Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Flora kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-06-03-710
PublisertII 2014 hefte 3
Ikrafttredelse12.06.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort12.06.2014   kl. 14.40
KorttittelAdresseforskrift for Flora

Heimel: Fastsett av Flora bystyre 3. juni 2014 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21, jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.

§ 1.Føremål og omfang

Føremålet med forskrifta er å leggje til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med, jf. § 4 a og c nedanfor.

§ 2.Adressemyndigheit

Rådmannen er kommunens adressemyndigheit. Adressemyndigheita har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen med tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter.

Adressemyndigheita deler inn kommunens vegnett i adresseparsellar som saksførebuande arbeid knytt til fastsetting av offisiell adresse i form av adressenamn og -nummer.

§ 3.Namnemyndigheit

Rådmannen v/Kultur- og oppvekstutval er kommunens namnemyndigheit. Namnemyndigheita har ansvar for tildeling av vegnamn og gjere vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett. Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer og kommunale landemerke.

Namnemyndigheta er ansvarleg for å gi uttale på kommunens vegner om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for.

§ 4.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

a)Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav.
b)Områdenamn (til dømes namn på hyttefelt) og adressenummer (husnummer).
c)Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn.

Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til. Matrikkeladressenamn/adressetilleggsnamn kan vere gardsnamn.

Statens kartverks «Adresseveileder» leggast til grunn for tildeling av offisiell adresse.

§ 5.Skilting
1.Det er adressemyndigheita sitt ansvar å setje opp og vedlikehalde vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn. I tillegg skal adressemyndigheita i nødvendig omfang setje opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private veger.

For riks- og fylkesveger har Statens vegvesen dette ansvaret.

2.Eigar/festar/tiltakshavar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, er ansvarleg for at den einskilde bygning eller eigedom vert merka med adressenummer, eventuelt også brukseiningsnummer på kvar einskild brukseining, jf. § 57 2. og 3. ledd i forskriftene til matrikkellova, og etter nærare regler gjeve i § 7 i denne forskrifta.
3.For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 md. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk.
4.Adressemyndigheita skal føre kontroll med at desse reglane vert følgde, og gje nødvendige pålegg.
5.Dersom det er føremålstenleg med omadressering for å få eit einsarta adressesystem i kommunen, kan kommunen koste nye husnummerskilt.
6.Kommunen kan ta på seg innkjøp og utlevering av husnummerskilt.
7.Manglande skilt, i samsvar med denne forskrifta, kan adressemyndigheita påleggje vert sett opp innan rimeleg frist. Om dette ikkje er utført innan fristens utløp, kan kommunen syte for at skilting vert utført. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet, og eventuelle nye skilt og monteringsmateriell.
§ 6.Plassering av skilt, materiale og utforming
1.Husnummerskilt skal plasserast slik at det tydleg viser kva bygning/eigedom det er knytte til, og vere plassert slik at det er lett synleg frå gate/veg. Skilt skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngang/innkøyrsle. Samtidig bør husnummerskilt plasserast slik at det er leseleg i mørke.
2.Eigar/festar plikter å sørgjer for at husnummerskilt er godt synlig, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mv.
3.Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og om mogeleg til høgre for inngangsdør og innkøyrsle frå veg.
4.Materiale og utforming for skilt skal vere slik:
a.Vegnamnskilt og tilvisingsskilt etter skiltforskrifta kap. II skilt 729.
b.Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale Det skal festast solid og haldbart.
c.Skilt skal ha svarte tal og ev. bokstaver, og svart kantbord på kvit eller lys reflekterande botn.
d.Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiar gitt i adresserettleiaren som Statens kartverk har gjeve ut. Skilthøgde 150 mm. og teksthøgde 105 mm.
e.Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemyndigheita, nyttast. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelege tall og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 7.Klagerett

Vedtak om adressetildeling og endring kan påklagast i samsvar med forvaltningslova kapittel VI. Klagen skal sendast skriftleg til Flora kommune innan 3 veker etter motteke melding om vedtak. Klageinstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Matrikkellova § 46 bokstav f) gir klagerett på tildeling eller endring av offisiell adresse.

Matrikkelforskrifta § 22 avgrensar klageretten ved tildeling eller endring av offisiell adresse til:

a.kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
b.kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
c.feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.

Vegnamn vedteke av namnemyndigheita kan ikkje påklagast.

§ 8.Iverksetting

Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i kommunestyret og lovleg kunngjort.