Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning, Osterøy kommune, Hordaland

DatoFOR-2013-10-02-1191
PublisertII 2013 hefte 4
Ikrafttredelse02.10.2013
Sist endretFOR-2016-04-27-1057
Endrer
Gjelder forOsterøy kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§22, FOR-2009-06-26-864-§57, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11, FOR-2007-06-01-592
Kunngjort10.10.2013   kl. 15.10
KorttittelAdresseforskrift for Osterøy

Heimel: Fastsett av Osterøy heradstyre 2. oktober 2013 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 22, § 57 og § 59, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn. Endra med forskrift 27 april 2016 nr. 1057.

§ 1.Føremål og omfang

Føremålet med forskrifta er å legge til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Alle eigedommar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med.

§ 2.Mynde
2.1 Adressemynde

Rådmannen er kommunen sitt adressemynde og definerer adresseparsellane samt har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen. Rådmannen tildeler offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Rådmannen tildeler også adressetilleggsnamn.

2.2 Namnemynde

Heradstyret er kommunen sitt namnemynde og har ansvar for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Namnemynde er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

2.3 Rådmannen

Rådmannen er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett.

Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer og landemerke.

Lag/foreiningar, privatpersonar o.a. i kommunen skal ha høve til å kome med forslag til namn.

0Endra med forskrift 27 april 2016 nr. 1057.
§ 3.Ansvarsfordeling
3.1 Adressemyndet (rådmannen) lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggjefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing.
3.2 Rådmannen lagar framlegg til namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast på ei tenleg måte eller på kommunen sine heimesider jf. Matrikkelforskrifta § 50. Stadnamntenesta for Vestlandet skal ha forslaga til høyring.
3.3 Heradstyret vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Namnemynde kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndet har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn under politisk handsaming, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak.
3.4 For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk.
3.5 Adressemyndet (rådmannen) kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føreskriftene.
3.6 Adressemyndet (rådmannen) skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova.
0Endra med forskrift 27 april 2016 nr. 1057.
§ 4.Retningsliner for utforming av adressesystemet i kommunen
4.1 Osterøy kommune skal vera eit eige adresseområde
4.2 Adressesystemet i kommunen byggjer på vedtekne adresseparsellar.
4.3 Ein adresseparsell er ein veg, vegstrekning eller eit nærare definert område utan vegtilkomst. Ein tek utgangspunkt i, i prioritert rekkjefølgje:
a)overordna vegar
b)andre områdesenter
c)bygder.
4.4 Sidevegar til ein overordna veg bør få eige adressenamn dersom sidevegen
a)kortare enn 200 m og fører til minst 20 adresseeiningar.
b)er lengre enn 200 meter og fører til minst 14 adresseeiningar.
c)er lengre enn 500 meter og fører til minst 7 adresseeiningar med fast busetnad eller næringsverksemd.
4.5 Adressemynde kan gjera unntak frå grensene som er sette i nr. 4.3 og 4.4 dersom dette gjer det enklare å finna fram til rett adresse. Dette også når sidevegar som ikkje er eigen adresseparsell fører til alt for ujamn nummerering på hovudvegen.
4.6 I vurdering av om ein veg eller eit område skal utgjera ein eigen adresseparsell kan adressemynde - når dette etter tilhøva synest tenleg - også rekna med fritidsbustader i området.
§ 5.Prinsipp for nummerering av eigedomar
5.1 Startpunkt for nummerering av adresseparsellar (vegar eller område med eiga adressenamn) er normalt det punktet der vegen eller tilkomsten til området tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vera det som knyter opp mot ein av hovudvegane gjennom kommunen.
5.2 Det skal nyttast ulike tal på høgre og like tal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet omtala i nr. 5.1. Sidevegar som ikkje er eigne adresseparsellar skal ha nummer - like eller ulike - ut frå kva side vegen går ut frå.
5.3 I adresseområde utan klart vegsystem skal nummereringa av eigedomane gjerast fortløpande utan omsyn til høgre eller venstre side.
5.4 Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40.
5.5 Ein kan og nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
5.6 Ved tvil om tolkinga av reglane i denne paragrafen skal tilrådingane i Statens kartverk sin adresserettleiar leggjast til grunn.
§ 6.Retningsliner for val og skrivemåte for stadnamn
6.1 Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjende stadnamn i adresseområdet eller nabokommunar.
6.2 Adressenamnet bør verke lokaliserande, høve til staden og bygge på lokal namnetradisjon der adresseparsellen ligg.
6.3 Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk.
6.4 Gjennom namnsetjinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv.
6.5 Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn.
6.6 Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemålet på staden der adresseparsellen ligg.
§ 7.Skilting
7.1 Skiltform og kvalitet

Adresseskilta skal vera i samsvar med nasjonal standard. Der det manglar slik standard, skal skilta vera i samsvar med dei lokale standardane som er brukt ved etablering av adressesystemet i adresseringsområdet.

Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde vedlike husnummerskilt i samsvar med § 57 (2) i forskriftene til matrikkellova.

7.2 Plassering og oppsetting av kommunale skilt

Adressemynde i kommunen fastset plassering av skilta. For skilt langs fylkesvegar skal det skje i samråd med Statens vegvesen. Adressemynde syter for oppsetting og vedlikehald av dei skilta kommunen har ansvaret for etter regelverket.

7.3 Plassering av husnummerskilt mv.

Husnummerskilt som eigar/festar skal setja opp (jf. § 57 i mf.), skal plasserast slik at det er tydeleg kva for adresseeining nummeret gjeld for. Plasseringa skal vera slik at nummerskilt eller tilvisingsskilt er lett synlege heile året frå fellesveg som fører til adresseeininga, også etter det er mørkt.

Skilta skal om råd, plasserast ca. 2,5 m over bakken til venstre for eller over ytre hovudinngangsdør til adresseeininga. Der slik plassering ikkje er synleg, eller dårleg synleg frå fellesvegen, skal adresseskilt vera plassert ved vegen som fører til huset som adressa er knytt til.

Kommunen kan pålegga eigar/festar å setja opp adressenummerskilt på sin eigedom der kommunen finn det turvande for å gjere det lett for ukjende å finna fram til adressa. Dersom eigar/festar ønskjer annan utforming av sitt husnummerskilt enn krav i nr. 7.1 kan kommunen etter tilfredsstillande skriftleg søknad godkjenne andre utføringar dersom skiltinga blir minst like tenleg som ved bruk av fastsett standard. Unntaksløyvet skal vere skriftleg og mellombels.

7.4Tidspunkt for skilting

Ved tildeling av adresse til eksisterande eigedomar (eller pålegg om endring av eksisterande adresse) skal kommunen setja ein rimeleg frist for eigar/festar til å setja opp pålagde skilt. Fristen skal gå fram av tildelings-/påleggsmeldinga frå kommunen. For nye bygningar som har fått tildelt adresse, skal adresseskilta vera på plass før det blir gjeve bruksløyve eller ferdigattest for bygningen.

7.5Skilt som ikkje er i samsvar med § 7 nr. 1 og 3, kontroll og retting av manglar

Adressemynde i kommunen skal føra tilsyn med at adressesystemet til ei kvar tid er skilta i samsvar med gjeldande regelverk og pålegg.

Eksisterande skilt som ikkje har form eller plassering som fastsett § 7 nr. 1 og 3, kan kommunen krevja at eigar/festar endrar slik at dei tilfredsstillar funksjonskrava i § 7 nr. 3 første ledd. Pålegg skal vera skriftleg og det skal setjast rimeleg frist for gjennomføringa. Dersom pålegg ikkje er gjennomført innan sett frist eller forlenga frist etter søknad, kan kommunen gjennomføra pålegget for eigar/festar si rekning.

§ 8.Klagerett

Ved klage over tildeling eller endring av offisiell adresse, er klageretten avgrensa til:

a)Kva veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal adresserast til.
b)Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa.
c)Feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.

Vedtekne vegnamn kan ikkje påklagast.

Klage skal sendast skriftleg til Osterøy kommune innan 3 veker etter tildeling.

§ 9.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato heradstyret har gjort vedtak.