Forskrift om felles retningsliner for praktisering av § 3 - § 8 i forskrift til § 5 i plan- og bygningslova (ny kartforskrift) i region Nordhordland og Gulen, Austrheim, Gulen, Lindås, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy kommuner, Hordaland og Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-12-01-1633
PublisertII 2004 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forAustrheim, Gulen, Lindås, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy kommuner, Hordaland og Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§5
Kunngjort16.12.2004
KorttittelForskrift om felles retningsliner, Nordhordland

Kapitteloversikt:

Fastsett av Austrheim kommune 1. desember 2004, Gulen kommune 30. september 2004, Lindås kommune 16. september 2004, Meland kommune 10. november 2004, Modalen kommune 15. oktober 2004, Osterøy kommune 20. oktober 2004 og Radøy kommune 16. september 2004 med heimel i plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 § 5, forskrift 10. mai 2004 nr. 736 om kart og stedfestet informasjon i plan- og byggesaksbehandlingen § 3, § 4, § 5, § 6, § 8.

I

I tillegg til det som går fram av forskrifta og Miljøverndepartementet si rettleiing i skriv av 12. mai 2004, skal følgjande gjelda som felles retningsliner for kommunane i Nordhordland og Gulen:

1)Kvalitetskrav til det offentlege kartverket (§ 3 i forskrifta)
a)For areal som i kommuneplanen er avsett til byggeområde med krav om reguleringsplan, skal det offentlege kartverket tilfredsstille krava for å kunna utarbeide regulerings-/byggeplanar i målestokk 1:1000 (Standard FKB-B1) dersom det ikkje i planen er spesifisert bestemte kvalitetskrav til det offentlege kartverket for aktuelt område.
b)For areal som i kommuneplanen er avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) og som ligg under tregrensa, skal det offentlege kartverket tilfredsstilla standarden FKB-C1 (tilsvarar økonomisk kartverk M= 1:5000).
c)For areal i LNF-område som grunneigar ønskjer eller kommunen vedtek skal regulerast til byggeformål, skal det offentlege kartverket tilfredsstille standard FKB-B1 før utkast til reguleringsplan blir utarbeidd med mindre kommunen i det konkrete tilfellet godtek ei enklare løysing.
2)Pålegg om kartlegging (§ 4 i forskrifta)
a)I saker der det offentlege kartverket manglar turvande geodata eller kvaliteten av dataene er for dårleg til ei forsvarleg sakshandsaming, skal kommunen ikkje ta saka til handsaming før forslagsstillar har skaffa aktuelle opplysningar med tilfredsstillande kvalitet. I meldinga om dette skal krava vera spesifisert.
b)For saker nemnd i pkt. 1 c og som ikkje er kommunalt initierte, skal det normalt gjevast pålegg om turvande kartarbeid. Det same gjeld for plansaker på areal avsett til byggeformål i kommuneplanen der grunneigar eller andre instansar ønskjer utarbeidd reguleringsplan/byggeplan før det offentlege kartverket er etablert i samsvar med pkt. 1 a.
c)I saker der det blir gjeve dispensasjon frå å utarbeida regulerings- eller byggeplan, jf. plbl § 23 nr. 1 og § 28-2 første ledd, skal kommunen vurdera kva for pålegg om kartarbeid det vil vera aktuelt å gje. Dei konkrete pålegga skal vera spesifisert i dispensasjonsvedtaket.
d)Den som utfører pålagde arbeid etter kartforskrifta, skal dokumentera at geodataene tilfredsstiller kvalitetskrava sett i vedkomande standard.
3)Pålegg om å levere data i digital form (§ 5 i forskrifta)

Planar, planforslag og konsekvensutgreingar nemnd i forskrifta § 5 skal leverast kommunen i digital form og i samsvar med nasjonal standard, f.t. gjeldande SOSI standard.

4)Krav til pålagt kartlegging (§ 6 i forskrifta)

Krav pålagt etter pkt. 2 b ovanfor skal vera utarbeidd i samsvar med kartforskrifta § 6 bokstav a.

5)Krav til plankartet (§ 8 i forskrifta)
a)Plankartet skal tildelast identitet (nr.) av kommunen i samsvar med prinsipp vist i MD sine merknader til § 8.
b)I tillegg til identitetsnummeret skal plankartet ha eit namn. Dette skal fastsettast av kommunen i samsvar med retningslinene i lov om stadnamn. Det organet i kommunen som er sakshandsamar av stadnamnlova, skal gje tilråding om plannamnet. (Namnet er ein del av identiteten til planen som blir vedteken av kommunestyret.)
c)Plankartet skal vise kva rettslege verknader planen har i høve til eigedomane på det arealet planen femner om. Dersom plangrenser skal følgja eksisterande eigedomsgrenser, må desse grensene vera synt i kartet. Grensedataene skal ha kvalitet tilsvarande krava i delingslova.

II

Forskrifta gjeld frå og med 1. januar 2005.