Adresseføresegn for Ørskog kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2012-01-26-1127
PublisertII 2012 hefte 5
Ikrafttredelse26.01.2012
Sist endret
Endrer
Gjelder forØrskog kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59
Kunngjort06.12.2012   kl. 16.10
KorttittelAdresseføresegn for Ørskog

Heimel: Fastsett av Ørskog kommunestyre 26. januar 2012 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59.

§ 1.Heimelen til adresseføresegna er lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) med føresegn.
§ 2.Mynde som gjeld adressering er lagt til Teknisk avdeling. Avdelinga skal syte for at adresseringa vert løyst i samsvar med reglane i lov, føresegner og Statens kartverk sin adressevegleiar. Teknisk avdeling skal så tidleg råd er sende kart med innteikna vegparsellar til Namnemynda for namnsetjing.
§ 3.Mynde som gjeld arbeid med namn, er lagt til ei eiga namnenemnd, som kommunal nemnd. Nemnda skal syte for å utarbeide framlegg til val av adressenamn (vegnamn), og handsame framlegga før godkjenning i kommunestyret. Offentleg høyring skal vere ein del av prossessen. Namnenemnda skal bidra til at namna vert lagt fram for Namnekonsulenttenesta ved Universitetet i Bergen, som skal gje råd til kommunen. Statens kartverk vert gjort kjent med vedtaka.
§ 4.Ørskog kommune skal ha ein adresseplan for heile kommunen. Han skal femne om alle vegar som er opne for allmenn ferdsel. Adresseplanen skal vise oppdeling av vegnettet i adresseparsellar, offentleg og privat eigde. Alle bustadeigedomar, verksemder og offentlege institusjonar skal så langt det er råd ha vegadresse.
§ 5.For adressenummer (husnummer) kan ein etter forholda på staden velje mellom kantsystemet eller avstandssystemet. Ved bruk av avstandssystemet er adressenummeret talet på 10-metrar frå starten av vegen.
§ 6.Adressenummeret skal ha oddetal på høgre side av vegen og partal på venstre side, anten det er kantsystemet (det tradisjonelle) eller avstandssystemet som vert nytta.
§ 7.Oppsetjing av adressenamnskilt (vegnamnskilt): For riks- og fylkesvegar er oppgåva lagt til Statens vegvesen. For kommunale vegar og andre vegar som er opne for allmenn ferdsel skal kommunen syte for skilting.
§ 8.Oppsetjing av adressenummerskilt: Eigar av eigedom som har fått brev frå kommunen om tildelt adresse, skal syte for å skaffe og setje opp adressenummerskiltet, og syte for at skiltet er godt leseleg frå den vegen eigedomen har adresse til. Vert adressenummerskilt ikkje sett opp innan eit år, kan kommunen setje det opp for eigaren si rekning. For nybygg skal adressenummerskilt vere sett opp før bruksløyve vert gjeve.
§ 9.Kommunen rår til at det vert nytta standard adressenummerskilt. Desse er 15 cm høge, med kvit eller lys botn og svart bord langs kanten. Tala (og eventuell bokstav) skal vere 10 cm høge. Strekbreidde 1 cm. Om ein nyttar anna type skilt, må ein sjå til at desse er like gode som standardskilta, og like varige.
§ 10.Skilta bør setjast opp på høgre sida av inngangsdør om mogeleg. Plassering ca 2,5 m over bakken kan vere ein hovudregel. Når avstanden mellom vegen og bygning med adresse er for lang til å lese skiltet, må det setjast opp på stolpe ved vegen.
§ 11.Om namning av vegar: At namnesak startar, skal kunngjerast i lokalavis og på kommunens si heimeside på nettet med oppmoding om å kome med råd om namn.
§ 12.Denne føresegna tek til å gjelde så snart ho er godkjent av Ørskog kommunestyre.