Forskrift til § 21 i matrikkellova (adresseforskrift), Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy kommunar, Hordaland og Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2011-11-03-1077
PublisertII 2011 hefte 4
Ikrafttredelse10.11.2011
Sist endret
EndrerFOR-2003-04-10-698
Gjelder forAustrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy kommunar, Hordaland og Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2005-06-17-101, FOR-2009-06-26-864-§58
Kunngjort10.11.2011   kl. 14.45
KorttittelAdresseforskrift, Austrheim, Fedje, Gulen m.fl.

Heimel: Fastsett av Austrheim kommunestyre 19. oktober 2011, Fedje kommunestyre 30. august 2011, Gulen kommunestyre 16. september 2011, Lindås kommunestyre 10. mars 2011, Masfjorden kommunestyre 20. juni 2011, Meland kommunestyre 19. oktober 2011, Modalen kommunestyre 3. november 2011 og Radøy kommunestyre 29. september 2011 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 58.

§ 1.Felles adresseringsområde

Kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy utgjer eit felles adresseringsområde etter § 58 i adresseforskrifta.

§ 2.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
1.Utgangspunktet for det samordna adressesystemet for adresseområdet er nordenden av Nordhordlandsbrua.
2.Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eige adressenamn, er normalt der vegen eller tilkomst til område tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vera det som ligg nærast utgangspunktet nemnd i nr. 1 rekna etter ferdselsåra.
3.Sidevegar til ein overordna veg, bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:
a)kortare enn 200 m og fører til minst 20 adresseeiningar.
b)lengre enn 200 m og fører til minst 14 adresseeiningar eller
c)lengre enn 500 m og fører til minst 7 adresseeiningar som gjeld fast busetnad og verksemder.
4.Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område, for eksempel ei øy, bør området ha eige adressenamn dersom det i område er minst 20 adresseeiningar.
5.Der unntak i begge retningar frå dei grensene som er sette i nr. 3 og 4, gjer det enklare for ukjente å finna fram, kan kommunen gjera unntak frå desse grensene ved utforminga av adresseplanen. Det same gjeld der ein ved dette kan unngå større endringar i det etablerte adressesystemet.
§ 3.Nummereringsprinsipp
1.Det skal nyttas ulike tal på høgre og like tal på venstre side av vegen sett frå startpunktet av vegen.
2.Nummereringa av adresseeiningane innafor dei einskilde adressenamna (adresseparsellane) skal vera i samsvar med adresserettleiaren til Statens kartverk.
§ 4.Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamna
1.Gjennom namnsettinga skal ein verna om og ta vare på lokal kulturarv.
2.Namn på personar som er i live, bør ikkje bli tekne i bruk som adressenamn. Der ein vegparsell får namn etter ein historisk person, skal namnet skrivast slik vedkomande skrev namnet sitt.
3.Når det er trong for å etablera ein ny namneparsell, skal vedkomande adresseansvarleg sende utkast til namn på høyring til dei andre adresseansvarlege i adresseringsområdet før saka blir sendt avgjerdsinstansen.
4.I saksførebuinga til namneval skal lokalmiljøet, aktuelle utrykkingsetatar og Statens namneteneste for Vestlandet vera rådspurte.
§ 5.Skiltreglar
1.Skiltform og kvalitet

Adresseskilta skal vera i samsvar med nasjonal standard. Der det manglar slik standard, skal skilta vera i samsvar med dei lokale standardane som er brukt ved etablering av adressesystemet i adresseringsområdet.

2.Plassering og oppsetting av kommunale skilt

Forvaltar av adressesystemet i kommunen fastset plassering av skilta. For skilt langs riks- og fylkesvegar skal det skje i samråd med Statens vegvesen. Han/ho syter òg for oppsetting og vedlikehald av dei skilta kommunen har ansvaret for etter regelverket.

3.Plassering av husnummerskilt mv.

Husnummerskilt og tilvisingsskilt som eigar/festar skal setja opp (jf. § 57 i mf.), skal plasserast slik at det er tydeleg kva for adresseeining nummeret gjeld for. Plasseringa skal vera slik at nummerskilt eller tilvisingsskilt er lett synlege heile året frå fellesveg som fører til adresseeininga, også etter det er mørkt.

Skilta skal om råd, plasserast ca. 2,5 m over bakken til venstre for eller over ytre hovudinngangsdør til adresseeininga. Der slik plassering ikkje er synleg, eller dårleg synleg frå fellesvegen, skal adresseskilt eller tilvisingsskilt vera plassert ved vegen som fører til huset som adressa er knytt til.

Kommunen kan pålegga eigar/festar å setja opp tilvisningsskilt på sin eigedom der kommunen finn det turvande for å gjera det lett for ukjende å finna fram til adressa. Dersom eigar/festar ønskjer anna utforming av sitt husnummerskilt enn krav i nr. 1, kan kommunen etter tilfredsstillande skriftleg søknad godkjenne andre utføringar dersom skiltinga blir minst like tenleg som ved bruk av fastsett standard. Unntaksløyvet skal vere skriftleg og mellombels.

4.Tidspunkt for skilting

Ved tildeling av adresse til eksisterande eigedomar eller pålegg om endring av eksisterande adresse, skal kommunen setja ein rimeleg frist for eigar/festar til å setja opp pålagde skilt. Fristen skal gå fram av tildelings-/påleggsmeldinga frå kommunen. For nye bygningar som har fått tildelt adresse, skal adresseskilta vera på plass før det blir gjeve bruksløyve eller ferdigattest for bygningen.

5.Skilt som ikkje er i samsvar med § 5 nr. 1 og 3, kontroll og retting av manglar

Eksisterande skilt som ikkje har form eller plassering som fastsett § 5 nr. 1 og 3, kan kommunen krevja at eigar/festar endrar slik at dei tilfredsstiller funksjonskrava i § 5 nr. 3 første ledd. Pålegg skal vera skriftleg og det skal setjast rimeleg frist for gjennomføringa. Dersom pålegg ikkje er gjennomført innan sett frist eller lengd frist etter søknad, kan kommunen gjennomføra pålegget for eigar/festar si rekning. Brannvernet i kommunen skal føra tilsyn med at adressesystemet til ei kvar tid er skilta i samsvar med gjeldande regelverk og pålegg. Manglar skal meldast til vedkomande adresseforvaltar, som gjev pålegg om retting og konstatert mangel med rimeleg frist til å påpeike mangel.

§ 6.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend. Samstundes vert forskrift 10. april 2003 nr. 698 for offisiell adresse i området mellom Nordhordlandsbrua og Sognefjorden, Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy kommunar, Hordaland og Sogn og Fjordane oppheva.