Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2013-11-14-1342
PublisertII 2013 hefte 5
Ikrafttredelse28.11.2013
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort28.11.2013   kl. 14.50
KorttittelAdresseforskrift for Sogndal

Heimel: Fastsett av Sogndal kommunestyre 14. november 2013 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21, jf. lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.

§ 1.Føremål og omfang

Føremålet med forskrifta er å leggje til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med jf. § 4 a og b nedanfor.

§ 2.Adressemyndigheit

Rådmannen er kommunen sin adressemyndigheit, og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen med tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande føresegner, samt saksførebuande arbeid knytt til fastsetjing av vegnamn og skrivemåte for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

§ 3.Namnemyndigheit

Formannskapet er kommunen si namnemyndigheit og har ansvar for tildeling av vegnamn og gjere vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemyndigheta er ansvarleg for å gi uttale på kommunen sine vegner om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

§ 4.Namnenemnd

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett. Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer, kommunale landemerke.

Nemnda skal ha 4 medlemer med personlege vara og skal ha slik samansetjing:

1.1 representant frå Sogndal sogelag m/personleg vara, som Sogndal sogelag oppnemner.
2.1 representant frå Fjærland sogelag m/personleg vara, som Fjærland sogelag oppnemner.
3.1 representant frå DHS Sogn Folkemuseum m/personleg vara, som DHS Sogn Folkemuseum oppnemner.
4.1 representant med høveleg kompetanse m/ personleg vara, som rådmannen oppnemner.
§ 5.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

a)Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller:
b)Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn.

Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til. I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer).

Matrikkeladressenamn/adressetilleggsnamn kan vere gardsnamn.

§ 6.Ansvarsfordeling
1.Adressemyndigheita lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggjefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing.
2.Adressemyndigheita kallar inn namnenemnda til møte og har sekretærfunksjon under møta.
3.Namnenemnda skaffar fram framlegg til namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast på kommunen sine heimesider, slik at aktuelle organisasjonar og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknadar. Stadnamntenesta for Vestlandet skal også ha forslaga til høyring.
4.Namnemyndigheita vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Namnemyndigheita kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndigheita har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak.
5.For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk.
6.Adressemyndigheita kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føresegnene.
7.Adressemyndigheita skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova, jf. § 11 nedanfor.
§ 7.Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn
1.Adressenamn skal følgja reglane i stadnamnlova.
2.Adressenamn må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Adressenamn skal vere slik at dei ikkje kan forvekslast med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og allment kjende stadnamn i adresseområdet.
3.Eit adressenamn bør passe til staden, verke lokaliserande og så langt som råd er, bygge på lokal namnetradisjon der adresseparsellen ligger.
4.Namnet bør ikkje virke støytande eller komisk.
5.Gjennom fastsetjing av vegnamn skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv.
6.Namn på personar som er i live, bør ikkje takast i bruk som adressenamn.
7.Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gir rom for varierande normering, skal ein nytte den forma som ligg nærast opp til talemålet på staden der adresseparsellen ligger.
8.Kommunen bør unngå å nytte like namn som i nabokommunar/same «utrykkingsområder».
§ 8.Retningslinjer for utforming av adressesystem og nummerering av adressene
1.Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut).

Hovudparsellen går til høgre etter siste vegkryss.

2.Ein samanhengande veg skal normalt ha eitt vegnamn for heile vegstrekninga.
3.Hovudregelen for at ein veg skal få eige namn er at det må vera minst 5 adresseobjekt (bygningar) langs vegstrekninga som skal tildelast adresse, eller at vegen må vera meir enn 2 km lang.

Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn viss sidevegen:

a)har minst 20 adresseeiningar dersom vegen er kortare enn 200 m.
b)har minst 10 adresseeiningar viss den er lenger enn 200 m.
c)minst 5 adresseeiningar og er lenger enn 500 m.
4.Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område bør området ha eige adressenamn dersom området er minst 20 adresseeiningar (områdeadressering). Områdeadressering vert brukt i områder utan noko klart vegsystem.
5.For å gjera det lettare å finna fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som er sette i punkt 6.2 og 6.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet.
6.Det skal nyttast oddetal på høgre og partal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen.
7.Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging.
8.Avstandsprinsippet kan nyttast i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40.
9.Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
§ 9.Skilting
1.Adressemyndigheita skal setje opp og halde ved like vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn. I tillegg skal adressemyndigheita i nødvendig omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private veger.

For riks- og fylkesveger har Statens vegvesen dette ansvaret.

2.Eigar/festar/tiltakshavar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, er ansvarleg for at den einskilde bygning eller eigedom vert merka med adressenummer, eventuelt også brukseiningsnummer på kvar einskild brukseining jf. § 57 2. og 3. ledd i forskriftene til matrikkellova, og etter nærare regler gjeve i § 7 i denne føresegna.
3.For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 md. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk.
4.Adressemyndigheita skal føre kontroll med at desse reglane vert følgde, og gje nødvendige pålegg.
5.Dersom det er føremålstenleg med omadressering for å få eit einsarta adressesystem i kommunen, kan kommunen koste nye husnummerskilt.
6.Kommunen kan ta på seg innkjøp og utlevering av husnummerskilt.
7.Manglande skilt, i samsvar med denne føresegna, kan adressemyndigheita påleggje vert sett opp av innan rimeleg frist. Om dette ikkje er utført innan fristens utløp, kan kommunen syte for at skilting vert utført. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet, og eventuelle nye skilt og monteringsmateriell.
§ 10.Plassering av skilt, materiale og utforming
1.Husnummerskilt skal plasserast slik at det tydleg viser kva bygning/eigedom det er knytte til, og vere plassert slik at det er lett synleg frå gate/veg. Skilt skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngang/innkøyrsle. Samtidig bør husnummerskilt plasserast slik at det er leseleg i mørke.
2.Eigar/festar plikter å sørgjer for at husnummerskilt er godt synlig, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mv.
3.Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og om mogeleg til høgre for inngangsdør og innkøyrsle frå veg.
4.Materiale og utforming for skilt skal vere slik:
a)Vegnamnskilt og tilvisingsskilt iht. Skiltforskrifta kap. II skilt 729.
b)Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Det skal festast solid og haldbart.
c)Skilt skal ha svarte tal og ev. bokstaver, og svart kantbord på kvit eller lys reflekterande botn.
d)Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiar gitt i adresserettleiaren som Statens kartverk har gjeve ut. Skilthøgde 150 mm. og teksthøgde 105 mm.
e)Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemyndigheita, nyttast. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelege tall og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 11.Klagerett

Ved klage over tildeling eller endring av offisiell adresse, kan det klagast på:

a)kva gate, veg eller område eit bygg eller eiendom skal ha adresse til
b)kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
c)feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.

Vegnamn vedteke av namnemyndigheita kan ikkje påklagast.

Klage må sendast skriftleg til Sogndal kommune innan 3 veker etter tildeling av adresse.

Kommunestyret er klageinstans.

§ 12.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i kommunestyret og lovleg kunngjort.