Forskrift om gebyr for handsaming av plansaker etter plan- og bygningslova, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-09-30-1267
PublisertII 2013 hefte 5
Ikrafttredelse01.11.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§33-1
Kunngjort31.10.2013   kl. 14.50
KorttittelForskrift om gebyr for plansaker, Askvoll

Heimel: Fastsett av Askvoll kommunestyre 30. september 2013 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) § 33-1.

§ 1.Føremål

Forskrifta gjeld betaling for tenester som kommunen skal syte for vert utførte i medhald av plan- og bygningslova kap. 12 om reguleringsplanar og kap. 19 om dispensasjon.

Gebyra skal dekke kommunen sine kostnader med tenesta (sjølvkostprinsipp).

§ 2.Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter denne forskrifta skal betale gebyr. Faktura vert sendt til tiltakshavar/forslagsstillar.

§ 3.Reguleringsplan

For privat framlegg til reguleringsplan (detaljregulering), jf. pbl. § 12-3 og § 12-11, og endring/oppheving av reguleringsplan, jf. pbl. § 12-14, 1. ledd, skal det betalast gebyr som følgjer:

Enkel planVanleg planKomplisert plan
kr 12 000,-kr 30 000,-kr 50 000,-

Kommunen fastset plantype/sats som skal nyttast i samsvar med definisjonane under. 

Enkel plan:

Planframlegg i samsvar med overordna plan, og med få og små uavklarte tilhøve og konfliktar iht. gjeldande plan(ar), natur, landskap, kulturminne, friluftsliv eller nabotilhøve. Mindre reguleringsplan, jf. pbl. § 12-12, 2. ledd, går inn under dette.

Endring av reguleringsplan der dei fleste avklaringar allereie er gjort i vedteken plan, og der hovudtrekka i planframlegget er som i vedteken plan, går òg under dette. Dersom endringsframlegget føreset avklaringar på lik line med handsaminga av ein ny plan, skal gebyrsatsen for vanleg plan nyttast. 

Vanleg plan:

Planframlegg med ein del uavklarte tilhøve/konfliktar, «gjennomsnittsplan» - gjennomsnittleg planfagleg/planteknisk vanskegrad. Planframlegg som ikkje går inn under «enkel plan» eller «komplisert plan» går inn under dette. 

Komplisert plan:

Planframlegg som medfører krav om planprogram/konsekvensutgreiing, jf. pbl. § 4-1 og § 4-2, dvs. framlegg i strid med overordna regelverk, plan eller offentleg vedtak, planframlegg med mange samansette arealkonfliktar og behov for avklaringar.

§ 4.Mindre reguleringsendring

For mindre endring av reguleringsplan, jf. pbl. § 12-14, 2. ledd, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr 8 000,-.

§ 5.Forlenging av planvedtak

For forlenging av planvedtak med inntil 2 år om gangen, jf. pbl. § 12-4, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr 4 000.-.

§ 6.Oppstartmøte/råd om regulering

I saker der oppstartmøte vert halde, jf. pbl. § 12-8, men det ikkje kjem inn planforslag til handsaming innan rimeleg tid, vert det fakturert kr. kr 4 000,- for avholdt oppstartmøte m.m. Med rimeleg tid vert rekna om lag eitt år frå kommunen har gjeve signal om at dei ikkje har merknader til at planarbeidet vert sett i gang.

§ 7.Dispensasjon

Ved søknad om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen/kommunedelplan eller frå reguleringsplan, jf. pbl. § 19-2, og/eller frå 100m-beltet langs sjø og vassdrag, jf. pbl. §1-8, skal det betalast eit gebyr tilsvarande kr 7 000.-.

§ 8.Tidspunkt for avrekning av gebyr

Gebyret vert fastsett i høve til dei satsane som gjeld på det tidspunktet fullstendig planforslag/søknad i samsvar med dokumentasjonskrav i lov og forskrifter er motteke av kommunen.

Ved avbroten plansak/dispensasjonssak, jf. pkt. 10, vert gebyret fastsett etter dei satsane som gjeld på det tidspunktet saka vert avslutta.

§ 9.Tidspunkt for fakturering

Gebyr for private framlegg til reguleringsplan eller endring av slik plan, skal fakturerast etter førstegongshandsaming i kommunen, jf. pbl. § 12-11.

Plansaka vert ikkje teke opp til handsaming etter offentleg ettersyn (andregongshandsaming), jf. pbl. § 12-12, før gebyret er innbetalt.

Gebyr for mindre endringar av reguleringsplan, for forlenging av planvedtak med inntil 2 år om gangen, og for søknad om dispensasjon, skal fakturerast når vedtaket er fatta, jf. pbl. § 12-14, 2. ledd, § 12-4 og § 19-2.

§ 10.Avbroten plansak/dispensasjonssak

Gebyr skal avreknast som del av fullt gebyr i høve til det tidspunktet saka vert avbroten/trekt. Kommunen fastset eit passande gebyr tilsvarande det arbeidet/kostnadene kommunen har hatt. Jf. òg pkt. 6 om fakturering for avholdt oppstartmøte, der kommunen

ikkje mottek planframlegg i rimeleg tid.

§ 11.Avslag

Når kommunen avviser eit planframlegg eller gjev avslag på søknad om dispensasjon skal det betalast fullt gebyr.

§ 12.Urimeleg gebyr

Om storleiken på gebyret vert klart urimeleg i høve til det arbeidet og dei kostnadene kommunen har hatt med saka, eller gebyret er urimeleg av andre grunnar, kan kommunen fastsette passande gebyr. Regulativet kan berre fråvikast ved spesielle høve.

§ 13.Høve til å klage

Gebyrfastsetting i den enkelte sak kan ikkje påklagast, då dette berre er ei oppfølging av regulativet. Kommunen si avgjerd om fastsetting av passande gebyr, jf. pkt. 12 om urimeleg gebyr, kan påklagast etter reglane i forvaltningslova (enkeltvedtak).

§ 14.Meirverdiavgift

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift i tillegg til gebyr for tenester etter gebyrregulativet.

§ 15.Regulering av gebyrsatsane

Endring av gebyrsatsane i medhald av denne forskrifta vert fastsett av kommunestyret i samband med årleg budsjettvedtak. Justering skal skje med verknad frå 1. januar kvart år. Satsane skal avrundast til næraste kr 10,-.

§ 16.Ikraftsetting

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. november 2013.