Forskrift for adressetildeling, Bjerkreim kommune, Rogaland.

DatoFOR-1997-06-09-1535
PublisertII 1998 885
Ikrafttredelse09.06.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forBjerkreim kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1978-06-23-70-§4-1, FOR-1979-10-19-4
Kunngjort
KorttittelAdresseforskrift for Bjerkreim

Kapitteloversikt:

Fastsett av Bjerkreim kommunestyre 9. juni 1997 med heimel i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven) § 4-1 og forskrift av 19. oktober 1979 nr. 4 til lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom, (delingsloven), kapittel 15.

1. Adressestyresmakt

1.1 Oppmålingsstyresmakta er kommunen si adressestyresmakt og tildeler adressenamn og nummer.

2. Nye adressenamn

2.1 Nye adressenamn vert godkjent av utval for miljø og teknikk som eiga sak eller i formannskapet som del av reguleringsplan.

3. Reglar for tildeling av adressenummer

3.1 Nummerering startar frå sentrum og stig utover mot kommunegrensa.
3.2 Innanfor tettbygd strøk (reg. område) vert det gitt adressenummer fortløpande, med like nummer på venstre side (partal) og ulike nummer (oddetal) på høgre side. Det vert halde av nummer til evt. fortetting av bustadsmassen.
3.3 Utanfor regulert område (spredt busetting) vert det gitt etter stadsnamn og nr.
3.4 I område med fritidsbusetnad som ikkje har direkte tilgang frå veg, vert det brukt områdenummerering. Nummera vert gitt fortløpande i sirkel med urvisaren.
3.5 Eventuell bokstav som undernummer vert bare gitt for å unngå omnummerering.

4. Plikt til å setja opp skilt

4.1 Grunneigar, festar, bygningseigar har plikt til å koste, setje opp og vedlikehalde nummerskilt og eventuelle skilt som viser til eigedomen.

5. Plassering av skilt

5.1 Adressenummerskilt og tilleggsskilt skal verta plassert slik at det er tydeleg kva eigedom dei knyttar seg til. Skilta skal vera lett synlege frå den vegen/gata dei høyrer til, og haldast heile og reine med tydelege tal og bokstavar. Samtidig bør skilta verta plassert slik at dei er lesbare i mørke.
5.2 Har bygningen inngangsdør eller portåpning umiddelbart til fortau eller porten, skal skilta som regel plasserast like til høgre frå inngang eller porten, sett frå gata eller veg, i ca 2,5 meters høgde.
5.3 Er det vanskeleg å sjå skiltet frå vegen, skal adressenummerskilt og settast opp på port eller særskilte stolpe i gjerdelinje, til høgre for innkjørselen.
5.4 Er det fleire adresseeiningar langs ein stikkveg/felles avkøyring, kan ein setja bokstav over inngangen.

6. Materiala og utføring av skilta

6.1 Adressenummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt materiale.
6.2 Skilta bør ha svarte tal på hvit botn, teksthøgde 105 mm og skilthøgde 150 mm.
6.3 Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemakta, verta nytta.

7. Ulike bestemmelser

7.1 Adressemakta, eller han som er delegert skal føra kontroll med at overståande reglar vert fulgt og gje nødvendige pålegg.
7.2 Pålegg som ikkje vert imøtekome, kan adressemakta la utføre for eigaren/festaren si rekning.

8. Igangsetjing

Desse avgjerdene trer i kraft når dei er vedtekne av kommunestyret, og lovleg kunngjorde. Tidlegare lover og reglar vert samtidig oppheva.