Forskrift for adressetildeling og husnummerskilt i Skodje kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2005-08-30-1528
PublisertII 2005 hefte 6
Ikrafttredelse21.01.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkodje kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1978-06-23-70-§4-1, LOV-1985-06-14-77-§105
Kunngjort21.12.2005
KorttittelAdresseforskrift for Skodje

Fastsett av Skodje kommunestyre 30. august 2005 med heimel i lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven) § 4-1 femte ledd og plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 § 105.

§ 1.Adressemynde

Teknisk sjef er kommunen sin adressemynde, og tildeler adressenummer til dei vedtekne adresseparsellar.

§ 2.Plikt til å sette opp skilt

Alle huseigarar som har fått tildelt offisiell adresse til bygning eller bygningsdel, har plikt til å sette opp og halde vedlike husnummerskilt på eigedomen i samsvar med desse regler. Teknisk sjef kan pålegge grunneigarar å sette opp og vedlikeholde slike skilt på ubebygd grunneigedom. Plikta gjeld også henvisningsskilt som nemnd i § 2.

§ 3.Plassering av skilt m.m.
a.Husnummerskilta skal plasserast på ein måte som tydeleg fortel kva for eigedom dei knyter seg til. Skilta skal vere lett synlege frå gate eller veg. Dei skal haldast heile og reine med tydelege tal og ev. bokstavar.
b.Der huset har inngangsdør eller portopning direkte til fortau eller vegkant, skal skilta så langt det er mogeleg plasserast i 2,5 m høgde og til høgre for døra eller porten, sett frå gata.
c.Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgde på post eller inngjerding eller stolpe og som regel til høgre for inngangen eller innkøyringa.
d.Har ei bygning inngangen vendt mot nabogrunn, skal husnummerskiltet plasserast på fasaden mot vegen og på hjørnet nærast inngangen.
e.Dersom bygning har inngang mot annan veg enn adresseringa angir, skal det under husnummerskiltet monterast skilt som viser kva veg bygninga er adressert til.
f.Er det fleire adresseeiningar langs ein stikkveg/fellesavkøyrsel, kan teknisk sjef påleggje eigarane å setje opp felles skilt med henvisning til adressenummerene der stikkvegar/felles avkøyrsel tek av frå den vegen nummera høyrer til.
g.Grunneigar/huseigar har plikt til å sjå til at sikt til husnummerskiltet ikkje vert hindra av tre, busker o.l.
h.Partal skal stå på høgre sida av vegen.
§ 4.Skiltmateriale, utforming
a.Skilta skal vere mest mogeleg einsarta. Skilt- og skiltfeste skal vere laga av varige materialer.
b.Skilta skal ha svart skrift på lys (kvit) botn.
c.Utføringa forøvrig skal vere godkjent av teknisk sjef eller den han gir mynde til det.
§ 5.Ymse bestemmelser
a.Desse reglane gjeld eigedomar i kommunen som har fått offisiell adresse.
b.Teknisk sjef eller den han gir fullmakt til fører tilsyn med at reglane vert haldne, og gir naudsynte pålegg.
c.Dersom pålegg ikkje vert etterkome innan tre månader etter at pålegget er gitt, kan teknisk sjef sørgje for at arbeidet vert gjort for vedkomande eigar si rekning.
d.I særlege høve, og når praktiske omsyn tilseier det kan teknisk sjef godkjenne einsarta utføringar av skilt i staden for skilt etter reglane i § 3. Slike utføringar skal vere like lesbare i lys og mørke som dei ordinære skilta.
e.Skodje kommune v/teknisk avdeling kjøper inn skilt til alle tildelte offisielle adresser. Skilta vert sendt alle grunneigarar saman med kopi av reglane og faktura. Skodje kommune ved teknisk avdeling syter for skilt til alle nye adresser etter kvart som det trengs.
§ 6.Straffeansvar

Brot på desse reglane og på påbod som er gjeve med heimel i reglane vert ramma av straffebestemmelsane i plan- og bygningslova.

§ 7.Iverksetjing
a.Desse reglane vert gjeldande frå den tid Skodje kommunestyre fastset.1
b.For nybygg innanfor område med offisiell adresse skal husnummerskilt og ev. henvisningsskilt vere oppsett før det vert gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest for huset.
1En måned etter kunngjøring.