Forskrift for namnesetjing, adressering og adresseforvaltning, Eidfjord kommune, Hordaland

DatoFOR-2015-09-29-1879
PublisertII 2016 hefte 1
Ikrafttredelse21.01.2016
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§21, FOR-2009-06-26-864-§59, LOV-1990-05-18-11
Kunngjort21.01.2016   kl. 14.45
KorttittelForskrift for namnesetjing m.m., Eidfjord

Heimel: Fastsett av Eidfjord kommunestyre 28. september 2015 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21, jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59 og lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova).

§ 1.Adressemynde

Rådmannen er kommunen sin adressemynde. Adressemynde har ansvar for at adresseforvaltninga skjer i samsvar med reglane i matrikkellova med tilhøyrande forskrift. Adressemynde har ansvar for å dela kommunen inn i høvelege adresseparsellar, fastsetje nummereringsprinsipp og tildele adressenummer innan kvar adresseparsell.

§ 2.Namnemynde

Formannskapet er kommunen sin namnemynde og har ansvar for namnevedtak og gjere vedtak om skrivemåte for stad-/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemynde er og ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegner om skrivemåte for stadnamn/adressenamn der kommunen ikkje har vedtaksmynde.

§ 3.Målbruks- og namnenemnda

Målbruks- og namnenemnda kjem med framlegg til adressenamn og skal gje uttale i saker som gjeld stadnamn og adressenamn før dei vert lagt fram for formannskapet.

§ 4.Offisiell adresse

Med offisiell adresse er meint:

a)Vegadresse oppgjeve med vegnamn, adressenummer (husnummer) og ev. bokstav.
b)Områdenamn (til dømes namn på hyttefelt) og adressenummer (husnummer).
c)Matrikkeladresse, oppgjeve med gardsnummer, bruksnummer og ev. festenummer.

Til offisiell adresse kan og høyra eit brukseiningsnummer og/eller eit adressetilleggsnamn.

§ 5.Prinsipp for val av adressenamn

Fylgjande skal leggjast til grunn for val av adressenamn:

a)Namnet må høve inn i eit samordna system for adressering.
b)Namnet må vere særmerkt for kommunen, og bør ikkje kunne forvekslast med andre namn i kommunen.
c)Namnet bør byggje på lokal namnetradisjon og høve for staden.
d)Namna bør vere varierte.
e)Namnet må ikkje vere støytande eller komisk.
f)Namnet bør vere lett å skrive og uttale.
g)Namn på nolevande personar skal ikkje brukast. Namn på døde eller fantasipersoner skal berre brukast når særlege grunnar ligg føre.
h)Skrivemåten skal byggje på den lokale uttalen og elles fylgje gjeldande regler for skrivemåten av stadnamn.
§ 6.Reglar for tildeling av adressenummer (husnummer/hyttenummer)
a)Nummereringa startar frå kommunesenteret og stig utover mot kommunegrensa.

Ligg vegen ikkje i tilknyting til kommunesenteret, startar nummereringa i den enden av vegen som er naturleg startpunkt sett frå kommunesenteret.

b)Adressenummer vert tildelt med like nummer (partall) på høgre side og ulike nummer (oddetal) på venstre side rekna sett frå startpunkt for vegen.
§ 7.Skilting

Kommunen er ansvarleg for oppsetjing og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private vegar. For riks- og fylkesvegar har regionvegkontoret dette ansvar.

Alle grunneigarar og festarar som får tildelt adressenummer til bygg eller eigedom i vegadresse, plikter å koste, setje opp og vedlikehalde nummerskilt og ev. naudsynte opplysningsskilt på eigedomen etter reglane i § 8.

For eksisterande bygg/eigedomer som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 md. etter at adressetildeling er motteke. For nye bygg skal nummerskilt vere sett opp før bygg vert teke i bruk.

Adressemynde skal føre tilsyn med at reglane vert fylgde og gje naudsynte pålegg, jf. matrikkellova § 48.

§ 8.Plassering av skilt, utforming og materialar
a)Nummerskilt og ev. tilleggsskilt skal plasserast slik at det er tydeleg kva bygg/eigedom/leilegheit det høyrer til. Skilt skal vere lett synleg frå vegen dei høyrer til, haldast reine og heile med tydelege tal og ev. bokstav. Skilta bør plasserast slik at dei er lesbare i mørket.
b)Nummerskilt skal som hovudregel stå 2,5 m over bakken, og sovidt mogeleg til høgre for inngangsdører og innkjørsler frå veg.
c)Er det vanskeleg å sjå skiltet frå vegen, skal nummerskilt og setjast på port, innhegning, stolpe eller anna eigna stad og so vidt mogeleg til høgre for innkjørsla.
d)Eigar/festar plikter å syte for at nummerskilt er godt synlege, og ikkje skjult av tre, busk andre skilt mv.
e)Adressenummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Skilta skal festast solid og haldbart.
f)Skilta skal ha svarte tal og ev. bokstaver, og svart kantbord på kvit eller kvitaktig reflekterande botn.
g)Storleiken på borda skal vere i samsvar med skiltvegleiar frå Statens kartverk.
h)Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemynde, nyttast. Slike skilt må vere av varig materiale, ha tydelege tal og ha god kontrast mot bakgrunnen.
§ 9.Ymse

Statens Kartverk sin «adressevegleiar» og «handbok i adressering» skal leggjast til grunn for tildeling av offisiell adresse.

§ 10.Klage

Tildeling eller endring av adresse kan påklagast etter reglane i matrikkellova § 46.

§ 11.Iverksetjing

Forskrifta gjeld når den er vedteken av kommunestyret og lovleg kunngjort.