Forskrift om plangebyr, Førde kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1998-09-16-962
PublisertAvd II 1998 619
Ikrafttredelse01.10.1998
Sist endretFOR-2000-05-24-1681
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§109
Kunngjort
KorttittelForskrift om plangebyr, Førde

Fastsett av Førde bystyre 16. september 1998 med heimel i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77 § 109. Endret 24 mai 2000 nr. 1681. 

1.0Gebyr
Dispensasjonar frå kommuneplanen si arealdel, PBL § 7kr 1.580,-
Dispensasjon frå regulerings-/utbyggingsplan, PBL § 7kr 3.170,-
Oppstartsvedtak regulerings-/utbyggingsplan, PBL § 30kr 3.170,-
Mindre vesentleg endring, PBL § 28-1 nr. 2kr 3.170,-
Endring av regulerings-/utbyggingsplan, PBL § 28-1 nr 1kr 3.170,-
Utbyggingsplan, PBL § 28-2kr 2.430,-  
+ Arealgebyr - Inntil 5.000 m²kr 3.170,-
- 5.001 - 10.000 m²kr 5.610,-
- over 10.000 m² (maks arealgebyr)kr 10.600,-  
Reguleringsplan, PBL § 30 og § 27-1kr 3.170,-
+ Arealgebyr - Inntil 5.000 m²kr 4.240,-
- 5.001 - 10.000 m²kr 7.410,-
- Over 10.000 m² (maks arealgebyr)kr 12.720,-

Dersom ei endring av utbyggings-/reguleringsplan gjeld endring av areal og føremål, vert arealgebyr å betale i samsvar med det areal som skal endrast.

Gebyret skal dekke det arbeid Førde kommune har med søknaden. Kravet til fagleg utgreidde og framstilte planar skal gjelde fullt ut, og tiltakshaver skal dekke alle utgifter til dette, kopiering, annonsering og liknande i forkant av søknad. 

2.0Avbroten plansak

Avhengig på kva tidspunkt i saka denne vert avbroten skal gebyret avreknast som del av fullt gebyr. Rådmannen får fullmakt til slik avgjer. 

3.0Avgjer om betaling
-Gebyr skal betalast av søkjar før saka vert fremja fyrste gongen for planutvalet.
-Betaling skal skje til Førde kommune etter rekning frå kommunen.
-Rekninga skal vere i samsvar med dei satsane som gjeld på tidspunktet for søknaden. 
4.0Regulering av gebyr

Dette gebyrregulativ skal regulerast kvart år i samsvar med konsumprisindeksen. Justering skal skje 1. januar kvart år med indeks pr. desember året før. Beløp skal avrundast nedover til næraste kr 10,-. Plansjefen syter for kunngjering. 

5.0Klage på gebyr

Klager på gebyr og storleiken på dette skal handsamast av planutvalet. 

6.0Urimelege gebyr

Dersom gebyret etter dette regulativ vert urimeleg høgt, kan rådmannen sette eit passande gebyr. 

7.0Timesatsar medgått tid
- Siv.ark/siv.ing:Kr. 520,-
- Ingeniør:Kr. 420,-
- Mannskap:Kr. 310,-.