Adresseforskrift for Kvam herad, Hordaland

DatoFOR-2013-06-18-824
PublisertII 2013 hefte 3
Ikrafttredelse18.06.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvam kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort04.07.2013   kl. 14.40
KorttittelAdresseforskrift for Kvam

Heimel: Fastsett av Kvam heradsstyre 18. juni 2013 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 annet ledd og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn. 

1. Nye adressenamn
1.1 Etter Kvam herad sitt delegeringsreglement er ansvaret for namnsetting av vegar/gater i kommunen delegert til rådmannen. 
2. Adressemynde
2.1 Oppmålingsmyndigheten er kommunen si adressemyndighet, og tildeler adressenummer til dei vedtekne adresseparsellane. 
3. Regler for tildeling av adressenummer
3.1 Nummerering starter frå Straumebrua i Norheimsund.
3.2 Innan tettbygd strøk/regulert område vert adressenummer gjeve fortløpande, med like nummer (partal) på venstre side og ulike nummer (oddetall) på høgre side. Der det er naturleg blir det satt av numre til eventuell fortetting av bustadmassen.
3.3 I område med spredt bebyggelse nyttas avstandsnummerering. Husnumra vert gjeve etter avstand frå vegen sitt startpunkt.
3.4 I område med fritidsbebyggelse som ikkje har direkte åtkomst frå veg, nyttast områdenummerering. Nummera vert gjeve fortløpande, om mogleg i sirkel med urvisaren. Der det er naturleg vert det sett av numre til ev. fortetting.
3.5 Bokstav som undernummer vert fortrinnsvis berre gjeve for å unngå omnummerering. 
4. Plikt til å setja opp skilt
4.1 Ein kvar huseigar, som av adressemyndigheten har fått tildelt adressenummer til bygning eller del av bygning, pliktar å setja opp og vedlikehalde husnummerskilt og eventuelt henvisningsskilt på eigedomen i samsvar med disse reglane. Huseigaren plikter å skaffa naudsynte skilt for eigen kostnad. 
5. Skilta si plassering mv.
5.1 Husnummerskilt og eventuelt tilleggsskilt skal plasserast slik at det er tydelig kva for eigendom dei høyrer til. Skilta skal vere lett synlege frå den vegen/gata dei høyrer til. Dei skal haldast reine og heile med tydelege tal og bokstavar. Skilta bør plasserast slik at dei kan lesast i mørkret.
5.2 Husnummerskiltet skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og om mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrslar frå veg/gate.
5.3 Der kor skiltet vanskeleg kan sjåast frå vegen/gata skal nummerskiltet plasserast i passande høgd på port, innhegning, stolpe eller anna egna stad, og om mogleg til høgre for inngang/innkøyrsel.
5.4 Vender husnummerskiltet mot anna veg/gate enn den som adressa er knytt til, skal adressa gjevast ved særleg henvisningsskilt. Dette skal settast under husnummerskiltet.
5.5 Sjølv om eigedomen ikkje har inngang eller innkøyrsel frå den veg/gate som nummeret er knytt til, skal det setjast opp vanleg nummerskilt til vegen/gata. Under nummerskiltet skal det plasserast henvisningsskilt som viser frå kva for veg/gate eigedomen har åtkomst.
5.6 Kor adressemyndigheten finn det naudsynt, kan det forlangast oppsett suppleringsskilt ved hovudveg i tillegg til ved dei enkelte hus eller dei enkelte inngangar.
5.7 Huseigar pliktar å syta for at husnummerskilt og henvisningsskilt er godt synlege, og ikkje er skjult av trær, buskar, andre skilt mv. 
6. Skiltmateriale og -utføring
6.1 Husnummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal ha solid, rustfritt og haldbart feste.
6.2 Tal og eventuelle bokstavar på skilta skal vera svarte. Skilta skal ha svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
6.3 Storleiken på husnummerskilt og henvisningsskilt skal vera slik som vist i Statens vegvesen sine skiltnormer, hv. skilt 770 og 766.
6.4 Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemyndighet, nyttast. Slike skilt må også vera av varig materiale, ha tydelege tal og tilfredsstillande kontrast mot bakgrunnen. 
7. Forskjellige føresegner
7.1 Der lovlege husnummerskilt og henvisningsskilt ikkje allereie er montert, skal slike vera oppsett innan eit år etter at denne forskrifta trer i kraft. For nybygg som har fått tildelt adresse, skal skilt setjast opp snarast mogleg, og før ferdigattest vert gjeve.
7.2 Adressemyndigheten, eller ein bemyndiget, skal føra kontroll med at reglane i denne forskrifta vert overhaldne, og gje pålegg om naudsynt.
7.3 Pålegg som ikkje vert etterkomne innan ein gjeven, rimeleg frist, kan adressemyndigheten la utføra for eigar sin kostnad.
7.4 Skilt som allereie var sett opp då disse regler tråtte i kraft, kan tillatast brukt så lenge dei er i god stand, og fullt leselege, samt er plassert i samsvar med overståande reglar. 
8. Ikrafttreden
8.1 Denne forskrifta trer i kraft straks.