000 og 30.000 m² kr 1.100,-
c)For kvar påbyrja 10.000 m² ut over 30.000 m² kr 2.200,- 
2.2 Flatereguleringsplan:

For flatereguleringsplanar er arealgebyret lik 75% av satsane under punkt 2.1. Som flatereguleringsplan (forenkla reguleringsplan) vert rekna reguleringsplanar der arealbruksføremåla mv. er definert, men utan at internvegar, fellesareal, bygningar si form og plassering m.m. er fastsett. 

2.3 Utbyggingsplan (bebyggelsesplan):

For utbyggingsplanar utarbeidd i samsvar med gjeldande flatereguleringsplan er arealgebyret 50% av satsane under punkt 2.1. 

2.4 Reguleringsendring:
a)Endra arealbruk: Ved søknad/framlegg om endra arealbruk skal det i tillegg til handsamingsgebyret betalast arealgebyr lik satsane i punkt 2.1. Ved reguleringsendringar som i hovudsak gjeld endring frå eitt utbyggingsføremål til eit anna, skal det betalast arealgebyr lik 50% av satsane i punkt 2.1.
b)Endring av reguleringsføresegner: Dersom søknaden/framlegget berre gjeld endring av reguleringsføresegnene, skal det ikkje betalast arealgebyr i tillegg til handsamingsgebyret.
c)Mindre vesentleg reguleringsendring: Dersom ein finn at endringa må sendast på full høyringsrunde skal som hovudregel punkt 2.4 a) nyttast. Ved handsaming utan full høyringsrunde kan gebyret følgje satsane for dispensasjon. 
2.5 Hytteplanar:

For hytteplanar som framstår som store flateplanar med låg arealutnytting, skal det betalast arealgebyr tilsvarande 50% av handsamingsgebyret i punkt 1 for kvar ny hytte planen omfattar. 

3. Arkeologiske undersøkingar mv.

Tiltakshavar må koste granskingar som følgje av kulturminnelova (t.d. arkeologiske undersøkingar), plan- og bygningslova § 68 (t.d. flaum- og skredfarevurderingar) og ev. andre særskilde utgreiingar som måtte bli pålagt som følgje av tiltaket sitt omfang eller lokalisering. 

4. Justering av gebyrsatsane

Gebyra skal justerast årleg med verknad frå 1. januar.