Forskrift om campingvedtekter, Gol kommune, Buskerud.

DatoFOR-2002-10-22-1173
PublisertII 2002 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2003
Sist endretFOR-2003-12-16-1856
Endrer
Gjelder forGol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§85
Kunngjort31.10.2002
KorttittelForskrift om campingvedtekter, Gol

Fastsett av Gol kommunestyre 22. oktober 2002 med heimel i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77 § 85. Endra 16 des 2003 nr. 1856. 

Forskrifta regulerer plassering av campingvogner og tilbygg til desse på godkjende campingplassar, samt oppstilling av campingvogner utanfor godkjende campingplassar i Gol kommune.

§ 1.Denne forskrifta gjeld langvarig plassering av campingvogner og tilbygg til desse som skal stå ut over 4 månader.
0Endra ved forskrift 16 des 2003 nr. 1856.
§ 2.Langvarig plassering (ut over 4 månader) av campingvogner og tilbygg til desse er ikkje tillate på andre stader enn dei etablerte campingplassane i kommunen. Unntak frå dette er lagring av campingvogn på bebygd eigedom.
0Endra ved forskrift 16 des 2003 nr. 1856.
§ 3.Langvarig plassering av campingvogn (ut over 4 månader) skal ha kommunen sitt samtykke etter plan- og bygningslova § 85. Tilbygg til campingvogn er meldepliktig etter plan- og bygningslova § 85.

Dette kan løysast ved å sende inn ein situasjonsplan (i målestokk) som syner aktuelle plassar for slike tiltak. Kvar plass skal vera nummerert, og det skal angis kva konstruksjonar som kan plasserast på dei einskilde plasser. Kommunen vurderer denne planen, og gir etter dette samtykke til langvarig plassering av campingvogn og løyve til tilbygg til desse. Under føresetnad at slike tiltak blir plassert på dei godkjende plassane og elles er i tråd med denne forskrift, blir tiltaket sett på som lovleg.

0Endra ved forskrift 16 des 2003 nr. 1856.
§ 4.Langvarig plassering (ut over 4 månader) av campingvogner og eventuelt tilbygg til desse, er berre tillate plassert på dei stader på campingplassen som er godkjend for dette. Ved eventuelt ynskje om anna plassering må dette særskild bli søkt om.
0Endra ved forskrift 16 des 2003 nr. 1856.
§ 5.Det er berre tillate langvarig plassering av campingvogner som kan trekkjast med «vanlege» køyretøy (dekka opp av førarkortklasse C1E).
§ 6.Tilbygg skal ikkje vera fast bunden til campingvognene på nokon måte slik at dette vil vera til hinder for lett å kunne kople campingvognene til køyretøy og trekkja den vekk ved til dømes brann, flaum eller liknande.
§ 7.Tilbygg til campingvognene kan setjast opp i tre eller prefabrikert aluminium eller plast. Det er berre tillate med eit tilbygg til kvar campingvogn.
§ 8.Om campingvogna skal fjernast må eventuelt tilbygg i slike tilfelle sikrast forsvarleg og den åpne veggen må tettast med eigna materialer som gir god estetisk løysning.
§ 9.Tilbygget skal ikkje vera større enn 15 m² . Største lengde på tilbygget kan vera maksimalt lik vognas lengde.
§ 10.For å få tett overgang mellom campingvogntak og tilbygg kan taket på tilbygget vera inntil 0,15 m høgare enn campingvogna.
§ 11.Det er ikkje tillatt å byggje campingvogn inn. Det er ikkje tillatt at campingvogna blir kledd med andre material enn opphavleg for vogna. Plassbygde tak over campingvogn og fortelt er ikkje tillatt i Gol kommune.
§ 12.Det skal vera skråtak/saltak på tilbygget. Flatt tak er ikkje tillatt. Takvinkel må vera mest mogleg lik for alle tilbygg/fortelt på den einskilde campingplass. Taktekking skal vera i material og med ein farge som gjev ei god estetisk løysning, og som er tilpassa vogna og den einskilde campingplass. Tradisjonelle bølgeblikkplater er ikkje lov. Terrassar etablert på taket av tilbygget er ikkje lovleg.
§ 13.Det skal vera vindauge i tilbygget. Storleik, mengde og utforming av vindauge må tilpassast campingvogna og den einskilde campingplass. Det same gjeld døropninger. Dør skal slå ut av tilbygget.
§ 14.Tilbygget skal utførast av material og med naturvennlege farger som harmonerer med campingvogna og med omgjevnaden. Kommunen kan krevje uheldig materialval og skjemmande farger endra.
§ 15.Mindre terrassar, rekkverk, utebelysning og liknande kan tillatast etter avtale med eigaren (ansvarleg) av campingplassen. Terrassar kan ikkje vera over 10 m² . Maksimal høgde på rekkverk kan ikkje vera over 0,9 m. Det er ikkje lovleg å ha konstruksjonar som er høgare enn 0,5 m over campingvogna. Antenneanlegg er unnateke.
§ 16.Alle brannkrav i henhold til tekniske forskrifter til plan- og bygningslova, lov om brannvern og eventuelle pålegg frå brannsjefen må vera oppfylt.
§ 17.Det er ikkje lovleg å legge inn vatn i campingvogna eller tilbygget.
§ 18.Det er ikkje lov å setta opp campingvogner, tilbygg og liknande som ikkje kjem inn under reglane ovanfor, utan særskilt løyve frå kommunen.
§ 19.Tilbygget skal vera oppført iht. god byggeskikk med god kvalitet. Kommunen kan vurdere dei estetiske sider ved campingvogner og tilbygg, og kan nekte eller eventuelt krevja uheldige løysningar fjerna. Ved tvilstilfelle skal det vera kommunens skjønn som skal gjelda, jf. plan- og bygningslova § 74 nr. 2.
§ 20.Når særskilde grunnar ligg føre kan Utval for Natur og næring, etter søknad, gi varig eller mellombels dispensasjon frå bestemmelsene i denne forskrifta.
§ 21.Ved eventuelle brot på denne forskrifta, kan kommunen gje pålegg og eventuelt vedta sanksjonar mot eigar av campingplassen iht. plan- og bygningslova kapittel XVIII og kapittel XIX.
§ 22.Det er eigaren (den ansvarlege) som skal sørge for at forskriften vert overhalde.
§ 23.Forskrifta trer i kraft 1. januar 2003.