Forskrift om vedtekter til plan- og bygningsloven § 107, Surnadal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1999-04-23-354
PublisertAvd II 1999 301
Ikrafttredelse01.06.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelForskrift om reklameskilt m v, Surnadal

Kapitteloversikt:

Fastsatt av Surnadal kommunestyre 12. november 1998 med hjemmel i plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 § 4. Stadfestet av Kommunal- og regionaldepartementet 23. april 1999.

I

1. Søknad

Innan heile kommunen kan skilt, reklameinnretningar o.l. ikkje settast opp utan at kommunen har gitt tillatelse etter søknad etter § 107. Tillatelse blir ikkje krevd for mindre skilt, mindre reklameinnretningar o.l. under 1,0 m² som blir sett opp på byggverk eller innhegning. Tillatelsen kan berre gis inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

2. Reklameinnretningar, områdeomsyn
2.1 Kommunen kan sjølv utarbeide eller kreve utarbeidd ein samla skiltplan for eit avgrensa område under eitt.
2.2 I ope naturlandskap, kulturlandskap, parkar og friområde må det ikkje oppførast frittståande reklameskilt. På bygningar må det ikkje oppførast reklame som virkar dominerande.
2.3 Innafor særprega og historisk interessante miljø må det ikkje oppførast reklameinnretningar som ikkje er tilpassa miljøets karakter og historie.
2.4 I reine boligområde må det ikkje førast opp reklameinnretningar. Mindre reklameskilt for verksemder kan oppførast i den grad dei ikkje sjenerar boligane.
2.5 På parkeringsplassar, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar ikkje oppførast dersom plasseringa ikkje tek omsyn til forholda på staden.
2.6 Lysreklame må ikkje oppførast med unntak av område regulert til forretningar og ellers i område som kommunen har bestemt. Lysreklame som er til sjenanse for boligar er ikkje tillatt.
3. Formingskriteriar
3.1 Skilt og reklameinnretningar o.l. skal ikkje vera til hinder for ferdsel eller til fare for omgjevnadene på annan måte.
3.2 Skilt må ikkje plasserast på møne, takflate, takutstikk eller gesims.
3.3 Gesimsar utforma som lysande kasser tillates ikkje.
3.4 For kvar verksemd er det ikkje tillatt med meir enn eitt uthengsskilt og eitt veggskilt. Kommunen kan gjera unntak for verksemder som disponerar fleire fasader langs fortau eller gate.
3.5 Innan kommunen må det ikkje oppførast skilt, reklameinnretningar o.l. med større samanhengande areal enn 15 m².
3.6 Uthengsskilt på bygningar o.l. skal ikkje ha større breidde enn 1,0 m og skal ha fri høgd over fortau på minst 2,5 m. Framspringet må aldri vera lenger ut enn at det er minst 0,5 m fri horisontal avstand til fortauskant.
3.7 Markiser skal avgrensast til vindusopningar.
3.8 Transparentar må ikkje bryte med det arkitektoniske uttrykk på den bygning eller bakgrunn dei tilhører.

II

Vedtekta trer i kraft frå og med 1. juni 1999.