Forskrift for adressetildeling, Vågå kommune, Oppland

DatoFOR-2009-09-15-1235
PublisertII 2009 hefte 5
Ikrafttredelse15.09.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forVågå kommune, Oppland
HjemmelLOV-1978-06-23-70-§4-1, FOR-1979-10-19-4
Kunngjort08.10.2009   kl. 15.25
KorttittelAdresseforskrift for Vågå

Heimel: Fastsett av Vågå kommunestyre 15. september 2009 med heimel i lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven) § 4-1 og forskrift 19. oktober 1979 nr. 4 til lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven). Del. av myndighet kapittel 15. 

1. Adressemyndigheit
1.1 Kommunen si adressemyndigheit er oppmålingsmyndigheita og som dermed tildeler adressenamn og husnummer. 
2. Nye adressenamn
2.1 Nye adressenamn skal godkjennast av kommunestyret. Sakshandsaming i samband med namnesaker skjer i oppvekst- og kultursektoren. 
3. Reglar for tildeling av adressenummer
3.1 Ottadalsvegen (rv. 15) er utgangspunktet for nummereringa og stig utover mot kommunegrensa.
3.2 Innanfor tettbygde strok (regulerte område) skal nummer tildelast fortløpande med like nummer på venstre side (partal) og ulike nummer på høgre side (oddetal) sett frå startpunktet på vegen. Det kan haldast att nummer for seinare fortetting.
3.3 Utanfor tettbygde strok (sprett busetnad) skal det gjevast nummer etter avstand frå startpunktet på vegen. 
4. Plikt til å setje opp skilt
4.1 Grunneigar, festar, bygningseigar har plikt til å koste, sette opp og vedlikehalde nummerskilt. 
5. Plassering av skilt
5.1 Adressenummerskilt skal plasserast slik at dei tydeleg viser kva eigedom dei høyrer til. Skiltet skal vere lett synleg frå den vegen/gata huset har atkomst og samtidig slik at det bør vere lesbart i mørkret.
5.2 Har bygningen inngangsdør i nær tilknyting til fortau eller veg, skal skilt som regel plasserast like til høgre for døra, sett frå gata/vegen i cirka 2,5 m høgde.
5.3 Er det vanskeleg å sjå skiltet frå vegen, skal adressenummerskilt og setjast opp på port/grindstolpe eller særskilt stolpe i gjerdelinja, til høgre for innkøyringa. 
6. Materiale og utføring
6.1 Adressenummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt materiale.
6.2 Skilta skal ha svarte tal/bokstavar på kvit botn, teksthøgde min. 90 mm, skilthøgde 150 mm.
6.3 Andre skilt kan nyttast etter godkjenning av adressemyndigheita. 
7. Ymse vedtekter
7.1 Adressemyndigheita eller den som blir gjeve fullmakt, skal føre tilsyn med at desse reglane blir følgde og gje dei nødvendige pålegg.
7.2 Pålegg som ikkje blir imøtekome, kan adressemyndigheita sørgje for blir utført på vedkomande eigar/festar si rekning. 
8. Når reglane trer i kraft

Desse forskriftene skal gjelde frå den dato det føreligg godkjent kommunestyrevedtak. Tidlegare reglar blir samtidig oppheva.