Forskrift om adressetildeling, Bømlo kommune, Hordaland

DatoFOR-2011-05-09-605
PublisertII 2011 hefte 3
Ikrafttredelse09.05.2011
Sist endret
Endrer
Gjelder forBømlo kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§59, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort23.06.2011   kl. 13.45
KorttittelAdresseforskrift for Bømlo

Heimel: Fastsett av Bømlo kommunestyre 9. mai 2011 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Utforming av adressesystemet i kommunen
1.Bømlo kommune skal vera eit eige adresseområde.
2.Adressesystemet i kommunen byggjer på vedtekne adresseparsellar.

Ein adresseparsell er ein veg, vegstrekning eller eit nærare definert område utan vegtilkomst.

3.Sidevegar til ein overordna veg bør få eige adressenamn dersom sidevegen
a)fører til minst 15 adresseeiningar
b)er lengre enn 200 meter og fører til minst 10 adresseeiningar
c)er lengre enn 500 meter og fører til minst sju adresseeiningar med fast busetnad eller næringsverksemd.
4.Kommunen kan gjera unntak frå grensene som er sette i nr. 2 og 3 dersom dette gjer det enklare å finna fram til rett adresse. Dette gjeld også når sidevegar som ikkje er eigen adresseparsell fører til alt for ujamn nummerering på hovudvegen. Unntak kan og gjerast for å unngå endringar i etablert adressesystem.
5.I vurdering av om ein veg eller eit område skal utgjera ein eigen adresseparsell kan kommunen – når dette etter tilhøva synest tenleg – også rekna med talet på fritidsbustader i området.
§ 2.Prinsipp for nummerering av eigedomar
1.Startpunkt for nummerering av adresseparsellar (vegar eller område med eiga adressenamn) er normalt det punktet der vegen eller tilkomsten til området tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vera det som knyter opp mot ein av hovudvegane gjennom kommunen.
2.Det skal nyttast ulike tal på høgre og like tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet omtala i nr. 1. Sidevegar som ikkje er eigne adresseparsellar skal ha nummer – like eller ulike – ut frå kva side vegen går ut frå.
3.I adresseområde som ikkje er vegnamn skal nummereringa av eigedomane gjerast fortløpande utan omsyn til høgre eller venstre side.
4.Nummereringa av adresseeiningane innafor kvar adresseparsell skal vera i samsvar med § 52 i matrikkelforskrifta (forskrift 26. juni 2009 nr. 864), og skal gå mest mogeleg parallelt. Det skal reserverast ledige nummer for seinare utbygging.
5.Dersom ein bygning har fleire godkjende tilkomstar (hovudinngangar), skal som hovudregel kvar inngang ha eiga vegadresse (husnummer).
6.For å unngå omnummerering av tidlegare tildelte adresser kan det i adressenummeret nyttast bokstav i tillegg til tal. Bokstav kan ikkje nyttast når nye område skal tildelast offisiell adresse.
7.Dersom fleire husvære deler same vegadresse (vegnamn og husnummer), skal brukseiningsnummeret inngå som ein del av den offisielle adressa (brukseiningsnummer er eit system for merking av husværet i blokker og liknande bygningar).
8.Ved tvil om tolkinga av reglane i denne paragrafen skal tilrådingane i Statens kartverk sin adresserettleiar leggjast til grunn.
§ 3.Val av adressenamn
1.Kommunen avgjer namn på alle adresseparsellar (vegnamn og områdenamn) på fritt grunnlag. Namna må passa inn i eit samordna system for adressering, og dei skal ikkje kunna forvekslast med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og allment kjende stadnamn i adresseområdet.
2.Skrivemåten av adressenamn skal vera i samsvar med reglane i stadnamnlova (lov 18. mai 1990 nr. 11) med tilhøyrande forskrifter. Kommunestyret kan vedta utfyllande reglar for fastsetjing av namn på adresseparsellar.
§ 4.Endring av tildelt adresse
1.Kommunen kan gjera endringar i tildelte adresser dersom det er gode grunnar for dette.
2.Før ei adresse kan endrast skal alle som eig bygning som høyrer er til adresseparsellen ha fått melding og hatt høve til å uttala seg.
§ 5.Skilting av offisielle adresser
1.Kommunen har ansvaret for å setja opp adressenamnskilt og nødvendige tilvisingsskilt. Skilta skal utformast slik som skilt nr. 729 i skiltforskrifta (forskrift 7. oktober 2005 nr. 1219).
2.Statens vegvesen har ansvaret for å setja opp adressenamnskilt langs riks- og fylkesvegar, jf. matrikkelforskrifta § 57, første avsnitt.
§ 6.Plikt til å setja opp adressenummerskilt (husnummerskilt) og tilvisingsskilt
1.Eigar eller festar av eigedom som får tildelt adressenummer har plikt til å setja opp, vedlikehalda og kosta nummerskilt og nødvendige tilvisingsskilt.
2.For eksisterande bygningar som får tildelt adressenummer til veg eller område, skal nummerskilt og nødvendige tilvisingsskilt vera sett opp innan seks månader etter at eigar eller festar er gjort kjend med adressetildelinga. For nye bygg skal nummerskilt vera sett opp før bygget vert teke i bruk.
3.Kommunen kan gje nødvendige pålegg dersom ikkje eigar eller festar oppfyller pliktene sine etter nr. 1 og 2. Dersom slike pålegg ikkje vert oppfylde kan kommunen la arbeidet verta utført på eigar eller festar sin kostnad.
§ 7.Plassering, materiale og utforming av adressenummer- og tilvisingsskilt
1.Nummerskilt og ev. tilvisingsskilt skal plasserast slik at det er klårt og tydeleg kva bygning dei høyer til. Minst eitt skilt skal vera lett synleg frå vegen som bygningen soknar til. For adresseparsellar som ikkje er vegnamn (områdeadresser) skal skilta plasserast mot naturleg tilkomstveg. Skilta skal haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelle bokstavar. Skilta bør i tillegg utformast og plasserast slik at dei lett kan lesast i mørket.
2.Husnummerskilt skal som hovudregel stå 2,5 meter over bakken, og så langt råd er til høgre for inngangsdør og/eller innkjørsle frå veg.
3.Dersom skiltet vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal skiltet plasserast i høveleg høgde på port, innhegning eller stolpe, også her som hovudregel til høgre for inngang eller innkjørsle. Kommunen kan krevja at det i tillegg skal vera skilt ved inngangsdøra i samsvar med nr. 2 ovanfor.
4.Nummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt og slitesterkt materiale. Dei skal festast på ein trygg og varig måte.
5.Skilt skal ha svarte tal og ev. bokstavar, i tillegg svart kant på kvit reflekterande botn.
6.Nye husnummerskilt og tilvisingsskilt skal vera i storleik 150 x 150 eller 150 x 220 mm, medan tal og bokstavar skal ha ei høgde på 105 mm.
7.I heilt spesielle tilfelle (t.d. på bygningar med spesiell arkitektonisk utforming eller av antikvarisk eller stor historisk verdi) kan kommunen godkjenna ei anna utforming av husnummerskilt. Kvalitetskrava i nr. 4–6 ovanfor skal likevel oppfyllast så langt råd er.
§ 8.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 9. mai 2011.