Forskrift om kommunale vedtekter til plan- og bygningslova, Eid kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-12-16-1898
PublisertII 2011 hefte 2
Ikrafttredelse16.12.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§69, LOV-1985-06-14-77-§78, LOV-1985-06-14-77-§107, LOV-2008-06-27-71-§28-7, LOV-2008-06-27-71-§30-2, LOV-2008-06-27-71-§30-3
Kunngjort31.03.2011   kl. 15.40
KorttittelForskrift om vedtekter til pbl, Eid

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Eid kommunestyre 16. desember 2010 med heimel i plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 69, § 78 og § 107, jf. plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71 § 28-7, § 30-2 og § 30-3.

Parkeringsvedtekter

Vedtekne med heimel i plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 (pbl.) § 69, jf. plan- og bygningslova 27. juni 2008 nr. 71 § 28-7.

Kapittel 1. Retningsliner for avkøyrsler og parkering av bilar, motorsyklar og syklar

1.1 Utforming/opparbeiding av parkeringsareal

Parkeringsplassar og gate skal opparbeidast i samsvar med retningsliner etter Statens vegvesen sin normal for veg- og gateutforming (Handbok 017).

1.2 Bustadbygg

Bustadbygg skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. bustad, samt 0,25 bil pr. bustad for besøkande.

For hybelbygg krev ein tilsvarande for kvar andre hybel.

1.3 Kontor- og forretningsverksemd

Bygg eller del av bygg som skal nyttast til kontor- eller forretningsverksemd, skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på fellesareal for fleire tomter, for minst 1 bil pr. 50 m² bruksareal. Forretningsverksemder skal i tillegg ha areal for oppstilling av vare- og lastebilar.

1.4 Andre bygg

Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, teater, skular, idrettsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der særlege forhold gjer seg gjeldande, skal ha oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringsforhold.

Kapittel 2. Frikjøp av parkeringsplassar

Kommunestyret kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på felles areal blir innbetalt ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg.

Vedtekt om lager av farleg eller sjenerande art

Vedtekne med heimel i plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 (pbl.) § 78 nr. 1, jf. plan- og bygningslova av 27. juni 2008 nr. 71 § 30-2.

Det faste utvalet for plansaker kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lagre av farleg eller særleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunegrensa.

Skiltvedtekter

Vedtekne med heimel i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 (pbl.) § 107, jf. plan- og bygningslova 27. juni 2008 nr. 71 § 30-3.

Kapittel 1. Generelt

1.1 Føremål:

Føremålet med vedtektene er å få skilt- og reklameinnretningar til å bidra til eit estetisk godt, funksjonelt og trafikksikkert utemiljø.

1.2 Dispensasjon

Søknad om dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19 kan handsamast administrativt. Dersom kommunen skal gje dispensasjon frå vedtektene, skal dette skje ut i frå ei heilskapsvurdering av skiltet sin utsjånad og tilpassing på den omsøkte staden.

1.3 Vedlikehald og teknisk utføring

Skilt og reklameinnretningar må tilfredsstille krava til mekaniske påkjenningar, og dei skal haldast ved like. Lause plakatrestar skal snarast mogleg overklistrast eller fjernast. Belysningsarrangement som ikkje fungerer fullt ut, skal sløkkast inntil vedlikehald er utført.

Tavler som ikkje er i bruk skal reingjerast eller fjernast. Stativ som ikkje er i bruk skal fjernast.

1.4 Fjerning

Kommunen kan gje pålegg om å fjerne eller endre innretningar som er i strid med desse vedtektene, eller som er oppsette utan nødvendig løyve. Unnatak frå denne regelen kan likevel gjerast dersom det er gjeve tidsavgrensa samtykke.

Innretning som kan medføre fare kan i alle høve krevjast fjerna.

Kapittel 2. Definisjonar

2.1 Reklameinnretning: Tekst, plakatar, plakatrammer, skilt, bilde, symbol, figurar, ballongar, vimplar, flagg, lys, segl og transparentar eller anna medium for formidling av bodskap om varer, tenester eller arrangement.
2.2 Skilt: Informasjons- og verksemdskilt som ikkje inneheld reklamebodskap. Logoar fell utanfor.
2.3 Lysreklame: Samleomgrep for alle typar skilt og reklameinnretningar som har lys eller er sjølvlysande.
2.4 Vindaugsreklame: Tekst, maling, folie eller tilsvarande som er påført vindaugsflate eller dørparti, eller så nær at det synest å vere som ein del av desse.
2.5 Reklametavle: Plate eller anna arrangement for montering av fast eller utskiftelig bodskap.
2.6 Gatebukkar: Flyttbare innretningar for plakatar, vimplar, flagg, vippeskilt, vareeksponering og anna lausfotreklame.
2.7 Tilfeldig reklame: Reklameinnretning og plakatar som klistrast eller vert hengt på veggar, stolpar, gjerder og liknande.
2.8 Logo: Landsdekkande kjeder sitt kjennemerke.
2.9 Eidsgata: Området frå Eidsgata nr. 1 til nr. 71, samt Rådhusvegen 1 og Sjøgata 2.

Kapittel 3. Skilt og reklame på og ved bygningar og faste innretningar

3.1 Utforming

Skilt og reklameinnretningar skal ha ei utforming som stettar estetiske omsyn både i høve til seg sjølv og det omkringliggande nærmiljø, og dei skal ikkje verke sjenerande.

Dominerande skilt og reklame er ikkje tillate. Skilt og reklameinnretningar skal ikkje vere eller verke samanhengande over heile eller store deler av fasaden.

Det er ynskjeleg at det vert nytta frittståande bokstavar og symbol. Dette skal særleg vurderast som utforming av skilt og reklameinnretningar på bygningar som inneheld fleire enn to verksemder.

Dersom det av grafiske omsyn må nyttast bakgrunn, skal denne vere nøytral.

På samanhengande bygningsrekkje skal det leggjast opp til einsarta lyssetjing og ei mest mogleg einsarta utforming på skilta.

Det kan gjerast unntak for skilt som er naudsynte for funksjonar i bygget.

3.2 Skiltplan

Kommunen kan krevje utarbeidd ein samla skiltplan for eit bygg, ei bygningsgruppe eller ei verksemd.

Dette er særleg aktuelt:

a)når omfanget og utsjånaden av eksisterande skilt og reklame på bygning/eigedom tilseier ei opprydding.
b)ved nybygging eller ved endring av eksisterande fasade.
3.3. Skilt

For kvar verksemd er det tillate med eitt uthengsskilt og eitt veggskilt på kvar fasade langs fortau eller gate. For bygningar som inneheld fleire enn to verksemder, er uthengsskilt forbode. Dersom verksemda har både logo og namn, vert dette rekna som eitt skilt.

Uthengsskilt skal ha storleik og fargar som er tilpassa bygningen og anna skilting. Plassering av uthengsskilt frå ulike verksemder langs samanhengande fasadar skal samordnast.

Uthengsskilt kan ha ein storleik inntil 1,0 m² . Fri høgd over fortau skal være minst 2,5 m. Avstand frå fortauskant skal ikkje være mindre enn 0,5 m.

Skiltet skal ikkje være til fare eller hinder for gåande. Det er opning for å nytte ein enkel vimpel som uthengsskilt, jf. punkt 3.10.

I Eidsgata med tilknytande tverrgater, må storleiken på skilt ikkje overstige 1,5 m² . I andre område skal storleiken ikkje overstige 3 m² . Bygningsstyresmakta kan gjere andre vurderingar utifrå bygningen sin storleik.

Skilt eller reklameinnretningar må ikkje plasserast på møne, takflate, takutstikk eller gesims. Gesimsar utforma som lysande kasser er ikkje tillate.

3.4. Informasjons- og tilvisningsskilt

I bygning med fleire verksemder skal informasjons- og tilvisningsskilt så langt praktisk mogleg vere samla i ein felles presentasjon.

3.5. Plakatar

Plakatar på vegg som er større enn 0,5 m² er å rekne som skilt.

Det er ikkje tillate å setje opp tilfeldig reklame. Slike tiltak skal eventuelt setjast opp på særskilte tavler. Plakatar, transparentar og vimplar skal fjernast når dei er forelda.

3.6. Lyskassar

Lyskasser skal utformast med tett front, slik at berre bokstavane og logoen lyser. Lyskassa skal framstå som ein integrert del av fasaden. Bakgrunnsfargen på plateskilt og lyskasser skal være nøytral og neddempa.

3.7 Gatebukkar

For kvar verksemd er det tillate med to gatebukkar. For bygningar som inneheld fleire verksemder vil det vere tillate med to gatebukkar på kvar side eller fasade. Det bør leggast opp til at gatebukkane har ein mest mogleg einsarta utsjånad i Eidsgata.

Ved plassering av gatebukkane, skal ein ta særleg omsyn til at ein ikkje skaper unødvendige hindringar for alminneleg ferdsel.

3.8 Vindaugsreklame

Vindaugsreklame skal ikkje dekkje meir enn 30 % av glasflata. Reklame som er ein naturleg del av ei skiftande vindaugsutstilling er unnateke.

Blending av vindauge er ikkje tillate.

3.9. Markiser

Markiser skal vere tilpassa bygningen sin arkitektoniske utforming og fargar. Reklame på markiser er ikkje tillate.

Det kan gjerast unntak for verksemda sin eigen logo eller firmanamn dersom den ikkje er dominerande, og utføringa elles er tilpasset bygningen sin form og farge.

3.10. Bannarar og liknande

Bannarar, vimplar og liknande er berre tillate å bruke i tilknyting til spesielle markeringar eller arrangement. Løyve vert gjeve berre for eit nærare avgrensa tidsrom.

Kapittel 4. Arenareklame

4.1. Arenareklame

Arenareklame som er orientert inn mot sjølve området er tillate dersom denne ikkje ved storleik, utforming eller belysning er skjemmande eller til sjenanse for miljøet omkring.

Kapittel 5. Bevaringsverdige og særprega miljø

5.1. Bevaringsverdige og særprega miljø

Kommunen skal syte for at historisk, arkitektonisk eller annan kulturell verdi som knyter seg til ein bygning sitt ytre og omliggande miljø, så langt mogleg vert bevart. Skilt og reklameinnretningar skal i grafisk utforming, materialbruk, utføring og fargar vere underordna desse omsyna.