Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning, Ulstein kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-09-16-1311
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse16.09.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forUlstein kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11, FOR-2007-06-01-592
Kunngjort07.10.2010   kl. 15.00
KorttittelAdresseforskrift for Ulstein

Heimel: Fastsett av Ulstein kommunestyre 16. september 2010 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn.

§ 1.Formål og omfang

Formålet med forskrifta er å legge til rette for at matrikkellova vert oppfylt, og at einsarta og pålitelege adresser er tilgjengelege slik at folk lett kan finne fram i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle eigedomar skal ha offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med.

§ 2.Mynde 
2.1 Adressemynde

Teknisk sjef er kommunen sitt adressemynde (delegert via rådmannen), og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen med tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, samt saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

2.2 Namnemynde

Teknisk utval er kommunen sitt namnemynde (delegert frå kommunestyret) og har ansvar for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemyndet er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

2.3 Namnenemnda

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i spørsmål som gjeld:

-Namn på vegar
-Kommunale og eventuelt private byggefelt, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer, kommunale landemerke o.l.
-saker der kommunen har namn til uttale.

Nemnda vert vald av kommunestyret, og skal ha tre medlemmer med vara.

§ 3.Ansvarsfordeling
3.1 Adressemyndet lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også avmerkast på kartet, med eventuell avgrensing.
3.2 Adressemyndet kallar inn namnenemnda til møte og har sekretærfunksjon under møta.
3.3 Namnenemnda foreslår namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast i lokalavisa eller på kommunen sine heimesider, slik at aktuelle foreiningar, lag og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknader. Stadnamntenesta for Vestlandet skal og ha forslaga til høyring.
3.4 Namnemyndet vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellar. Namnemyndet kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndet har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn under politisk handsaming, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak.
3.5 For nye område/bustadfelt der vegadresser skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk.
3.6 Adressemyndet kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føreskriftene.
3.7 Adressemyndet skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaming fylgjer reglane i forvaltningslova.
§ 4.Retningsliner for val og skrivemåte for adressenamn
4.1 Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjende stadnamn i adresseområdet.
4.2 Adressenamnet bør høve til staden, verke lokaliserande og bygge på lokal namnetradisjon der adresseparsellen ligg.
4.3 Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk.
4.4 Gjennom namnsetjinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv.
4.5 Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn.
4.6 Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemålet på staden der adresseparsellen ligg.
§ 5.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
5.1 Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eige adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut).
5.2 Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:
a.kortare enn 200 m og har minst 14 adresseeiningar.
b.lengre enn 200 m og har minst 7 adresseeiningar.
5.3 Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 20 adresseeiningar (områdeadressering).
5.4 For å gjera det lettare å finne fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som er sette i pkt. 5.2 og 5.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet.
5.5 Det skal nyttast oddetal på høgre og partal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
5.6 Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging.
5.7 Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar gjev nummer 40.
5.8 Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
§ 6.Skilting
6.1 Adressemynda skal setje opp og halde vedlike vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eigne adressenamn. I tillegg skal adressemynda i nødvendig omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.
6.2 Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt og tilvisingsskilt i samsvar med § 57 (2( i forskriftene til matrikkellova.
6.3 For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan eit år etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk.
6.4 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane over blir fylgt.
6.5 Husnummerskilta skal plasserast slik at dei tydeleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå veg/gate. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngong/innkøyring.
6.6. Materiale og utforming for skilt skal vere slik:
-Som adressenamnskilt skal nyttast skilt i samsvar med Statens vegvesen sin skiltnormal (pr. vedtaksdato skilt nr. 729)
-Husnummerskilt og tilvisingsskilt skal vere i bestandig materiale
-Husnummerskilta skal ha tydelege lesbare teikn med teksthøgde på minimum 105 millimeter. 
6.7 Kommunen kan pålegge huseigar/festar å skifte eller utbetre skilt som er mangelfulle eller feilaktige.
§ 7.Klagerett

Klage kan berre gjelde tildeling av adresse til den einskilde eigedomen. Ein kan altså klage på det nummeret eigedomen har fått. Viss det er fleire alternative vegar eigedomen kan adresserast til, er det også høve til å klage på kva veg tildelt adresse viser til. Vedtekne vegnamn kan ikkje påklagast.

§ 8.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteke i kommunestyret.