Forskrift for namnesetjing, adressering og adresseforvaltning, Valle kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-2003-06-25-1866
PublisertII 2004 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder.
HjemmelLOV-1978-06-23-70-§4-1, FOR-1979-10-19-4, LOV-1985-06-14-77-§105, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort22.01.2004
Rettet21.04.2004, byttet til nynorsk tekst.
KorttittelForskrift for namnesetjing m.m, Valle

Fastsett av Valle kommunestyre 25. juni 2003 med heimel i lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingslova) § 4-1 og forskrift 19. oktober 1979 nr. 4 til lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven) kap. 15.13, plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 § 105 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn. 

1. Adressestyresmakt

Fagansvarleg for forvaltning er adressestyresmakt i kommunen.

Adressestyresmakta har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen og delar ut offisielle adresser etter reglane i delingslova og forskriftene som høyrer til. 

2. Namnestyresmakt

Leiaren for velkomstsenteret er namnestyresmakt i kommunen og har ansvar for namnsetjing. Til dette høyrer å gjere vedtak om skrivemåten av stadnamn og adressenamn etter reglane i stadnamnlova. Namnestyresmakta har ansvar for å uttale seg på vegner av kommunen om skrivemåten av stadnamn og adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for. 

3. Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner me anten:

a)vegadresse med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav

eller:

b)matrikkeladresse, oppgjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer eller undernummer, med adressenamn som høyrer til.

Til offisiell adresse kan det òg høyre eit bustadnummer.

Namnestyresmakta gjer vedtak om kvar i kommunen det skal innførast vegadresser. 

4. Nærare om arbeidet til adressestyresmakta og namnestyresmakta

Når det vert innført vegadresser, lagar adressestyresmakta kartoversikt som syner dei ulike adresseparsellane (vegane). Adresseparsellane skal vere merkte av med oppgjeve start- og endepunkt og skal ha tildela adressenummer (husnummer) etter reglane i handbok i kommunal adressetildeling, del 1 og del 2.

Namnestyresmakta fastset namn og skrivemåte for dei ulike adresseparsellane og eventuelle tilleggsnamn (namn på t.d. bustadfelt). Aktuelle foreiningar, lag og einskildpersonar i kommunen bør få høve til å kome med framlegg til namn.

For nye område eller bustadfelt der det skal brukast vegadresser bør opplegget for adressering og namnsetjing arbeidast ut samtidig med at reguleringsplanen vert handsama, slik at ikkje «tilfeldige» namn kjem i varig bruk.

I område med matrikkeladresser fastset namnestyresmakta adressenamn. Som hovudregel skal gardsnamn og eventuelt eit tilleggsnamn nyttast for alle matrikkeladresser under det einskilde gardsnummeret. Dersom gardsnamn gjev misvisande informasjon, kan det sløyfast, men då skal eit anna namn brukast. 

5. Skilting

Leiar for bygg, eigedom og anlegg er ansvarleg for å setje opp og vedlikehalde vegskilt og andre adressenamnskilt.

Alle grunneigarar eller festarar som får tildelt adressenummer til bygg eller eigedom i ei vegadresse har plikt til å koste, setje opp og vedlikehalde nummerskilt og eventuelle nødvendige visingsskilt på eigedomen etter nærare reglar i pkt. 6.

For bygg eller eigedomar som finst frå før, skal nummerskilt vere sett opp innan eitt år etter at adressetildelinga er gjort kjend. Når det gjeld nye bygg, skal nummerskilt vere på plass før bygget vert teke i bruk.

Adressestyresmakta skal kontrollere at reglane ovanfor vert følgde, og skal gjeve nødvendige pålegg. Dersom pålegg ikkje vert utførde, kan adressestyresmakta syte for gjennomføring på eigarens eller festarens kostnad. 

6. Korleis skilta skal plasserast og sjå ut osb.
6.1 Nummerskilt og eventuelle tilleggsskilt skal plasserast slik at det er tydeleg kva for bygg eller eigedom dei høyrer til. Skilta skal vere lett synlege frå den vegen dei høyrer til, og dei skal haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelt bokstavar. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei kan lesast i mørkret.
6.2 Nummerskilt skal som hovudregel stå om lag 2,5 m over bakken, og dersom det er mogleg vere plasserte til høgre for alle inngangsdører og innkøyringar frå veg.
6.3 Der skiltet er vanskeleg å sjå frå vegen, skal det plasserast i passeleg høgde på port, innhegning, stolpe eller annan eigna stad. Dersom det let seg gjere, skal det stå til høgre for inngang eller innkøyring.
6.4 Snur nummerskiltet mot ein annan veg enn den som adressa er knytt til, bør det setjast opp visingsskilt til adressa. Visingsskiltet skal setjast under nummerskiltet.
6.5 Sjølv om eigedomen ikkje har inngang eller innkøyring frå den vegen som nummeret er knytt til, bør det setjast opp vanleg nummerskilt til vegen. Under nummerskiltet skal det plasserast visingsskilt som opplyser om kva veg eigedomen har inngang frå.
6.6 Der adressestyresmakta finn det påkravt, kan suppleringsskilt krevjast oppsett ved hovudvegen i tillegg til ved dei einskilde husa eller inngangane.
6.7 Huseigaren har plikt til å syte for at nummerskilt og visingsskilt er godt synlege og ikkje er dekte av tre, buskar, andre skilt osb.
6.8 Nummerskilt og tilleggsskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og varig materiale. Dei skal festast solid, rustfritt og varig.
6.9 Skilta skal ha svarte tal og eventuelt bokstavar, og dessutan svart ramme på kvit eller kvitaktig og reflekterande botn.
6.10 Storleiken på nummerskilt og visingsskilt skal vere i samsvar med skiltnormene til Statens vegvesen, skilt nr. 770 og 766, slik det er vist i handbok til delingslova.
6.11 Andre skilttypar kan nyttast etter godkjenning av adressestyresmakta. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelege tal og tilfredsstelle kontrast mot bakgrunnen. 
7. Iverksetjing

Desse reglane tek til å gjelde frå 1. januar 2004.