Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning, Skjåk kommune, Oppland

DatoFOR-2010-09-30-1318
PublisertII 2010 hefte 4
Ikrafttredelse30.09.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkjåk kommune, Oppland
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59
Kunngjort07.10.2010   kl. 15.00
KorttittelAdresseforskrift for Skjåk

Heimel: Fastsett av Skjåk kommunestyre 30. september 2010 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59.

§ 1.Adressemynde

Tenesteområde Plan, samfunn og miljø er kommunen sin adressemynde, og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen med tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, samt saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

§ 2.Namnemynde

Skjåk kommunestyre er kommunen sin namnemynde og har ansvar for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemynda er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sin vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein: 

Vegadresse angitt med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller: 

Områdeadresse angitt med områdenamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller: 

Matrikkeladressenavn, angitt med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhøyrande adressenamn.

Til offisiell adresse kan òg eit bustadnummer eller adressetilleggsnavn (for eksempel gardsnavn) høyre med.

§ 4.Om adressemynda og namnemynda sitt arbeid

Ved innføring av vegadresser lagar adressemynda kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (veger) med angitt start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av «Adresseveileder» til Statens kartverk.

Namnemynda vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellar, og eventuelle tilleggsnamn (namn på f.eks. bustadfelt). Aktuelle foreiningar, lag og enkeltpersonar i kommunen bør gjevast høve til å kome med forslag til namn.

For nye område/bustadfelt der vegadresser skal nyttast, bør opplegget for adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje «tilfeldige» namn kjem i varig bruk.

I områder med matrikkeladressenavn vedtek adressemynda adressenamn. Som hovudregel nyttast gardsnamn for alle matrikkeladresser under det enkelte gardsnummer, og eventuelt eit tilleggsnamn. Gardsnamn kan utelatast, dersom dette gir misvisande informasjon, men da skal eit anna namn nyttast.

§ 5.Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamna
1.Adressenamna må passa inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vera lette å oppfatta, skriva og uttala, og dei skal vera slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjente stadnamn i adresseområdet. Adressenamna bør vera varierte.
2.Eit adressenamn bør høva på staden, verka lokaliserande og så langt råd er byggja på lokal namnetradisjonen der adresseparsellen ligg.
3.Namnet bør ikkje verka støytande eller komisk.
4.Gjennom namnsettinga skal ein verna om og ta vare på lokal kulturarv.
5.Namn på personar som er i live, bør ikkje takast i bruk i adressenamn.
6.Skrivemåten skal vera i samsvar med det lokale målføret og elles følgja normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytta den forma som ligg nærast opp til talemålet på staden der adresseparsellen ligg.
7.I saksførebuinga til namneval skal lokalmiljøet, aktuelle utrykkingsetatar (brann, politi og ambulanse) og Statens namnekonsulentar vera rådspurte.
§ 6.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
1.Adressemynda skal utarbeide tenlege adresseparsellar, som skal ha som hovudføremål å gjere det enkelt for alle å finne fram. Offisielle adresser er ikkje først og fremst for adresseeigaren sjølv, men ein del av infrastrukturen i kommunen. Namnenemda har ikkje høve til å gjere endringar på adresseparsellane som adressemynda har utarbeidd, men skal finne gode namn til desse.
2.Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eige adressenamn, er normalt der vegen eller tilkomst til området tek av frå overordna veg.

Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet nemnd i nr. 1 rekna etter ferdselsåra.

3.Sidevegar til ein overordna veg, bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er: A: kortare enn 200 m og fører til minst 14 adresseeiningar eller B: lengre enn 200 m og fører til minst 7 adresseeiningar.
4.Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område, bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 20 adresseeiningar.
5.For å gjera det lettare å finne fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som er sette i nr. 3 og 4. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. Det kan også takast kulturhistoriske omsyn ved namnsetjinga.
6.Det skal nyttast ulike tal på høgre og like tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
7.Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging.
8.Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg 400 meter frå der vegen startar gjev nummer 40.

Avstandsprinsippet bør nyttast der avstanden mellom dei fleste adresseeiningane er større enn 50 meter.

9.Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
10.Nummereringa av adresseeiningane innafor dei einskilde adressenamna (adresseparsellane), skal elles vera i samsvar med tilrådd standard.
§ 7.Skilting
1.Kommunen skal setje opp og halde vedlike vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eigne adressenamn. For riksveg og fylkesveg har regionvegkontoret dette ansvaret.

I tillegg skal kommunen i nødvendig omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

2.Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt og tilvisingsskilt i samsvar § 57 i matrikkelforskrifta.
3.For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal

nummerskilt være sett opp innan eit år etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye

bygg skal nummerskilt være oppsett før bygget vert teke i bruk.

4.Adressemynda skal føre kontroll med at reglane om skilting blir fylgt og gje dei

nødvendige pålegg. For pålegg som ikkje vert fylgde opp, kan adressemynda la

skiltinga utføre på eigars/festars rekning.

§ 8.Plassering av skilt, materiale m.m.
1.Nummerskilta skal plasserast på ein måte som tydeleg fortel kva for bygg/eigedom dei knyter seg til. Skilta skal være lett synlege frå gate eller veg, og haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelt bokstavar.
2.Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsle frå veg.
3.Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgde på port, inngjerding, stolpe eller anna egna stad, og som regel til høgre for inngang/innkøyring.
4.Vender nummerskiltet mot annan veg enn den adressa er knytt til, skal det under nummerskiltet monterast skilt som viser kva veg bygninga er adressert til.
5.Huseigar pliktar å sørgje for at nummerskilt og tilvisningsskilt er godt synlege, og ikkje er skjult av trær, busker, andre skilt m.m.
6.Nummerskilt skal ha svarte tal på kvit botn med svart ramme. Teksthøgde 105 mm og skilthøgde 150 mm. Skilta skal vere reflekterande eller belyst og bør lagast i aluminium eller anna rustfritt materiale. Andre skilttype kan godkjennast av adressemynda.
§ 9.Endring av tildelt adresse
1.Før kommunen med heimel i matrikkelforskriftas § 50 endrar ei adresse, skal eigar/festar til vedkomande eigedom eller eigedomsdel ha fått melding om og høve til å uttala seg om endringsframlegget.
2.Eigar/festar kan søkja kommunen om å få endra tildelt adresse til ei meir tenleg adresse; for eksempel adressenummer til annan veg som huset på eigedomen har tilkomst til.
§ 10.Iverksetjing

Desse retningslinene gjeld frå 30. september 2010.