Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Naustdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-02-25-1941
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse05.03.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forNaustdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort05.03.2015   kl. 14.45
KorttittelAdresseforskrift for Naustdal

Heimel: Fastsett av Naustdal kommunestyre 11. desember 2014 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.

§ 1.Adressemynde

Rådmannen er kommunens adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift, i tillegg til førebuande arbeid knytt til fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

§ 2.Namnemynde

Naustdal formannskap er namnemynde i kommunen og har ansvaret for fastsetjing av namn.

Namnemynde gjer vedtak om skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Før vedtak skal namnekonsulenttenesta ha hatt skrivemåten for namna til uttale.

Namnemynde har også ansvar for å gje uttale på vegne av kommunen om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksrett for.

§ 3.Innstillingsmynde

Komité for landbruk, teknikk og miljø har innstillingsmynde i namnesak. Kommunestyret kan vedta anna innstillingsmynde.

Før komiteen gjev innstilling på parsellnamn, skal sogelag og mogleg aktuelt grendelag ha høve til å gje innspel til namneval. Namnesak skal og annonserast på kommunen si heimeside. Kunngjering ut over dette vurderast i kvart tilfelle.

§ 4.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

4.1 Vegadresse, gitt med vegnamn, adressenummer og eventuell bokstav eller
4.2 Matrikkeladresse, gitt med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer med tilhøyrande adressetilleggsnamn eller
4.3 Områdeadresse, gitt med områdenamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav.

Det er kommunestyret som gjer vedtak om kvar det skal innførast vegadresser i kommunen.

§ 5.Nærare om arbeidet til adressemynde og namnemynde
5.1 Ved innføring av vegadresser lagar adressemynde kart som viser dei enkelte adresseparsellane (vegane) med start- og endepunkt og tildeler adressenummer (husnummer) etter reglar gitt i Adresseveileder tilpassa regelverket i matrikkellova, matrikkelføreskrifta og merknadene til denne utarbeidd av Statens kartverk.
5.2 Namnemynde fastset namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane, og eventuelle tilleggsnamn (namn på til dømes bustadfelt og områdenamn). Aktuelle lag, organisasjonar og einskildpersonar i kommunen bør få høve til å komme med forslag til namn. Før namnevalet er gjort, skal skrivemåten fastsetjast etter reglane i stadnamnlova, og registrerast i det sentrale stadnamnregisteret (SSR).
5.3 Adresser kan også innehalde eit adressetilleggsnamn. Som hovudregel nyttar ein gardsnamn som adressetilleggsnamn. Adressetilleggsnamn kan kuttast ut dersom dette gir misvisande informasjon.
§ 6.Retningsliner for val og skrivemåte av adressenamn
6.1 Adressenamna må passe inn i eit samordna adressesystem for kommunen. Namna bør vera lette å oppfatte, skrive og uttale og skal vera unike slik at dei ikkje kan forvekslast med andre eksisterande adressenamn.
6.2 Eit adressenamn bør ha lokal tilknyting på staden og så langt råd er byggje på lokal namnetradisjon.
6.3 Gjennom namnsettinga skal ein så langt råd er verna om og ta vare på lokal kulturarv.
6.4 Skrivemåten skal vera i samsvar med det lokale målføret.
§ 7.Retningsliner for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene
7.1 Adressemynde har ansvaret for å utarbeide tenlege adresseparsellar med innstillingsmynde.
7.2 Startpunkt for nummertildelinga av adresser til veg eller område med eige adressenamn er normalt der vegen eller tilkomsten tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa starte ved første tilkomst i høve til aukande nummerretning på overordna veg.
7.3 Sidevegar til overordna veg bør vera eigen adresseparsell og få eige adressenamn dersom sidevegen er:
a)Kortare enn 200 meter og fører til minst 10 adresseeiningar eller
b)Lengre enn 200 meter og fører til minst 5 adresseeiningar eller
c)Lengre enn 0,5 km og fører til minst 1 adresseeining
7.4 Der adresseeiningar kan knytast til eit naturleg avgrensa område, bør området ha eige adressenamn dersom det i området er minst 20 adresseeiningar.
7.5 Adressemynda kan gjera unntak frå grensene som er sett i punkt 7.3 og 7.4 for å gjera det lettare å finne fram og/eller for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. Det kan også takast kulturhistoriske omsyn ved namnsetjinga.
7.6 Nummereringa langs sidene til ein veg bør gå mest mogleg parallelt. Det bør reserverast ledige adressenummer i tilfelle utbygging.
7.7 Avstandsprinsippet vert nytta i områder med spreidd busetnad. Adressenummer vert då rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter. Eksempel: Ei adresseeining som ligg 400 meter frå der vegen startar får tildelt adressenummer 40.
7.8 Avstandsprinsippet bør nyttast der avstanden mellom dei fleste adresseeiningane er større enn 50 meter.
7.9 Adressemynda kan også nytte ein kombinasjon av tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet.
§ 8.Skilting
8.1 Statens vegvesen har ansvar for tinging, oppsetjing og vedlikehald av vegskilt langs riks- og fylkesvegar.
8.2 Kommunen er ansvarleg for tinging, oppsetjing og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale vegar.
8.3 Alle grunneigarar eller festarar som får tildelt adressenummer til bygg ut frå vegadresse, har plikt til å koste, setje opp og vedlikehalde nummerskilt og eventuelle nødvendige tilvisingsskilt på eigedommen etter nærare reglar gitt under avsnitt 10.
8.4 Adressemynda utarbeidar ein skiltplan for adresseparsellane.
8.5 For eksisterande bygg som får tildelt adressenummer etter vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan eit år etter at adressetildelinga er gjort kjent. For nye bygg skal nummerskilt vera sett opp i det bygget vert teke i bruk.
8.6 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane i dette punktet vert følgde og gje nødvendige pålegg. Pålegg som ikkje vert teke omsyn til, kan adressemynda få utført mot at eigar/festar ber kostnaden.
§ 10.Plassering av skilt, materialval, utforming og utføring/montering
10.1 Nummerskilt og eventuelt tilleggsskilt skal plasserast slik at det er tydeleg kva for bygg det høyrer til. Skilta skal vera lett synlege frå den vegen dei høyrer til, og haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelt bokstav. Samstundes bør skilta plasserast slik at dei er godt leselege når det er mørkt.
10.2 Nummerskilt skal som hovudregel plasserast 2,5 meter over bakken og litt til høgre for inngangsdør og innkjørsle frå veg.
10.3 Det det er vanskeleg å sjå skiltet frå vegen, skal nummerskilt setjast opp i passande høgde på port, innhegning/gjerde, stolpe eller anna egna stad, og om mogeleg til høgre for inngang/innkøyring.
10.4 Dersom nummerskiltet vender mot annan veg enn den adressa er knytt til, skal det under nummerskiltet monterast skilt som viser kva veg bygningen er adressert til – tilvisingsskilt.
10.5 Sjølv om eigedommen ikkje har inngang eller innkøyring frå den vegen som nummerskiltet er knytt til, bør det setjast opp vanleg nummerskilt til vegen. Under nummerskiltet skal det plasserast tilvisingsskilt som fortel frå kva for veg eigedommen har tilkomst.
10.6 I dei tilfella der adressemynda finn at det er naudsynt, kan adressemynda krevje at det vert sett opp suppleringsskilt ved hovudveg, ved kvart hus og ved den enkelte inngang.
10.7 Huseigar pliktar å sørgje for at nummerskilt og tilvisingsskilt er godt synlege, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt og liknande.
10.8 Nummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt materiale. Dei skal festast solid, rustfritt og haldbart.
10.9 Nummerskilta skal ha svarte tal og eventuelt bokstavar, i tillegg til svart kantbord på kvit eller kvitliknande reflekterande bakgrunn. Teksthøgde 105 mm og skilthøgde 150 mm. Skiltbredda varierer med tal siffer og skal vere 150 mm for 1-siffra tall, 220 mm for 2-siffra tall og 280 mm for 3-siffra tall.

Andre skilttypar skal godkjennast av adressemynde.

§ 11.Endring av tildelt adresse
11.1 Før adressemynda med heimel i matrikkelforskrifta § 50 endrar ei adresse, skal eigar/festar til aktuell eigedom eller eigedomsdel ha fått melding og høve til å uttale seg om forslag til endring.
11.2 Eigar/festar kan søke adressemynda om å få endra tildelt adresse til ei meir tenleg adresse. Eksempel: Endre Adressenummer til annan veg som huset på eigedommen har tilkomst til.
§ 12.Klagerett

Tildeling eller endring av adresser kan klagast på etter forvaltningslova VI, jamfør matrikkellova § 46.

§ 13.Forskrifta er gjort gjeldande

Denne forskrifta trer i kraft etter endeleg vedtak i Naustdal kommunestyre 11. desember 2014 og lovleg kunngjering.