Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Årdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-06-20-991
PublisertII 2013 hefte 4
Ikrafttredelse22.09.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅrdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11, FOR-2007-06-01-592
Kunngjort22.08.2013   kl. 14.15
KorttittelAdresseforskrift for Årdal

Heimel: Fastsett av Årdal kommunestyre 20. juni 2013 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn.

§ 1.Formål og omfang

Formålet med forskrifta er å legge til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedommar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med.

§ 2.Mynde
2.1 Adressemyndigheit

Rådmannen er kommunen si adressemyndigheit og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Rådmannen tildeler offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Rådmannen tildeler også adressetilleggsnamn etter oppmoding frå registrert eigar, jf. matrikkelforskrifta § 54.

2.2 Namnemyndigheit

Formannskapet er kommunen si namnemyndigheit og har ansvar for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemyndigheita er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

Namnemyndigheita tek avgjerd om namn og skrivemåte for dei einskilde adresseparsellar. Aktuelle lag/foreiningar, verksemder og privatpersoner i kommunen skal ha anledning til å kome med forslag til namn. Kryssar vegar kommunegrenser skal nabokommunen ha muligheit til å kome med uttale.

2.3 Namnenemnda

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett.

Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer, kommunale landemerke.

Nemnda vert vald av formannskapet, og skal ha tre medlemmar med vara.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meinar ein:

a)Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller:
b)Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn.

Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til.

I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer).

§ 4.Ansvarsfordeling
4.1 Adressemyndigheita lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing.
4.2 Adressemyndigheita kallar inn namnenemnda til møte og har sekretærfunksjon under møta.
4.3 Namnenemnda foreslår namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast i lokalavisa og på kommunen sine heimesider, slik at aktuelle foreiningar/lag, verksemder og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknadar. Stadnamntenesta for Vestlandet skal ha forslaga til høyring.
4.4 Namnemyndigheita vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Namnemyndigheita kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndigheita har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak.
4.5 For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk.
4.6 Adressemyndigheita kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med forskrifta.
4.7 Adressemyndigheita skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova.
§ 5.Retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn
5.1 Adressenamn skal følgja reglane i stadnamnlova.
5.2 Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjende stadnamn i adresseområdet.
5.3 Adressenamnet bør høve på staden, verke lokaliserande og bygge på lokal namnetradisjon.
5.4 Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk.
5.5 Gjennom namnsetjinga skal ein verna om og ta vare på lokal kulturarv.
5.6 Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn.

Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er særlige grunnar for dette.

5.7 Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg.
5.8 Unngå i størst mulig grad like namn i nabokommunar/same «utrykningsområder.»
§ 6.Retningslinjer for utforming av adressesystem og nummerering av adressene
6.1 Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut).

Hovudparsellen går til høgre etter siste vegkryss.

6.2 Hovudregelen for at ein veg skal få eige namn er at det må vera minst 5 adresseobjekt (bygningar) langs vegstrekninga som skal adresserast eller at vegen må vera over 2 km lang.

Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:

a)kortare enn 200 m og har minst 20 adresseeiningar.
b)Lengre enn 200 m og har minst 10 adresseeiningar.
c)Lengre enn 500 m og føre til minst 5 adresseeiningar.
6.3 Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område bør området ha eige adressenamn dersom området er minst 20 adresseeiningar (områdeadressering). Områdeadressering vert brukt i områder utan klart vegsystem.
6.4 For å gjera det lettare å finna fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som er sette i punkt 6.2 og 6.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet.
6.5 Det skal nyttast oddetal på høgre og partal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
6.6 Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging.
6.7 Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40.
6.8 Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
6.9 Der veger kryssar kommunegrenser og det ikkje er et naturlig skilje, for eks. vegkryss, bru eller liknande, så bør vegparsellane ha same namn i begge kommunane og ha fortløpande adressenummerering.
§ 7.Skilting
7.1 Adressemyndigheita skal setje opp og halde vedlike vegnamnskilt og tilvisningsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn. I tillegg skal adressemyndigheita i nødvendig omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private veger.

For riks- og fylkesveger har Statens vegvesen dette ansvaret.

7.2 Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde vedlike husnummerskilt i samsvar med § 57 (2) i forskriftene til matrikkellova, og etter nærmare regler angitt i § 8.
7.3 For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 mnd. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk.
7.4 Adressemyndigheita skal føre kontroll med at reglane over vert fylgt, og gi dei nødvendige pålegg.
7.5 Dersom det er hensiktsmessig med omadressering for å få eit einsarta adressesystem i kommunen, kan kommunen koste nye husnummerskilt.
7.6 Kommunen kan påta seg innkjøp og utlevering av skilta.
7.7 Manglande skilt, i samsvar med desse reglane, kan krevjast sett opp innan rimeleg frist. Er dette ikkje utført innan fristens utløp, skal kommunen sjå til at skiltet blir sett opp. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet, og eventuelle nye skilt.
§ 8.Plassering av skilta, materiale og utforming
8.1 Husnummerskilta skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei er lesbare i mørket.
8.2 Eigar/festar plikter å sørgjer for at nummerskilt er godt synlige, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mv.
8.3 Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mulig til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg.
8.4 Materiale og utforming for skilt skal vere slik:
a)Vegnamnskilt og tilvisingsskilt iht. skiltforskrifta kap. II skilt 729.
b)Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast solid og haldbart.
c)Skilta skal ha svarte tall og ev. bokstaver, samt svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
d)Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgitt av Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm. og teksthøgde 105 mm.
e)Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemyndigheita, nyttast. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelige tall og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 9.Klagerett

Ved klage over tildeling eller endring av offisiell adresse, er klageretten begrenset til:

a)kva gate, veg eller liknende en bygning eller eiendom skal ha adresse til
b)kva adressetilleggsnavn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressen
c)feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.

Vedtekne vegnamn kan ikkje påklagast. Jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 864 § 22 (matrikkelforskrifta).

Klage skal sendast skriftleg til Årdal kommune innan 3 veker etter tildeling av adresse.

§ 10.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i kommunestyret og lovleg kunngjort.