Adresseforskrift for Stryn kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2015-09-24-1268
PublisertII 2015 hefte 4
Ikrafttredelse12.11.2015
Sist endret
Endrer
Gjelder forStryn kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59
Kunngjort12.11.2015   kl. 14.30
KorttittelAdresseforskrift for, Stryn

Heimel: Fastsett av Stryn kommunestyre 24. september 2015 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59.

§ 1.Føremål og omfang

Føremålet med forskrifta er å legge til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.

Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med.

§ 2.Mynde 

2.1 Adressemynde

Kommunen er adressemynde og har ansvaret for adresseforvaltinga i kommunen. Adressemynde tildeler offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Adressemynde tildeler også adressetilleggsnamn etter oppmoding frå registrert eigar, jf. matrikkelforskrifta § 54. 

2.2 Namnemynde

Kommunen er namnemynde og har ansvar for tildeling av vegnamn og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemynde tek avgjerd om namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellar. Aktuelle lag/foreiningar, verksemder og privatpersonar i kommunen skal ha høve til å kome med forslag til namn. Kryssar vegar kommunegrenser skal nabokommunen ha høve til å kome med uttale.

Namnemyndet er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksrett for. 

2.3 Namnenemnda

Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett.

Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer og landemerke.

Nemnda vert vald av kommunen, og skal ha fem til sju medlemar med vara.

§ 3.Offisiell adresse

Med offisiell adresse meiner ein:

a)Vegadresse gjeven med adressekode, adressenamn (vegnamn), adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav.
b)Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller under nummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn. Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til.

I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer).

§ 4.Ansvarsfordeling 

4.1 Kartoversikt

Adressemyndet lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Staten kartverk. Dersom det er bygg, byggjefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast i kartet, med eventuell avgrensing. 

4.2 Framlegg om namn

Adressemyndet kallar inn namnenemnda til møte og har sekretærfunksjon under møta. Namnenemnda har framlegg til namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast i lokalavisa og på kommunen si heimeside, slik at aktuelle organisasjonar og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknadar.

Stadnamntenesta for Vestlandet skal også ha forslaga til høyring. 

4.3 Namn og skrivemåte

Namnemyndet vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Namnemyndet kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndet har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak. 

4.4 Reguleringsplan

For nye område/bustadfelt der vegadresser skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk. 

4.5 Endring av tidlegare adressenummer

Adressemyndet kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føreskriftene. 

4.6 Melding om tildeling av adresse

Adressemyndet skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltingslova.

§ 5.Retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn 

5.1 Stadnamnlova

Adressenamn skal følgja reglane i stadnamnlova. 

5.2 System for adressering

Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skriva og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn i området. 

5.3 Adressenamnet

Adressenamnet bør høve på staden og verke lokaliserande. Det bør byggje på lokal namnetradisjon eller på lokal kultur og historie. Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk. Gjennom namnsettinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv. 

5.4 Namn etter personar

Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er spesielle grunnar for dette. 

5.5 Skrivemåten

Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg. 

5.6 Unngå like namn

Unngå i størst mulig grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområder».

§ 6.Retningslinjer for utforming av adressesystemet og nummerering av adressene 

6.1 Startpunkt for nummertildeling

Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut). 

6.2 Hovudregel

Hovudregel er at alle Europa-, riks- og fylkesvegar skal få eige namn. Sidevegar bør gjevast eige adressenamn dersom vegen er:

a)Kortare enn 200 m og har minst 20 eksisterande/planlagde adresseeiningar
b)Lengre enn 200 m og har minst 10 eksisterande/planlagde adresseeiningar
c)Lengre enn 500 m og har minst 5 eksisterande/planlagde adresseeiningar. 

6.3 Områdeadressering

Områdeadressering vert brukt i områder utan klart vegsystem der adresseeiningane kan knytast til eit naturleg avgrensa område. 

6.4 Unntak

For å gjere det lettare å finna fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som er sette i punkt 6.2 og 6.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. 

6.5 Oddetal og partal

Det skal nyttast oddetal på høgre og partal på venstre side av vegen sett frå startpunktet av vegen. 

6.6 Nummerering

Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging. Nummereringa fylgjer kanten av vegen inn stikkvegar. 

6.7 Avstandsprinsippet

Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, til dømes ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40.

For stikkvegar som skal adresserast til ein adresseparsell med avstandsnummerering, blir avstanden rekna til der stikkvegen tar av. 

6.8 Kombinert med tradisjonell adressering

Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet. 

6.9 Over kommunegrense

Der vegar kryssar kommunegrenser og det ikkje er eit naturleg skilje, t.d. vegkryss, bru eller liknande, så bør vegparsellane vurderast å ha same namn i begge kommunane og ha fortløpande adressenummerering.

§ 7.Skilting 

7.1 Ansvar for oppsetting og vedlikehald

Adressestyresmakta skal setje opp og halde ved like vegnamnskilt og tilvisingsskilt for adresser med tilkomst frå fellesvegar som ikkje har eige adressenamn. I tillegg skal adressestyresmakta i naudsynt omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse.

Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private vegar.

For riks- og fylkesveger har statens vegvesen ansvaret. 

7.2 Ansvar for adressenummerskilt

Eigar/festar av eigedomen som har fått tildelt adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like adressenummerskilt i samsvar med § 57 (2) i forskriftene til matrikkellova, og etter nærare reglar gjeve i § 8. 

7.3 Frist for oppsetting av adressenummerskilt

For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan seks månadar etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk. 

7.4 Manglande skilting

Manglande skilt kan krevjast sett opp innan rimeleg frist. Er dette ikkje utført innan fristen, skal kommunen sjå til at skiltet blir sett opp. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet og eventuelle nye skilt.

§ 8.Plassering, materiale og utforming av skilta 

8.1 Plassering

Adressenummerskilt skal plasserast slik at det tydeleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synleg frå gate/veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og ev. bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei kan lesast i mørket. Nummerskilt skal som hovudregel stå omlag 2,5 m over bakken, om mogleg til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg. 

8.2 Pliktar

Eigar/festar pliktar å sørgje for at adressenummerskilt er godt synlege og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt m.m. 

8.3 Materiale og utforming

Materiale og utforming for skilt skal vere slik:

a)Vegnamnskilt og tilvisingsskilt, jf. skiltforskrifta kap. II skilt 729.
b)Adressenummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast godt.
c)Skilta skal ha svarte tal og ev. bokstaver, samt svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
d)Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm.
e)Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressestyresmakta, nyttast. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelege tall og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 9.Klagerett

Vedtak om adressetildeling og endring kan påklagast i samsvar med forvaltingslova kapittel VI. Klagen skal sendast skriftleg til Stryn kommune innan 3 – tre – veker etter motteke melding om vedtak. Klageinstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Matrikkellova § 46 f) gjev klagerett på tildeling eller endring av offisiell adresse. Matrikkelforskrifta § 22 avgrensar klageretten ved tildeling eller endring av offisiell adresse til:

a)Kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
b)Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
c)Feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.
§ 10.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå den dato den er vedteken i kommunestyret og lovleg kunngjort.