Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning, Herøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2009-05-14-927
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse14.05.2009
Sist endretFOR-2010-01-28-318
Endrer
Gjelder forHerøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1978-06-23-70-§4-1, FOR-1979-10-19-4, LOV-1985-06-14-77-§105, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort02.07.2009   kl. 15.10
KorttittelAdresseforskrift for Herøy

Heimel: Fastsett av Herøy kommunestyre 14. mai 2009 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) kap. 12, § 49 til § 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn. Endra med forskrift 28 jan 2010 nr. 318.

§ 1.Adressemynde

Utviklingsavdelinga er kommunen sitt adressemynde og har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen med tildeling av offisielle adresser etter reglane i delingslova og tilhøyrande forskrifter samt saksførebuande arbeid knytta til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

§ 2.Namnemynde

Formannskapet er kommunen sitt namnemynde, har ansvaret for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemyndet er ansvarleg for å gi uttale på kommunen sin vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meinar ein:

Vegadresse angitt med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav,

eller:

Områdeadresse angitt med områdenamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav,

eller:

Matrikkeladresse, angitt med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer med tilhøyrande adressenamn. Til offisiell adresse kan også eit bustadnummer høyre med.

§ 4.Om adressemyndet og namnemyndet sitt arbeid
1.Ved innføring av vegadresser lagar adressemyndet kartoversikt som viser dei einskilde adresseparsellar (vegar) med angitt start- og endepunkt og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane i «Handbok i kommunal adressetildeling», del 1 og del 2 og adresseveiledar utgjevne at Statens kartverk.
2.Namnemyndet vedtek namn og skrivemåte for dei einskilde adresseparsellar og eventuelle tilleggsnamn (namn på f.eks. bustadfelt). Aktuelle foreiningar, lag og einskildpersonar i kommunen bør gjevast høve til å kome med forslag til namn.
3.For nye område/bustadfelt der vegadresser skal nyttast, bør opplegget for adressering og namnsetting skje samtidig med behandling av reguleringsplan slik at ikkje «tilfeldige» namn kjem i varig bruk.
4.I område med matrikkeladresser vedtek namnemyndet adressenamn. Som hovudregel skal det nyttast gardsnamn for alle matrikkeladresser under det einskilde gardsnummer og eventuelt eit tilleggsnamn. Gardsnamn kan utelatast dersom dette gir misvisande informasjon, men då skal eit anna namn nyttast.
0Endra med forskrift 28 jan 2010 nr. 318.
§ 5.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
1.Adressemyndet skal utarbeide tenlege adresseparsellar som skal ha som hovudformål å gjere det enkelt for alle å finne fram. Offisielle adresser er ikkje først og fremst for adresseeigaren sjølv, men ein del av infrastrukturen i kommunen. Namnemyndet har ikkje høve til å gjere endringar på adresseparsellane som adressemyndet har utarbeidd, men skal finne gode namn til desse.
2.Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eige adressenamn er normalt der vegen eller tilkomsten til området tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet nemnt i nr. 1, rekna i retninga til ferdselsåra.
3.Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:
a.kortare enn 200 m og fører til minst 14 adresseeiningar.
b.lengre enn 200 m og fører til minst 7 adresseeiningar.
4.Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område, bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 20 adresseeiningar.
5.For å gjera det lettare å finne fram kan kommunen gjere unntak frå dei grensene som er sett i nr. 3 og 4. Unntak kan også gjerast dersom formålet er å å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. Det kan også takast kulturhistoriske omsyn ved namnsetjinga.
6.Det skal nyttast like tal på høgre side og ulike tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
7.Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle seinare utbygging.
8.Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter (ei adresseeining som ligg 400 m frå startpunktet av vegen, vert til dømes gjeve nummer 40).
9.Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
§ 6.Skilting
1.Kommunen skal setje opp og halde vedlike vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eigne adressenamn. I tillegg skal kommunen i nødvendig omfang setje opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.
2.Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, setje opp og halde vedlike husnummerskilt og tilvisingsskilt i samsvar med § 57 i forskriftene til matrikkellova.
3.For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan eitt år etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt være oppsett før bygget vert teke i bruk.
4.Adressemyndet skal føre kontroll med at ovannemnde reglar vert følgt og gi dei nødvendige pålegg. For pålegg som ikkje vert imøtekomne, kan adressemyndet utføre tiltaket på eigars/festars rekning.
0Endra med forskrift 28 jan 2010 nr. 318.
§ 7.Plassering av skilt, materiale m.m.
1.Nummerskilta skal plasserast på ein måte som tydeleg fortel kva for bygg/eigedom dei knyter seg til. Skilta skal vere lett synlege frå gate eller veg, og haldast reine og heile med tydelege tal og ev. bokstavar.
2.Nummerskilt skal som hovudregel stå om lag 2,5 m over bakken, og så vidt mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg.
3.Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgde på port, inngjerding, stolpe eller anna egna stad og som regel til høgre for inngang/innkøyring.
4.Vender nummerskiltet mot annan veg enn den adressa er knytt til, skal det under nummerskiltet monterast skilt som viser kva veg bygninga er adressert til.
5.Huseigar pliktar å sørgje for at nummerskilt og tilvisningsskilt er godt synlege og at dei ikkje er skjulte av tre, busker, andre skilt m.m.
6.Nummerskilt skal ha svarte tal på kvit botn og med svart ramme. Teksthøgde skal vere 105 mm og skilthøgde 150 mm. Skilta skal vere reflekterande eller belyst og bør lagast i aluminium eller anna rustfritt materiale. Andre skilttyper kan godkjennast av adressemyndet.
§ 8.Iverksetjing

Desse forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i kommunestyret.