Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-05-23-527
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse23.05.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, FOR-2009-06-26-864-§22, LOV-1990-05-18-11, FOR-2007-06-01-592
Kunngjort30.05.2013   kl. 14.45
KorttittelAdresseforskrift for Luster

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 23. mai 2013 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59 og § 22, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn.

§ 1.Føremål og omfang

Føremålet med forskrifta er å legge til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle eigedommar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med.

§ 2.Mynde 
2.1 Adressemynde

Rådmannen er kommunen sitt adressemynde og har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen. Rådmannen tildeler offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Rådmannen tildeler også adressetilleggsnamn etter oppmoding frå registert eigar, jf. matrikkelforskrifta § 54.

2.2 Namnemynde

Plan og forvaltningsstyret er kommunen sitt namnemynde og har ansvar for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemyndet er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

Namnemynde tek avgjerd om namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellar. Aktuelle lag/foreiningar, verksemder og privatpersoner i kommunen skal ha anledning til å kome med forslag til namn. Kryssar vegar kommunegrenser skal nabokommunen ha høve til til å kome med uttale.

2.3 Namnenemnda

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett.

Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer og landemerke.

Nemnda vert vald av kommunestyret, og skal ha tre til fem medlemar med vara.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

a)Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller
b)Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller under nummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn. Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til.

I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer).

§ 4.Ansvarsfordeling
4.1 Adressemyndet lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggjefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing.
4.2 Adressemyndet kallar inn namnenemnda til møte og har sekretærfunksjon under møta.
4.3 Namnenemnda har framlegg til namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast i lokalavisa og på kommunen sine heimesider, slik at aktuelle organisasjonar og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknadar. Stadnamntenesta for Vestlandet skal også ha forslaga til høyring.
4.4 Namnemyndet vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Namnemyndet kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndet har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak.
4.5 For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk.
4.6 Adressemyndet kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føreskriftene.
4.7 Adressemyndet skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova.
§ 5.Retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn
5.1 Adressenamn skal følgja reglane i stadnamnlova.
5.2 Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjende stadnamn i adresseområdet.
5.3 Adressenamnet bør høve staden, verke lokaliserande og bygge på lokal namnetradisjon.
5.4 Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk.
5.5 Gjennom namnsetjinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv.
5.6 Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er spesielle grunnar for dette.
5.7 Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg.
5.8 Unngå i størst mulig grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområder».
§ 6.Retningslinjer for utforming av adressesystem og nummerering av adressene
6.1 Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut). Hovudparsellen går til høgre etter siste vegkryss.
6.2 Hovudregelen for at ein veg skal få eige namn er at det må vera minst 5 adresseobjekt (bygningar) langs vegstrekninga som skal adresserast eller at vegen må vera over 2 km lang.

Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:

a)Kortare enn 200 m og har minst 20 adresseeiningar.
b)Lengre enn 200 m og har minst 10 adresseeiningar.
c)Lengre enn 500 m og føre til minst 5 adresseeiningar.
6.3 Områder utan eit vegsystem, for eksempel støls- og hytteområder, vil som hovudregel få områdeadressering. Spreidde hytter/buer vil ikkje få tildelt offisiell adresse.
6.4 Det skal nyttast oddetal på høgre og partal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
6.5 For å gjera det lettare å finna fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som er sette i punkt 6.2 og 6.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet.
6.6 Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging.
6.7 Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40.
6.8 Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
§ 7.Skilting
7.1 For adresser med tilkomst frå fellesvegar, og som ikkje har eige adressenamn, skal adressemynde setje opp og vedlikehalde tilvisingskilt.

Adressemynde set ikkje opp tilvisingskilt til områder med områdeadressering, sjå punkt 6.3.

I tillegg skal adressemynde i nødvendig omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private veger. For riks- og fylkesveger har Statens vegvesen dette ansvaret.

7.2 Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt i samsvar med § 57 (2) i matrikkelforskriften, og etter nærmare regler angitt i § 8.

Eigar/festar av eigedom/bygg som har fått tildelt områdeadresse blir oppmoda til å nytte skilt både med områdeadresse og husnummer. Eigar/festar av bygg som ikkje får tildelt offisiell adresse blir oppmoda til å nytte naudplakat.

7.3 For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 mnd. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk.
7.4 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane over vert fylgt, og gi dei nødvendige pålegg.
7.5 Dersom det er hensiktsmessig med omadressering for å få eit einsarta adressesystem i kommunen, vil kommunen ta kostnaden med innkjøp og utlevering av nye husnummerskilt.
7.6 Manglande skilt, i samsvar med disse reglane, kan krevjast sett opp innan rimeleg frist. Er dette ikkje utført innan fristens utløp, skal kommunen sjå til at skiltet blir sett opp. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet, og eventuelle nye skilt.
§ 8.Plassering, materiale og utforming av skilta
8.1 Husnummerskilta skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Der huset ikkje er synleg frå vegen kan ein også setja opp eit skilt ved innkøyringa, t.d. på søppelskur eller portstolpe.

Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mulig til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei er lesbare i mørket.

8.2 Eigar/festar skal syte for at nummerskilt er godt synlige, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mv.
8.3 Materiale og utforming for skilt skal vere slik:
a)Vegnamnskilt og tilvisingsskilt iht. skiltforskrifta kap. II skilt 729.
b)Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast solid og haldbart.
c)Skilta skal ha svarte tal og ev. bokstaver, samt svart kantbord på kvit eller lys reflekterande botn.
d)Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgitt av Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm.
e)Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemyndigheita, nyttast for eksempel i område med områdeadressering. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelige skrift og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 9.Klagerett

Ved klage over tildeling eller endring av offisiell adresse, er klageretten avgrensa til:

a)Kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal adresserast til
b)Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
c)Feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.

Vedtekne vegnamn kan ikkje påklagast.

Klage skal sendast skriftleg til Luster kommune innan 3 veker etter tildeling.

§ 10.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato kommunestyret har gjort vedtak.