Adresseforskrift, Hemsedal kommune, Buskerud

DatoFOR-2012-01-19-101
PublisertII 2012 hefte 1
Ikrafttredelse19.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort02.02.2012   kl. 15.05
KorttittelAdresseforskrift for Hemsedal

Heimel: Fastsett av Hemsedal kommunestyre 19. januar 2012 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.

§ 1.Adressemynde

Rådmannen er kommunens adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift, i tillegg til førebuande arbeid knytt til fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

§ 2.Namnemynde

Hemsedal kommunestyre er namnemynde i kommunen og har ansvaret for fastsetjing av namn. Namnemynde gjer vedtak om skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemynde utnemner representantar til Stadnamngruppa som har innstillingsmynde for fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Stadnamngruppa har også ansvar for å gje uttale på vegne av kommunen om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksrett for.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

3.1 Vegadresse, gitt med vegnamn, adressenummer og eventuell bokstav eller
3.2 Matrikkeladresse, gitt med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer med tilhøyrande adressetilleggsnamn eller
3.3 Områdeadresse, gitt med områdenamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav.

Det er kommunestyret som gjer vedtak om kvar det skal innførast vegadresser i kommunen.

§ 4.Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde
4.1 Ved innføring av vegadresser lagar adressemynde kart som viser dei enkelte adresseparsellane (vegane) med start- og stoppunkt og tildeler adressenummer (husnummer) etter reglar gitt i Adresseveileder tilpassa regelverket i matrikkellova, matrikkelforskriften og merknadene til denne utarbeidd av Statens kartverk.
4.2 Namnemynde fastset namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane, og eventuelle tilleggsnamn (namn på til dømes bustadfelt og områdenamn). Aktuelle lag, organisasjonar og einskildpersonar i kommunen bør få høve til å komme med forslag til namn.
4.3 For nye områder/bustadfelt der vegadresser skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med behandling av reguleringsplan, slik at ikkje «tilfeldige» namn vert teke i bruk.
4.4 I områder med matrikkeladresser kan områdenamn nyttast i tillegg for å lette bruken av adressa.
4.5 Adresser kan også innehalde eit adressetilleggsnamn. Som hovudregel nyttar ein gardsnamn som adressetilleggsnamn. Adressetilleggsnamn kan kuttast ut dersom dette gir misvisande informasjon.
§ 5.Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn
5.1 Adressenamna må passe inn i eit samordna adressesystem for kommunen. Namna bør vera lette å oppfatte, skrive og uttale og skal vera unike slik at dei ikkje kan forvekslast med andre eksisterande adressenamn.
5.2 Eit adressenamn bør ha lokal tilknyting på staden og så langt råd er byggje på lokal namnetradisjon.
5.3 Gjennom namnsettinga skal ein så langt råd er verna om og ta vare på lokal kulturarv.
5.4 Skrivemåten skal vera i samsvar med det lokale målføret.
§ 6.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
6.1 Adressemynda skal utarbeide tenlege adresseparsellar som skal ha som hovudføremål å gjere det enkelt for alle å finne fram. Stadnamngruppa har ikkje høve til å gjere endringar på avgrensinga av adresseparsellane som adressemynda har utarbeidd, men skal finne gode namn til desse.
6.2 Startpunkt for nummertildelinga av adresser til veg eller område med eige adressenamn er normalt der vegen eller tilkomsten tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vera det som ligg nærast utgangspunktet nemnd under punkt 6.1 rekna etter ferdselsåra.
6.3 Sidevegar til overordna veg bør vera eigen adresseparsell og få eige adressenamn dersom sidevegen er:
a)Kortare enn 200 meter og fører til minst 10 adresseeiningar eller
b)Lengre enn 200 meter og fører til minst 5 adresseeiningar.
6.4 Der adresseeiningar mest teneleg kan knyttast til eit naturleg avgrensa område, bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 20 adresseeiningar.
6.5 Adressemynda kan gjera unntak frå grensene som er sett i punkt 6.3 og 6.4 for å gjera det lettare å finne fram og/eller for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. Det kan også takast kulturhistoriske omsyn ved namnsetjinga.
6.6 For å bygge vidare på tidlegare adressenummertildeling i Hemsedal kommune skal adresseverdige bygg langs høgre vegkant tildelast partal og adresseverdige bygg langs venstre vegkant tildelast oddetal. Dette er ikkje i samsvar med gjeldande reglar gitt i Adresseveileder tilpassa regelverket i matrikkellova, matrikkelforskriften og merknadene til denne utarbeidd av Statens kartverk.
6.7 Nummereringa langs sidene til ein veg bør gå mest mogleg parallelt. Det bør reserverast ledige adressenummer i tilfelle utbygging.
6.8 Avstandsprinsippet vert nytta i områder med spreidd busetnad. Adressenummer vert då rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter. Eksempel: Ei adresseeining som ligg 400 meter frå der vegen startar får tildelt adressenummer 40.
6.9 Avstandsprinsippet bør nyttast der avstanden mellom dei fleste adresseeiningane er større enn 50 meter.
6.10 Adressemynda kan også nytte ein kombinasjon av tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
§ 7.Skilting
7.1 Statens vegvesen har ansvar for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt langs riks- og fylkesvegar.
7.2 Kommunen er ansvarleg for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale vegar.
7.3 For private vegar er det dei enkelte vegstyra som har ansvar for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt og kostnader knytt til dette.
7.4 Alle grunneigarar eller festarar som får tildelt adressenummer til bygg ut frå vegadresse, har plikt til å koste, setje opp og halde vedlike nummerskilt og eventuelle nødvendige tilvisingsskilt på eigedommen etter nærare reglar gitt under avsnitt 6.
7.5 Adressemynda tek ansvaret for bestilling av vegskilt, nummerskilt og eventuelle nødvendige tilvisingsskilt og organiserer utdeling av desse mot fastsett gebyr til eigar/festar. Gebyr for administrasjon, organisering og bestilling av nummerskilt vert satt til sjølvkost.
7.6 Adressemynda bør utarbeide ein skiltplan for kommunen.
7.7 For eksisterande bygg som får tildelt adressenummer etter vegadresse, skal nummerskilt væra sett opp innan eit år etter at adressetildelinga er gjort kjent. For nye bygg skal nummerskilt vera sett opp i det bygget blir teke i bruk.
7.8 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane i dette punktet vert følgd og gje nødvendige pålegg. Pålegg som det ikkje vert teke omsyn til, kan adressemynda få utført mot at eigar/festar ber kostnaden.
§ 8.Plassering av skilt, materialvalg, utforming og utføring/montering
8.1 Nummerskilt og eventuelt tilleggsskilt skal plasserast slik at det er tydeleg kva for bygg det høyrer til. Skilta skal vera lett synlege frå den vegen dei høyrer til, og haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelt bokstavar. Samstundes bør skilta plasserast slik at dei er godt leselege når det er mørkt.
8.2 Nummerskilt skal som hovudregel plasserast 2,5 meter over bakken og så vidt mogeleg til høgre for inngangsdør og innkjørsler frå veg.
8.3 Det det vil vera vanskeleg å sjå skiltet frå veg, skal nummerskilt setjast opp i passande høgde på port, innhegning/gjerde, stolpe eller anna egna stad, og om mogeleg til høgre for inngang/innkjøyring.
8.4 Dersom nummerskiltet vender mot annan veg enn den adressa er knytt til, skal det under nummerskiltet monterast skilt som viser kva veg bygningen er adressert til – tilvisingsskilt.
8.5 Sjølv om eigedommen ikkje har inngang eller innkjøyring frå den vegen som nummerskiltet er knytt til, bør det setjast opp vanleg nummerskilt til vegen. Under nummerskiltet skal det plasserast tilvisingsskilt som fortel frå kva for veg eigedommen har tilkomst.
8.6 I dei tilfella der adressemynda finn at det er naudsynt, kan adressemynda kreve at det vert sett opp suppleringsskilt ved hovudveg, i tillegg til ved kvart hus og den enkelte inngang.
8.7 Huseigar pliktar å sørge for at nummerskilt og tilvisingsskilt er godt synlege, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt og lignande.
8.8 Nummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt materiale. Dei skal festast solid, rustfritt og haldbart.
8.9 Nummerskilta skal ha svarte tal og eventuelt bokstavar, i tillegg til svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande bakgrunn. Teksthøgde 105 mm og skilthøgde 150 mm. Andre skilttypar skal godkjennast av adressemynda.
§ 9.Endring av tildelt adresse
9.1 Før adressemynda med heimel i matrikkelforskrifta § 50 endrar ei adresse, skal eigar/festar til aktuell eigedom eller eigedomsdel ha fått melding og høve til å uttale seg om forslag til endringa.
9.2 Eigar/festar kan søke adressemynda om å få endra tildelt adresse til ei meir teneleg adresse. Eksempel: Endre adressenummer til annan veg som huset på eigedommen har tilkomst til.
§ 10.Forskrifta er gjort gjeldande

Denne forskrifta trer i kraft etter endeleg vedtak i Hemsedal kommunestyre 19. januar 2012.