Forskrift om gebyrregulativ for sakshandsaming etter plan- og bygningsloven og lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven), Førde kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1998-12-09-1359
PublisertII 1998 898
Ikrafttredelse27.02.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§109, LOV-1997-05-23-31-§7
Kunngjort
KorttittelForskrift om gebyrer etter plbl mm, Førde

Fastsett av Førde bystyre 9. desember 1998 med heimel i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77 § 109 og lov av 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) § 7.

§ 1.Gebyret inneheld

Gebyret omfattar; sakshandsaming, godkjenning av ansvarsrett, første gangs forehåndskonferanse, dokumentkontroll, samt tilsyn (stikkprøver) i byggeperioden. Gebyret vert kravd av tiltakshaver.

Eventuell påvising av bygning i marka kan verta rekvirert utført av kommunen, og betalt etter gjeldande regulativ.

§ 2.Betalingsplikt

Alle som får utført tjenester etter dette regulativ skal betale gebyr. Gebyret skal være betalt seinast før igangsetting av tiltaket.

§ 3.Tidspunkt for avrekning av gebyr

Gebyret vert utrekna i høve til det regulativ som gjeld når fullstendig søknad/melding er komen inn til kommunen.

§ 4.Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt

Når vedtak i samband med søknad om rammeløyve vert gjeve, skal det fakturerast for 50% av fullt gebyr. Dei resterande 50% vert fakturert etter at igangsettingsløyve er gjeve.

Gebyr for eventuelle dispensasjonar skal betalast når vedtaket er fatta. Beløp under kr. 2000, skal ikkje delast. Gebyr for eit-trinnsøknad skal betalast etter at igangsettingsløyve er gjeve.

§ 5.Kombinerte bygningar

Har bygningen fleire funksjonar, vert gebyret rekna etter høgaste gebyrklasse.

§ 6.Mellombelse bygningar

Ved mellombelse bygningar betalast fullt gebyr.

§ 7.Tiltak som kjem inn under flere tiltaksklassar

Ved tiltak som kjem inn under fleire tiltaksklassar bereknast gebyret etter høgaste tiltaksklasse.

§ 8.Anna arbeid

For anna arbeid der det ikkje er faste gebyr og for arbeid som skal godkjennast etter medgått tid, skal det brukast en timesats på kr 400,-.

§ 9.Utvida kontroll

Kommunen kan engasjere særskilt organ til kontroll av: prosjektering, utførelse eller kontroll av statiske berekningar, ventilasjonsanlegg, branndokumentasjon, tilfluktsrom m.m.

Slik kontroll må tiltakshavar betale direkte til utførande etter medgåtte utgifter. Desse utgiftene kjem i tillegg til satsane for i dette regulativet.

§ 10.Merverdiavgift

Det skal ikke betales merverdiavgift i tillegg til gebyr for tjeneste etter gebyrregulativet med unntak av gebyr etter brukt tid.

§ 11.Avslag

Ved vedtak som medfører avslag på søknad om ramme-/igangsettingsløyve/løyve om tiltak, og enkle tiltak blir tiltakshaver belasta med 25% av fullt gebyr.

§ 12.Urimelig gebyr

Hvis storleiken på gebyret vert klart urimeleg i høve til det arbeid og dei kostnader kommunen har hatt med saka, eller gebyret er urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsette passande gebyr. Regulativet kan berre fråvikast ved spesielle høve.

§ 13.Klageadgang

Gebyrfastsettingen i den enkelte sak kan ikkje påklagast. Kommunen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven.

§ 14.Indeksregulering

Gebyrsatsane for handsaming av byggesaker m.m. skal indeksregulerast ved kvart årskifte i takt med Statistisk Sentralbyrå sin kostnadsindeks (tabell A-enebolig i tre). Basisdato er 15. desember 1997, indeks 252,9. Alle satsar skal avrundast til nærmaste kr 5,-.