Forskrift for adressetildeling og namnsetjing av vegar, Samnanger kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-02-26-475
PublisertII 2009 hefte 2
Ikrafttredelse26.02.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forSamnanger kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2005-06-17-101, FOR-2007-02-09-151, LOV-1985-06-14-77-§105, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort07.05.2009   kl. 15.00
KorttittelAdresseforskrift for Samnanger

Heimel: Fastsett av Samnanger kommunestyre 26. februar 2009 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (Matrikkellova), forskrift 9. februar 2007 nr. 151 om iverksetting av matrikkelen, plan- og bygningsloven 14. juni 1985 nr. 77 § 105 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.

§ 1.Plikt og rett til å setja opp skilt
1.Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å kosta, setja opp og halda ved like husnummerskilt og tilvisingsskilt i samsvar med pkt. § 57 i matrikkelforskriftene. Skilta skal ha form og plassering i samsvar med kommunen si vedtekt til § 105 i plan- og bygningslova.
2.Kommunen skal setja opp og halda vedlike adressenamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eigne adressenamn. I tillegg skal kommunen i turvande omfang setja opp og halda ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpa ukjende fram til rett adresse.
3.Adressenamnskilta skal ha form og utføring i samsvar med Statens vegvesen sin skiltnormal, skilt 729. Tilvisingsskilt og opplysningsskilt skal vera i samsvar med Statens vegvesen sin tidlegare skiltnormal, kap. 6, adresseskilt.
4.Kommunale adresseskilt skal ha plassering i samsvar med plan som er godkjent av det politiske utvalet som har fått delegert delingslova som del av sitt mynde (Naturutvalet).
§ 2.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
1.Adresseområdet for det samordna adressesystemet er Samnanger kommune. Adresseområdet tek utgangspunkt i kommunegrensa for Bergen og avslutning ved kommunegrensene for Os, Fusa og Kvam.
2.Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eige adressenamn, er normalt der vegen eller tilkomst til området tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vera det som ligg nærast utgangspunktet nemnd i nr. 1 rekna etter ferdselsåra.
3.Sidevegar til ein overordna veg, bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:
a)kortare enn 200 m og fører til minst 20 adresseeiningar,
b)lengre enn 200 m og fører til minst 14 adresseeiningar eller
c)lengre enn 500 m og fører til minst 7 adresseeiningar som gjeld fast busetnad og verksemder.
4.Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område, bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 20 adresseeiningar.
5.For å gjera det lettare å finna fram, kan kommunen gjera unntak frå grensene som er sette i nr. 3 og 4. Unntak kan ein og gjera for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. Det kan også takast kulturhistoriske omsyn ved namnsetjinga.
§ 3.Nummereringsprinsipp
1.Det skal nyttast ulike tal på høgre og like tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
2.Nummereringa av adresseeiningane innafor dei einskilde adressenamna (adresseparsellane) skal gå mest mogeleg parallelt og det skal reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging, og skal elles vera i samsvar med tilrådd standard i NOU 1977:47 Adressetildeling.
3.For adresseparsellar med spreidd busetnad bør ein nytta avstandsprinsippet der avstanden mellom dei fleste adresseeiningane er større enn 50 m.
§ 4.Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamna
1.Adressenamna må passa inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vera lette å oppfatta, skriva og uttala, og dei skal vera slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjente stadnamn i adresseområdet. Adressenamna bør vera varierte.
2.Eit adressenamn bør høva på staden, verka lokaliserande og så langt råd er byggja på lokal namnetradisjonen der adresseparsellen ligg.
3.Namnet bør ikkje verka støytande eller komisk.
4.Gjennom namnsetjinga skal ein verna om og ta vare på lokal kulturarv.
5.Namn på personar som er i live, bør ikkje takast i bruk i adressenamn.
6.Skrivemåten skal vera i samsvar med det lokale målføret og Samnanger kommune sin målbruksplan og elles følgja normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytta den forma som ligg nærast opp til talemålet på staden der adresseparsellen ligg.
7.I saksførebuinga til namneval skal lokalmiljøet, aktuelle utrykkingsetatar (brann, politi og ambulanse) og Statens namnekonsulentar for Vestlandet vera rådspurte.
8.Kommunestyret vedtek adresseplanen som vert laga på grunnlag av denne forskrifta.
9.Utval for oppvekst og omsorg er Namnemynde og har ansvar for namnsetjing og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Eining for kultur er kommunen sitt namnemynde med ansvar for saksførebuing knytta til dette saksområdet. Namnemynde har ansvar for å gje uttale på kommunen sine vegne om stadnamn/adressenamn.

§ 5.Tidspunkt for skilting
1.Kommunen skal setja opp adressenamnskilt og tilvisingsskilt seinast samstundes med at det vert sendt melding til eigarane/festarane om å skilta sine adresser.
2.Fristane for eigar/festar til å setja opp skilt på sin eigedom er som fastsett i kommunen si vedtekt til plan- og bygningslova § 105.
§ 6.Endring av tildelt adresse
1.Før kommunen med heimel i forskrifta til delingslova punkt 15.11 nest siste setning endrar ei adresse, skal eigar/festar til vedkomande eigedom eller eigedomsdel ha fått melding om og høve til å uttala seg om endringsframlegget.
2.Eigar/festar kan søkja kommunen om å få endra tildelt adresse til ei meir tenleg adresse; for eksempel adressenummer til annan veg som huset på eigedomen har tilkomst til.
§ 7.Iverksetjing

Desse retningslinene gjeld frå 26. februar 2009.