Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Førde kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-10-30-1348
PublisertII 2014 hefte 5
Ikrafttredelse06.11.2014
Sist endret
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11, FOR-2007-06-01-592
Kunngjort06.11.2014   kl. 15.15
KorttittelAdresseforskrift for Førde

Heimel: Fastsett av Førde Bystyre 30. oktober 2014 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn.

§ 1.Føremål og omfang

Føremålet med forskrifta er å leggje til rette for effektiv og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med.

§ 2.Mynde 

2.1 Adressestyresmakt

Rådmannen er kommunen si adressestyresmakt og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Rådmannen tildeler offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, samt saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Rådmannen tildeler også adressetilleggsnamn etter oppmoding frå registrert eigar, jf. matrikkellova § 54. 

2.2 Namnestyresmakt

Bystyret er kommunen si namnestyresmakt og har ansvar for tildeling av vegnamn og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Namnestyresmakta avgjer namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellar. Aktuelle lag/foreiningar, verksemder og privatpersoner i kommunen skal ha høve til å kome med forslag til namn.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

a)Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller:
b)Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller undernummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn.

Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til.

c)I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer).
§ 4.Ansvarsfordeling 

4.1 Kartoversikt

Adressestyresmakta lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing. 

4.2 Framlegg om namn

Adressestyresmakta gjer framlegg om namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Framlegg til namn skal sendast på høyring og leggjast ut på kommunen sine heimesider, slik at faste høyringspartar og aktuelle foreiningar/ lag, verksemder og enkeltpersonar i kommunen/ området får høve til å kome med merknadar. Stadnamntenesta for Vestlandet skal ha forslaga til høyring. 

4.3 Namn og skrivemåte

Namnestyresmakta vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak. 

4.4 Reguleringsplan

For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk. 

4.5 Endring av tildelte adressenummer

Adressestyresmakta kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føresegnene. 

4.6 Melding om tildeling av adresse

Adressestyresmakta skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova.

§ 5.Retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn 

5.1 Stadnamnlova

Adressenamn skal fylgje reglane i stadnamnlova. 

5.2 System for adressering

Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Adressenamn skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og allment kjende stadnamn i adresseområdet. 

5.3 Adressenamnet

Adressenamnet bør høve på staden og verke lokaliserande. Det bør byggje på lokal namnetradisjon eller på lokal kultur og historie. Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk. Gjennom namnsettinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv. 

5.4 Namn etter personar

Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er særlege grunnar for dette. 

5.5 Skrivemåten

Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg. 

5.6 Unngå like namn

Unngå i størst mogleg grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområde».

§ 6.Retningslinjer for utforming av adressesystem og nummerering av adressene 

6.1 Startpunkt for nummertildeling

Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut).

Hovudparsellen går til høgre etter siste vegkryss. 

6.2 Hovudregel

Hovudregelen er at alle Europa-, riks- og fylkesvegar skal få eige namn.

Sidevegar bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er:

a)kortare enn 200 m og har minst 20 adresseeiningar.
b)lengre enn 200 m og har minst 10 adresseeiningar.
c)lengre enn 500 m og har minst 5 adresseeiningar.
d)lengre enn 2 km og har minst 1 adresseeining. 

6.3 Områdeadressering

Der adresseeiningane mest tenleg kan knytast til eit naturleg avgrensa område med minst 10 adresseeiningar, bør området ha eige adressenamn. Områdeadressering vert brukt i områder utan klart vegsystem. 

6.4 Unntak

For å gjera det lettare å finna fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene i punkt 6.2 og 6.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. 

6.5 Oddetal og partal

Det skal nyttast oddetal på venstre og partal på høgre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen. 

6.6 Nummerering

Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging. 

6.7 Avstandsprinsippet

Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, til dømes ei adresseeining som ligg på høgre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40. 

6.8 Kombinert med tradisjonell adressering

Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet. 

6.9 Over kommunegrense

Der vegar kryssar kommunegrenser og det ikkje er eit naturlig skilje, t.d. vegkryss, bru eller liknande, så bør vegparsellane vurderast å ha same namn i begge kommunane og ha fortløpande adressenummerering.

§ 7.Skilting 

7.1 Ansvar for oppsetting og vedlikehald

Adressestyresmakta skal setje opp og halde ved like vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn. I tillegg skal adressestyresmakta i naudsynt omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private vegar.

For riks- og fylkesvegar har Statens vegvesen dette ansvaret. 

7.2 Ansvar for husnummerskilt

Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt i samsvar med § 57 (2) i forskriftene til matrikkellova, og etter nærmare regler angitt i § 8. 

7.3 Frist for oppsetting av husnummerskilt

For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 md. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk. 

7.4 Manglande skilting

Manglande skilt kan krevjast sett opp innan rimeleg frist. Er dette ikkje utført innan fristen, skal kommunen sjå til at skiltet blir sett opp. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet og eventuelle nye skilt.

§ 8.Plassering av skilt, materiale og utforming 

8.1 Plassering

Husnummerskilt skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og ev. bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei kan lesast i mørket. Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og om mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg. 

8.2 Pliktar

Eigar/festar pliktar å sørgje for at nummerskilt er godt synlege og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mm. 

8.3 Materiale og utforming

Materiale og utforming for skilt skal vere slik:

a)Vegnamnskilt og tilvisingsskilt, jf. skiltforskrifta kap. II skilt 729.
b)Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast godt.
c)Skilta skal ha svarte tall og ev. bokstavar, samt svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
d)Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgitt av Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm.
e)Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressestyresmakta, nyttast. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelige tall og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 9.Klagerett

Vedtak om adressetildeling og endring kan påklagast i samsvar med forvaltningslova kapittel VI. Klagen skal sendast skriftleg til Førde kommune innan 3 – tre – veker etter motteke melding om vedtak. Klageinstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Matrikkellova § 46 bokstav f) gir klagerett på tildeling eller endring av offisiell adresse.

Matrikkelforskrifta § 22 avgrensar klageretten ved tildeling eller endring av offisiell adresse til:

a)kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
b)kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
c)feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.
§ 10.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i Bystyret og lovleg kunngjort.