Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Eid kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2014-12-11-1939
PublisertII 2015 hefte 1
Ikrafttredelse13.03.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101, FOR-2009-06-26-864-§59
Kunngjort12.02.2015   kl. 15.10
KorttittelForskrift for adressering mv., Eid

Heimel: Fastsett av Eid kommunestyre 11. desember 2014 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova), forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59.

§ 1.Føremål
1.1 Forskrifta gjev utfyllande reglar om namnsetjing, adressetildeling og skilting i Eid kommune.
1.2 Forskrifta skal sikre Eid kommune eit eintydig adressesystem basert på vegadresseforma for alle adresseverdige eigedomar og bygg, slik at det er lett å finne fram i kommunen. I Eid kommune skal matrikkeladresser berre nyttast der det ikkje er hensiktsmessig å nytte veg- eller områdeadresser.

I kraft 13 mars 2015.

§ 2.Geografisk verkeområde
2.1. Eid kommune er eit eige adresseområde, og forskrifta gjeld for Eid kommune.

I kraft 13 mars 2015.

§ 3.Adressemynde
3.1 Kommunestyret er adressemynde. Vidare delegering går fram av kommunen sitt delegeringsreglement. Adressemynda er ansvarleg for adresseforvaltninga i kommunen, og skal adressere i samsvar med matrikkellova og tilhøyrande forskrifter.

I kraft 13 mars 2015.

§ 4.Namnemynde
4.1 Kommunestyret er namnemynde. Vidare delegering går fram av kommunen sitt delegeringsreglement. Namnemynda fastset namn på adresseparsellane og skrivemåten av desse i samsvar med lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.
4.2 Ei lokal namnenemnd skal vere namnemynda sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksrett og uttalerett. Namnemynda vel namnenemnda. Administrasjonen har sekretærfunksjonen under arbeidet og føretar nødvendig saksbehandling og ekspedisjon fram til endelig godkjenning.

I kraft 13 mars 2015.

§ 5.Adressemynda sitt arbeid
5.1 Adressemynda avgjer kva vegar eller område som skal utgjere ein adresseparsell. Områdeadressering kan nyttast i område utan eit klart vegsystem. Inndeling i adresseparsellar med oppgjeve start- og sluttpunkt vert vist i kart utarbeidd av adressemynda.
5.2 Før adressemynda sitt framlegg til inndeling av adresseparsellar vert endeleg godkjent, skal framlegget sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Framlegget skal kunngjerast i minst ei avis som er alminneleg lesen i kommunen og gjerast tilgjengeleg gjennom elektroniske mediar.
5.3 Samstundes som framlegg om inndeling av adresseparsellar vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, skal adressemynda invitere til innsending av namneforslag på adresseparsellane. Invitasjonen skal sendast til kommunen sine grenda-, bygde- og utviklingslag og grunneigarlag og kunngjerast i minst ei avis som er alminneleg lesen i kommunen og gjerast tilgjengeleg gjennom elektroniske mediar.
5.4 Framlegg til namn på adresseparsellane vert utarbeidd av namnenemnda, og lagt fram for namnemynda for førebels godkjenning. Godkjende namneforslag, med eventuelle endringar, skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn i samsvar med krava i matrikkellova og stadnamnlova med tilhøyrande forskrifter.
5.5 Namnenemnda vurderer innkomne innspel og utarbeider endeleg framlegg til namn på adresseparsellane. Adressemynda vedtek namn og skrivemåte for adresseparsellane.
5.6 Når adressenamn er vedteke vert adressenummer tildelt av adressemynda.
5.7 For nye bustad- og hyttefelt skal tildeling av adressenamn skje samstundes eller straks planen er godkjend.

I kraft 13 mars 2015.

§ 6.Prinsipp for val av adressenamn
6.1 Namnet skal vere tilpassa eit samordna adressesystem Der adresseparsellar kryssar kommunegrenser skal adressenamnet samordnast med nabokommunane.
6.2 Namna må vere unike innafor adresseområdet, og bør ikkje kunne forvekslast med andre namn i kommunen eller nabokommunane.
6.3 Namna bør byggje på den lokale namnetradisjonen og passe på staden.
6.4 Namna bør vere varierte.
6.5 Namna må ikkje vere støytande eller komiske.
6.6 Namna bør vere lette å uttale og skrive.
6.7 Namn på nolevande personar skal ikkje nyttast. Namn på avdøde personar og fantasipersonar skal berre nyttast når sterke grunnar talar for dette.
6.8 Skrivemåten skal bygge på den lokale uttalen og elles følgje gjeldande reglar for skrivemåten av stadnamn, jamfør stadnamnlova.

I kraft 13 mars 2015.

§ 7.Reglar for adressesystemet
7.1 Adressesystemet i kommunen byggjer på vedtekne adresseparsellar. Ein adresseparsell er ein veg, vegstrekning eller eit nærare definert område utan vegtilkomst.
7.2 Sidevegar til ein overordna veg bør få eige adressenamn dersom sidevegen
a)er kortare enn 200 meter og fører til minst 15 adresseeiningar, eller
b)er lengre enn 200 meter og fører til minst 10 adresseeiningar, eller
c)er lengre enn 500 meter og fører til minst sju adresseeiningar med fast busetnad eller næringsverksemd.
7.3 Adressenummer vert tildelt med ulike nummer (oddetal) på venstre side og like nummer (partal) på høgre side av vegen. Nummerering av adresseparsellane skal gå mest mogleg parallelt. Der det kan påreknast nye adresseverdige objekt skal det det settast av nummer til desse.
7.4 Adresseparsellar utanfor tettstadane skal nummererast etter avstandsprinsippet, det vil seie nytt husnummer for kvar 10 meter veg rekna frå startpunktet til vegen.
7.5 Så langt råd skal ein unngå omnummerering. Som hovudregel skal ein i staden nytte bokstavering.

I kraft 13 mars 2015.

§ 8.Plikt til å setje opp skilt
8.1 Kommunen har ansvaret for å setja opp adressenamnskilt og nødvendige tilvisingsskilt. Skilta skal utformast slik som skilt nr. 729 i skiltforskrifta (forskrift 7. oktober 2005 nr. 1219).
8.2 Statens vegvesen har ansvaret for å setja opp adressenamnskilt langs riks- og fylkesvegar, jf. matrikkelforskrifta § 57, første avsnitt.
8.3 Eigar eller festar av eigedom som får tildelt adressenummer har plikt til å setja opp, vedlikehalda og kosta nummerskilt og nødvendige tilvisingsskilt.
8.4 For eksisterande bygningar som får tildelt adressenummer til veg eller område, skal nummerskilt og nødvendige tilvisingsskilt vera sett opp innan seks månader etter at eigar eller festar er gjort kjend med adressetildelinga. For nye bygg skal nummerskilt vera sett opp før bygget vert teke i bruk.

I kraft 13 mars 2015.

§ 9.Plassering av skilt
9.1 Nummerskilt og ev. tilvisingsskilt skal plasserast slik at det er klårt og tydeleg kva bygning dei høyrer til. Minst eitt skilt skal vera lett synleg frå vegen som bygningen soknar til. For adresseparsellar som ikkje er vegnamn (områdeadresser) skal skilta plasserast mot naturleg tilkomstveg. Skilta skal haldast reine og heile med tydelege tal og eventuelle bokstavar. Skilta bør i tillegg utformast og plasserast slik at dei lett kan lesast i mørket.
9.2 Husnummerskilt skal som hovudregel stå 2,5 meter over bakken, og så langt råd er til høgre for inngangsdør og/eller innkjørsle frå veg.
9.3 Der skilta på bygningane ikkje kan sjåast frå vegen, skal skiltet plasserast i høveleg høgde på port, innhegning eller stolpe, også her som hovudregel til høgre for inngang eller innkjørsle. Kommunen kan krevja at det i tillegg skal vera skilt ved inngangsdøra i samsvar med nr. 2 ovanfor.
9.4 Nummerskilt og tilleggsskilt skal vera av aluminium eller anna rustfritt og slitesterkt materiale. Dei skal festast på ein trygg og varig måte.

I kraft 13 mars 2015.

§ 10.Skiltet si utforming
10.1 Skilt skal ha svarte tal, og ev. bokstavar, og skal ha svart kant på kvit reflekterande botn.
10.2 Nye husnummerskilt og tilvisingsskilt skal vera i storleik 150 x 150 eller 150 x 220 mm. Tal og bokstavar skal ha ei høgde på 105 mm.
10.3 I heilt spesielle tilfelle, t.d. på bygningar med spesiell arkitektonisk utforming eller av antikvarisk eller stor historisk verdi, kan kommunen godkjenne ei anna utforming av husnummerskilt. Kvalitetskrava i nr. 4-6 ovanfor skal likevel oppfyllast så langt det er råd.

I kraft 13 mars 2015.

§ 11.Kontroll og klage
11.1 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane i denne forskrifta vert følgde og gje pålegg.
11.2 Dersom pålegget ikkje vert oppfylt kan kommunen la arbeid/retting bli utført på eigar eller festar si rekning.
11.3 For klage på vedtak, gjeld reglane om klage i forvaltningslova, matrikkellova og stadnamnlova som vanleg.

I kraft 13 mars 2015.