Forskrift for adressetildeling, Bjerkreim kommune, Rogaland.

DatoFOR-2002-09-11-1849
PublisertII 2003 hefte 1
Ikrafttredelse30.02.2003
Sist endret
Endrer
Gjelder forBjerkreim kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1978-06-23-70-§4-1, FOR-1979-10-19-4
Kunngjort30.01.2003
KorttittelAdresseforskrift for Bjerkreim

Fastsett av Bjerkreim kommunestyre 11. september 2002 med heimel i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven) § 4-1 og forskrift av 19. oktober 1979 nr. 4 til lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven). Del. av myndighet, kapittel 15. 

1. Adressestyresmakt
1.1 Oppmålingsstyremakta er kommunen sin adressestyresmakt og tildeler adressenamn og nr. 
2. Nye adressenamn
2.1 Nye adressenamn vert godkjend av utval for LMT som eiga sak eller i formannskapet som del av reguleringsplan. 
3. Reglar for tildeling av adressenummer
3.1 Nummerering startar frå sentrum og stig utover mot kommunegrensa.
3.2 Innanfor tettbygd strøk (reg. området) vert det gjeve fortløypande adressenummer, med partal på venstre sida og oddetal på høgre sida. Det vert halde att nummer til eventuell fortetting av bustadmassen.
3.3 Utanfor regulert området (spreidd busetnad) gjer ein nummerering etter avstand frå vegens startpunkt.
3.4 I området med fritidsbusetnad som ikkje har direkte tilgang frå veg, vert det brukt områdenummerering. Nummera vert gjeve fortløypande i sirkel med urvisaren.
3.5 Eventuell bokstav som undernummer vert berre gjeve for å unngå omnummerering. 
4. Plikt til å setja opp skilt
4.1 Grunneigar, festar og bygningseigar har plikt til å koste, setja opp og vedlikehalde nummerskilt og eventuell skilt som visar eigedomen. 
5. Plassering av skilt
5.1 Adressenummerskilt og tilleggsskilt skal vera plassert slik at det er tydeleg kva eigedom dei knytte seg til. Skilta skal vera lett synleg frå den vegen/gata dei høyrer til, og haldast heile og reine med tydelege tal og bokstavar. Samstundes bør skilta vera plassert slik at dei er leselige i mørket.
5.2 Har bygningen inngangsdør eller port opning til fortau eller porten, skal skilta som regel plasserast like til høgre frå inngang eller porten, sett frå gata eller veg, ca. 2,5 m høgde.
5.3 Er det vanskeleg å sjå skiltet frå vegen, skal adressenummerskilt og setjast opp på port eller særskild stolpe i gjerdelina eller til høgre for innkjørsel.
5.4 Er det fleire adresseeiningar langs ein stikkveg/felles avkøyring, kan ein setja bokstav over inngangen. 
6. Materiala og utføring av skilta
6.1 Adressenummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt materiale.
6.2 Skilta bør ha svarte tal på kvit botn, gjerne reflekterande. Teksthøgde 105 m.m. og skilthøgde 150 m.m.
6.3 Andre skilttypar kan etter godkjenning av adressemakta og verta nytta. 
7. Ulike bestemmingar
7.1 Adressemakta, eller han som er delegert skal føra kontroll med at overståande reglar vert fylgt og gje naudsynte pålegg.
7.2 Pålegg som ikkje vert etterkomne, kan adressemakta la utføre for eigaren/festaren si rekning. 
8. Igangsetjing
8.1 Desse avgjerslene trer i kraft når dei er vedtekne av kommunestyret, stadfesta av fylkesmannen og lovleg kunngjorde. Tidlegare reglar vert samstundes oppheva.