Forskrift om campingvedtekter, Hemsedal kommune, Buskerud.

DatoFOR-2002-10-17-1191
PublisertII 2002 hefte 6
Ikrafttredelse07.12.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§85
Kunngjort07.11.2002
KorttittelForskrift om campingvedtekter, Hemsedal

Fastsett av Hemsedal kommunestyre 17. oktober 2002 med heimel i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77 § 85. 

Forskrifta regulerer plassering av campingvogner og tilbygg til desse på godkjende campingplassar, samt oppstilling av campingvogner utanfor godkjende campingplassar i Hemsedal kommune.

§ 1.Denne forskrifta gjeld langvarig plassering av campingvogner og tilbygg til desse som skal stå ut over 3 månader.
§ 2.Langvarig plassering (ut over 3 månader) av campingvogner og tilbygg til desse er ikkje tillate på andre stader enn dei etablerte campingplassane i kommunen. Unntak frå dette er lagring av eige campingvogn på eigen bustadeigedom.
§ 3.Langvarig plassering av campingvogn (ut over 3 månader) skal ha kommunen si samtykke etter plan- og bygningslova § 85. Tilbygg til campingvogn er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 93. Dette kan løysast ved å sende inn ein situasjonsplan (i målestokk) som syner aktuelle plassar for slike tiltak. Kvar plass skal vera nummerert, og det skal angis kva konstruksjonar som kan plasserast på dei einskilde plasser. Kommunen vurderer denne planen, og gir etter dette samtykke til langvarig plassering av campingvogn og løyve til tilbygg til desse. Under føresetnad at slike tiltak blir plassert på dei godkjende plassane og elles er i tråd med denne forskrift, blir tiltaket sett på som lovleg.

Kommunen kan for kvar campingplass krevje bebyggelsesplan iht. plan- og bygningslova § 28 nr. 2.

§ 4.Langvarig plassering (ut over 3 månader) av campingvogner og eventuelt tilbygg til desse, er berre tillate på dei stader på campingplassen som er godkjend for dette. Ved eventuelt ynskje om anna plassering må dette særskild bli søkt om. Tilbygg til campingvogn må meldes til kommunen etter plan- og bygningsloven § 85 selv om det skal stå mindre enn 3 månader.
§ 5.Det er berre tillate langvarig plassering av campingvogner som kan trekkjast med køyretøy som dekkast opp av førarkortklasse C1. (7500 kg)
§ 6.Tilbygg skal ikkje vera fast bunden til campingvognene på nokon måte slik at dette vil vera til hinder for lett å kunne kople campingvognene til køyretøy og trekkja den vekk ved til dømes brann, flaum eller liknande.
§ 7.Tilbygg til campingvognene kan setjast opp i tre eller prefabrikert i aluminium eller plast. Det er berre tillate med eit tilbygg til kvar campingvogn.
§ 8.Om campingvogna skal fjernast må eventuelt tilbygg takast ned. I særlege tilfelle etter avtale med eigar (driver) av campingplassen, kan tilbygg bli ståande inntil 7 døgn etter at vogna er fjerna. Tilbygget må i slike tilfelle sikrast forsvarleg, og den åpne veggen må tettast att med eigna material som gjev ei god estetisk løysning.
§ 9.Største bredde på tilbygget kan vera maksimalt 2,5 m. Største lengde på tilbygget kan vera maksimalt lik vogna si lengde, men ikkje over 4,0 m.
§ 10.For å få tett overgang mellom campingvogntak og tilbygg kan taket på tilbygget vera inntil 0,15 m høgare enn campingvogna.
§ 11.Det er ikkje tillatt å byggje campingvogner inn. Det er ikkje tillate at campingvogna blir kledd med andre materialer enn opphavleg for vogna. Plassbygde tak over campingvogn og fortelt er ikkje tillate i Hemsedal kommune.
§ 12.Det skal vere skråtak på tilbygget. Flatt tak er ikkje tillate. Takvinkel må vera mest mogleg lik for alle tilbygg/fortelt på den einskilde campingplass. Taktekking skal vere i material og med ein farge som gjev ei god estetisk løysning, og som er tilpassa vogna og den einskilde campingplass. Tradisjonelle bølgeblikkplater er ikkje lov. Terrasser etablert på taket av tilbygget er ikkje lovleg.
§ 13.Det skal vera vindauge i tilbygget. Storleik, mengde og utforming av vindauge må tilpassast campingvogna og den einskilde campingplass. Det same gjeld døropninger. Dør skal slå ut av tilbygget.
§ 14.Tilbygget skal utførast av material og med naturvennlege farger som harmonerer med campingvogna og med omgjevnaden. Kommunen kan krevje uheldig materialval og skjemmande farger endra.
§ 15.Mindre terrasser, rekkverk, utebelysning og liknande kan tillatast etter avtale med eigaren (ansvarleg) av campingplassen. Terrasser kan ikkje vera over 10 m². Total bredde av tilbygg og terrasse kan samla ikkje vere over 4,5 m. Maksimal høgde på rekkverk kan ikkje vera over 0,9 m. Det er ikkje lovleg å ha konstruksjonar som er høgare enn 0,5 m over campingvogna. Flaggstenger og portaler tillates ikkje.
§ 16.Alle brannkrav i samsvar med tekniske forskrifter til plan- og bygningslova, lov om brannvern og eventuelle pålegg frå brannsjefen må vera oppfylt.
§ 17.Det er ikkje lovleg å legge inn vatn i campingvogna eller tilbygget.
§ 18.Campingvogner og tilbygg til disse skal ikkje plasserast nærmere vatn eller vassdrag enn 10 m.
§ 19.Det er ikkje lov å setta opp campingvogner, tilbygg og liknande som ikkje kjem inn under reglane ovanfor, utan særskilt løyve frå kommunen.
§ 20.Kommunen kan vurdere dei estetiske sider ved campingvogner og tilbygg, og kan nekte eller eventuelt krevja uheldige løysningar fjerna. Ved tvilstilfelle skal det vera kommunen sitt skjønn som skal gjelda, jf. plan- og bygningslova § 74, nr. 2.
§ 21.Når særskilde grunnar ligg føre, kan Hovudutval for Plan og Ressurs, etter søknad gi varig eller mellombels dispensasjon frå bestemmelsene i denne forskrifta.
§ 22.Ved eventuelle brot på denne forskrifta, kan kommunen gje pålegg og eventuelt vedta sanksjonar mot eigar av campingplassen i henhold til plan- og bygningslova kapittel XVIII og XIX.